Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 24

Denne morgonen er Jenny og Sivert tidleg vakne. Dei har mykje å gjere endå før det blir sjølve julekvelden.

«Vi må ikkje gløyme å sjå om det er eit julekort til oss i dag også» seier Jenny, før dei skal til å klatre ned frå hemsen.  Sivert smiler når han ser bildet på kortet. «Akkurat slik det skal det vere i kveld» seier han. På bildet sit ein nisse og les frå ei bok, rundt han sit det ivrige tilhøyrarar. «Ja, berre at i kveld er det vi som skal fortelje!» seier Jenny.

Etter frukost blir alle med på ein skitur. Blå himmel, kaldt vinterlys på glitrande snø, der berre eit og anna dyrespor bryt opp den kvite flata.

Så er det endeleg ettermiddag. Jenny og Sivert er sprekkeferdige av spenning. Dei sender foreldra inn i hytta, med streng beskjed om ikkje å komme ut før dei blir henta.

Aller først tar dei med seg solsikkefrø og knekkebrødsmular til den gamle furua. I treet sit fuglane og ventar på dei.

Deretter skal dei pynte juletreet dei har henta. Treet står klart utanfor vedskjulet. Dei børstar bort snøen, og plasserer treet eit stykke bortanfor bålplassen. Oppi treet heng dei opp alt det dei hadde putta oppi korga dei gøymde i vedskjulet. Gulrøter, kålrabi, eple, nøtter, kakemenn – ja, alt etandes dei kunne finne får no ein plass i treet. Til slutt heng dei opp dei fine julekorta frå det hemmelege skapet til tippoldefar Jakob. Julekorta som har ført dei ut på det mest spennande eventyret dei berre kunne tenke seg.

Til slutt må dei bortom den staden bak snøfonnene dei hadde vore i timesvis her om dagen. Dei finpussar litt på arbeidet sitt, før dei tenner faklar rundt omkring i snøen. No er dei klare!

Barna hentar dei vaksne som ventar spent inne i hytta. Då foreldra blir vist vegen bak snøfonnene inn mellom faklane, høyres det ut som dei gispar i kor. Dei blir ståande heilt stille og berre sjå. Her står det store troll, alle med seks tær på føtene, nissar – både store og små – nissar som snekrar leiker, nissar som lagar graut, ein krokete, gammal nisse med langt skjegg sit ved det som ser ut som ein peiseld, fullt av fuglar er rundt omkring i snøen, ei stor grautgryte står i ei grue, inn i ei snøfonn er det ei hole, der er ein katt, hjortar, ei skjor – alt laga av snø! Sivert og Jenny fortel. Dei går frå den eine snøfiguren til den andre, og fortel om alt dei har opplevd. Til slutt fortel dei om stormen om natta, og om trolla som bar dei heim – og om julegrauten. Foreldra smiler frå øyre til øyre over historia dei får høyre, og dei flotte figurane som høyrer til eventyret.

«Dette er den finaste julegåva eg har fått nokon gong!» seier far til Jenny. Dei andre er einige.

På veg tilbake til hytta stansar dei eit stykke frå juletreet. «Hysj» kviskrar Sivert. Alle står heilt stille. I det flakkande lyset frå faklane får dei sjå eit fint syn: ved det pynta juletreet står det dyr og et av julepynten! Hjortar tygg i seg gulerøter, fuglar nappar borti kakemennene. Ein hare er bortom for å få seg ein kålrabibit. Dei blir ståande lenge og sjå på dyra. Så listar dei seg i ein stor boge rundt treet, bort til bålplassen.  Dei vil ikkje skremme dyra. Snart kjenner dei varmen frå flammane, der dei sit rund bålet med kvar sin bolle med nissegraut.

Seint på kvelden går Sivert og Jenny til juletreet sitt. No er all maten oppeten – berre julekorta heng der som før. Dei plukkar med seg alle korta og viser dei til foreldra ved bålet. Dei er svært forundra når dei får sjå dei fine korta. Ingen av dei visste at dei hadde vore inni det hemmelege skapet i mange, mange år. «Han var nok ein luring, han Jakob, tippoldefar dykkar», seier Siverts mor  med eit smil.

Jenny og Sivert klatrar opp stigen til hemsen. «Du, Jenny, eg har tenkt lutt på dette med den magiske julebjella», seier Sivert. «Det har eg og», svarar Jenny. Det viser seg at dei har tenkt akkurat den same tanken: Dei hadde eigentlig ikkje bruk for julebjella. Eigentleg  hadde dei då stelt i stand til denne fine julekvelden utan hjelp frå  bjella. «Eg trur vi må gi julebjella tilbake til nissane», seier Jenny. «Dei treng ho visst meir enn oss!» Saman skriv dei på baksida av eit av dei fine, gamle julekorta frå skapet: «Kjære nissar, tusen takk for lånet av julebjella! Vi har hatt den finaste julekvelden vi kunne tenke oss. God jul!»

Dei slepp taustigen ut gjennom vindauget. Begge klatrar ned så stilt dei kan, og festar julekortet på bjella.

Alle de andre julekorta gøymer dei inni skapet igjen.

Snart er lyden av den rolege pusten til to glade, sovande barn, det einaste som kan høyrast frå hemsen.

Ute susar det i lufta av fuglevenger. Kjappe nissehender løftar ei magisk julebjelle opp på sleden – og snart er det berre månen, stjernene – og eitt og anna dyr, tuslande i snøen, som er vakne.