Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 22

Det er som vanleg godt å komme inn i nissehuset. Denne gongen kjennes det ekstra godt: dei fem modige venene hadde sett kor glade trolla blei for grauten, og det gjorde at dei også kjende seg glade. Den forferdelege ulinga til trolla var det heilt slutt på.

Nissejens reinskar stemma, ei høgtidelge stemning legg seg i nissehuset. Alle nissane stoppar opp med gjeremåla sine.

«Vi nissar har snakka om ein ting», seier Nissejens. «Gjennom lange, lange tider har vi nissane styra på og stelt i stand til jul. Aldri har vi trengt hjelp til noko som helst. Men denne jula har det hendt ting som vi aldri har vore ute for før. Rett nok har vi hatt  gode menneskevener i tidlegare tider også – no høyrer dei ei humring borte frå peiskroken, der gamlenissen sit – men vi hadde vel aldri trudd at to barn som dykk kunne gjere så mykje nytte!» Alle nissane ler og klappar i hendene. Jenny og Sivert blir litt brydd over dei fine orda. Nissejens held fram: «Derfor har vi bestemt at no er det dykkar tur til å ha julebjella. Hos oss er vi klare til jul – ja, til og med trolla har fått graut, takka vere dykk. Men vi har forstått at heime hos dykk manglar det visst både det eine og det andre for at de skal få ei fin jul. Det er med stor glede vi overlet julebjella til dykk!» Nissane jublar og ropar hurra – og klappar igjen. Det er berre smilande nissefjes å sjå. Jenny og Sivert er mållause! Skal dei verkeleg få ha julebjella? Dei takkar så fint dei kan, og ser på den store julebjella, skinande blank – og magisk. Den er for stor og tung til at dei klarer å få ho med seg åleine, men nissane hjelper dei med å få ho opp på fuglesleden. «Då er det berre å få dykk trygt heim, så de også får feire jul!» seier Nissejens. Sivert og Jenny tar farvel med nissevenene sine. Då dei går ut sender nissemor med dei ein stor bolle med nissegraut. «Sjå her», seier ho – ein veit aldri kva ein kan få bruk for!»

Dei to barna sit godt innpakka i skinnfellar og teppe oppi sleden, på veg heim. «Kanskje vi skal sjå på julekorta igjen?» seier Sivert. Å sjå på korta er nesten som ein adventskalender, kvar gong dei ser på eit kort ventar det dei noko spennande, som ei slags hemmeleg melding. «Kva skal hende no, tru?» undrar Jenny. Julekortet viser eit snødekt fjell i vinternatta. På fjelltoppen fyk snøen, natta ser mørk og kald ut.

I det same kjenner dei ein kald vindgufs. Sleden  kastar på seg, slingrar hit og dit, men det er ikkje på den morosame måten. Plutseleg er dei midt i ein fykande storm! Vinden aukar på rundt dei, fuglane som dreg sleden flaksar i lufta. Nissejens greier ikkje å halde styringa! Eit kraftig vindkast slår sleden så kraftig sidelengs at barna blir slengt ut i lause lufta.  Dei ser ingen ting gjennom snøføyk og mørke. Langt borte høyrer dei Nissejens rope, men så høyrer dei ikkje meir enn lyden av stormen som aukar på rundt dei. Sivert og Jenny landar i snøen rett ved sidan av kvarandre. Snøen er djup og mjuk, heldigvis – sjølv om dei har ramla ned frå stor høgde, slår dei seg ikkje. Men Nissejens, fuglane og sleden er ikkje å sjå nokon stad. Barna ropar så høgt dei kan: «Nissejens! Kvar er du?!» Men stormen sluker ropa deira.

No blir dei for alvor redde. Dei veit ikkje kvar dei er, det er full snøstorm rundt dei – og Nissejens, fuglar og slede er borte. Ikkje ein gong den store julebjella er å sjå. «Håper dei har klart seg», seier Jenny. «Kom, vi må prøve å gå, så vi ikkje blir så kalde!» ropar Sivert gjennom vindkasta. Dei held tett saman, dei skjøner at dei ikkje må miste kvarandre av syne, elles kan dei bli borte for kvarandre. Men det er uråd å gå – vind og snø piskar mot dei, vindkasta blir kraftigare. Dei er så slitne at dei knapt klarer å røre ein fot. Ved ein snøskavl prøver dei å finne ly, dei set seg tett saman for å halde varmen. Men dei frys så dei hakkar tenner. Snart er dei dekt av snøen som fyk rundt dei.

Derfor ser ikkje Jenny og Sivert dei store skuggane som er på veg rett mot dei i stormen.