Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 21

Nisseflokken nikkar. Dei ser nesten litt skamfulle ut, sidan dei ikkje har tenkt ut kva som må til sjølve. Nissejens seier: «De er kloke, de to menneskebarn. Dette rådet skulle vi visst sjølve, vi som alltid passar på at ingen rundt oss skal svelte.»

«Men det er då julekorta som gir oss råd», seier Jenny. Då høyrer dei humring borte frå peiskroken, der Gamlenissen sit, han som var kompis med Jakob, Jenny og Siverts tippoldefar.  Men han seier ikkje noko.

Bildet på kortet viser ein nisse som byr katten på graut.

«Trolla er nok veldig svoltne», seier Nisseguri. «det er kanskje skje så rart at dei uler slik! Vi må finne fram den største gryta vår!»

Dermed er alle nissane i gang med grautkokinga. Nokre hentar gryn og mjølk, mens andre fyrer godt opp i grua. Dei byter på å røre i grauten, for det er tungt arbeid i ei så stor grautgryte.

«Men korleis skal vi få gitt grauten til trolla?» spør Nissejens. «Det veit eg sannelig ikkje om eg torer, trolla er både sinte og farlege!» No blir det stille i nissehusehuset. Alle nissane ser ned i golvet. Nokre av dei drar huene sine nedover andletet. Jenny og Sivert forstår at dei er verkeleg redde for trolla. Barna ser på kvarandre –  dei er einige. «Eg har aldri sett at nokon bli sinte for å få hjelp, og ei god gåve», seier Sivert. «Jenny og eg kan ta med grauten til dei!» Nissane tittar forsiktig opp frå golvet og fram frå huene sine. Så kjem det frå Nissetruls: «Eg er med!» «Eg og!» seier Nisseguri. Nissejens ristar på hovudet. «Nei, dette går ikkje utan mi hjelp, eg blir med å styrer fuglesleden!» Borti peiskroken humrar Gamlenissen igjen.

No planlegg dei korleis dei skal få til denne oppgåva, som både kan vere farefull og vanskeleg. Nissane monterer ein heisemekanisme ved døra, slik at dei klarer å få den store gryta opp og ut. Alle nissane hjelper til med å stable ho opp på sleden, og dytte sleden i gang, så fuglane klarer å dra. Der er ikkje råd å lette frå bakken med den tunge lasta, men fuglane dreg sleden fint bortetter snøen, berre dei har fått opp farta. Dei fem venene går bak og dyttar mellom snøfonner og småbakkar, så ikkje sleden skal køyre seg fast.

 

I trollhola er det ein sørgeleg tilstand. Alle trollungane sit og sturer. Dei finn ikkje på rampestreker ein gong, for dei er svoltne. Trollmor veit ikkje si arme råd, for dei har plukka så mykje bark dei berre kan finne. Det er ikkje stort meir å lage enn sur suppe av vatn og tørka, gamle restar av sopp og gras. Det har snødd så mykje at det er vanskeleg å finne noko dei kan bruke til mat. Dessutan er dei både sinte og triste for at dei blei lurt av nissane og dei to menneskeungane. Dei blei snytt både for julegraut og julebjelle.

«Det blir nok aldri noko jul hos oss trolla», sukkar Trolltufsen. Dermed er ulinga i gang igjen. Alle trolla sørgjer i kor.

«Kva er dette?» Det er Trollhufsa som spør. Ho har akkurat drege pusten inn gjennom nasen for å samle nok luft til eit kraftig trollul. Alle dei andre trolla også sniffar og luktar ut i lufta. « Eg trur sanneleg det luktar graut, eg», kjem det frå Trollgufse. «Det er nok berre lureri og terging», seier Trollmor trist. «Grauten er nok ikkje for oss troll, denne gongen heller.» Men trollungane er svoltne. Dei ber så fint dei kan om at dei må gå og sjå. Kanskje det verkeleg er graut å få denne gongen? Etterkvart skjøner Trollmor at dei må berre prøve. No er det ingen ting å passe på i hola, så dei labbar ut i snøen og natta, heile trollflokken. Lukta blir kraftigare etter kvart som dei går. Dei kjenner svolten gnage i magane.

 

Nede på sletta ved foten av trollfjellet står sleden med grautgryta. Litt lenger bak står Jenny, Sivert og nissane. Det er ikkje fritt for at nissane skjelv litt, men dei vil ikkje vere dårlegare enn dei to menneskebarna ved sidan av seg. Dei må vere modige. Trolla nærmar seg forsiktig. No roper Nissejens: «Grauten er til dykk, vi veit at de er svoltne! Vi vil ikkje at nokon skal mangle mat i jula – vær så god!» Trolla stansar. Kan det vere sant? Dei mumlar seg i mellom. Så ropar Trolltufsen: «Ikkje noko lureri?» Nissane forsikrar trolla om at alt er som det skal, grauten er til dei. «Berre ver så snill å løfte gryta ned frå sleden», seier Nissejens. No er trolla framme ved gryta. Saman løftar dei ho ned frå sleden, og straks høyrest berre godlydar og grautslurping frå trolla. Nissane, Sivert og Jenny listar seg bort til fuglesleden og klatrar oppi. «God jul!» roper dei i kor til trolla, som er altfor opptatt med å ete til å kunne svare.

«De må bli med ein tur inn i nissehuset før vi køyrer dykk heim igjen» seier Nissejens. «Vi har ei lita overrasking til dykk!» Nissane ser på kvarandre og smiler lurt.