Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 23

«Kva skjer?» mumlar Jenny. Sivert ser seg forundra rundt. Jenny gjespar høgt, og reiser seg opp. No når ho også er vaken, er ho like forundra som Sivert. Dei er i sengene sine – på hemsen! Det siste dei hugsar er at dei fraus så forferdeleg i snøstormen. Jenny meiner å hugse at ho blei løfta – og Sivert hugsar at han vart gynga. Men ingen av dei hadde vakna nok til å forstå kva som hende. No var det morgon, dei kunne høyre dei vaksne dekke bord og gjere klar til frukost.

«Korleis i all verda kan dette ha gått til?» spør Sivert. «Kan hende vi kan finne det ut», seier Jenny, og opnar vindauget. Ho stussar på at taustigen heng ute. Stormen har stilna, dagslyset er på veg. «Sjå der! I snøen!» seier Jenny. Der nede, framfor vindauget ser dei fullt av store fotspor – med seks tær! Dei ser på kvarandre. «Veit du, eg trur det er trolla som har berga oss», seier Sivert. «Då er eg sikker på at dei også fekk Nissejens og fuglane trygt heim!» «Men sjå bak den gamle furua, det blenkjer i noko», seier Jenny, «det er sanneleg den magiske julebjella!» «Trolla er visst snillare enn vi trudde» kjem det frå Sivert.

Men så kjem Jenny på at i dag er det dagen før julekvelden! «Berre dei ikkje har opna vegen…» seier ho. «Eg vil vere her å feire jul», seier Sivert. «Vi får prøve å overtale dei.»

Før dei går ned frå hemsen finn dei fram julekorta. På det øvste kortet er det bilde av ein hest som dreg ein slede. Ein mann og ei dame sit opp sleden. «Så rart – får vi besøk?» lurer Jenny på.

Dei snakkar om heimreise då dei et frukost. Dei vaksne veit ikkje om vegen er opna; sidan det har vore uvêr om natta, er det ikkje sikkert, trur dei. Far og mor til Sivert vil gå på ski bort til vegen etterpå for å sjå.

«Men uansett om vegen er open eller ikkje – vi vil aller helst vere her i morgon», seier Jenny. Dei vaksne ser forundra på dei. «Vil de ikkje heim til julekvelden?» sør Jennys mor. «Vi har no nesten ingen ting å feire jul med, her!»

Då smiler Sivert: «Jenny og eg har ei overrasking – vi lovar det skal bli ei flott jul!» seier han. Jenny nikkar ivrig: «Ja, det er heilt sant – vi lovar!»

Dei vaksne ser tvilande på kvarandre, men så smiler dei, alle fire. «Jaja – som de vil! Sjølv om knekkebrødpakkane i skapet er nesten oppetne, skal vi vel klare oss. Dessutan er det slett ikkje sikkert vegen er open, uansett.» «Jippi!» ropar Sivert og Jenny i kor.

Etter frukosten går barna ut. Først går dei bort til den gamle furua. Den magiske julebjella står der, blank og fin, oppstilt mot trestammen. Fullt av fotspor med seks tær viser kven som har vore der med bjella.

«Det var synd med grauten», seier Sivert. «Det hadde smaka godt med ekte nissegraut julekvelden!» «Kanskje vi skal sjå oss litt rundt» seier Jenny, og går mot vedskjulet. Der inne har dei gøymt korga med viktige ting frå kjøkkenskapet. Jenny strekkjer seg så langt ho klarer for å sjå bak vedstablane. Der ser ho korga dei sjølve har gøymt, men ved sidan av korga står det ein stor bolle. Ein grautbolle! «Tenk, trolla har til og med funne grautbollen, og tatt den også med til oss!» ler Sivert. Dei kjenner seg hoppande glade, for dei veit at denne jula kjem til å bli heilt spesiell!

Plutseleg høyrer dei lyden av bjeller. Dei spring ut for å sjå. Der, opp den siste bakken mot hytta frå vegen, kjem ein hest med ein slede. Oppi sleden sit det to menneske, akkurat slik dei hadde sett på julekortet. Sivert og Jenny blir ståande og gape av forundring. Men foreldra deira kjem ut frå hytta med store smil om munnen.

«Velkommen!» seier dei til dei som no er framme ved hytta. Rundt hesten har hesten ei stor bjelle. Det er den dei har høyrt.

«Ser du, Sivert», seier Jenny, «det er den hesten som sat fast der raset hadde gått.»

«Vi tenkte vi måtte sjå om alt sto bra til her», sa mannen. Sivert og Jenny kjenner han igjen no. Det er han som driv daglegvarebutikken  nede i bygda. Kona hans, som er saman med han, arbeider også i butikken. Kona løftar fram ei kasse frå sleden. «Vi tenkte at sidan vegen endå er stengt for bilkøyring, kunne det hende de trengte litt forsyningar», seier kona. «Vi veit jo at det er så som så med telefondekninga her oppe.»

«Og så lurer vi på om det er nokon av dykk som kjenner til dette tauet?» spør mannen, og held fram eit svart tau. Tauet er lett å kjenne igjen, for det har ein spesiell knute i enden. Sivert og Jenny ser med ein gong at det er det same tauet dei brukte for å hjelpe hesten laus frå steinura. No må Sivert og Jenny fortelje om korleis det hadde gått til då dei fann hesten. Foreldra deira stirer storøygd på dei, for dette visste dei ikkje.

«Ja, eg tenkte nok at det hadde skjedd noko slikt», seier mannen. «Eg var ute og leita etter hesten, utan å finne han, og plutseleg sto han berre der, frisk og fin, med dette tauet rundt halsen.» Mannen og kona takkar barna for hjelpa. Varene dei  har med seg vil dei ikkje ha betaling for. Etter ein kopp kaffi og nokre bålsteikte kakemenn, drar dei ned i bygda igjen. Ved hytta høyrer dei lyden frå bjella ei god stund før det blir stilt.

«Så det er slikt de driv på med når de er der ute på fjellet!» seier Siverts far med eit smil.

Den kvelden lagar dei seg god mat, og sit lenge ved bålet og snakkar. Det er nesten fullmåne, himmelen er full av stjerner, det glitrar i snøen i lyset frå bålet. Både Sivert og Jenny er kriblande glade, julekvelden er i morgon!