Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 20

Sivert og Jenny sprett opp samstundes – begge lys vakne! Rundt dei er det mørkt, dei skjøner at det er midt på natta, og at dei er på hemsen. Dei ser seg undrande rundt, og lurer på kva som vekte dei. På vindauget ser dei det: ein snøball er i ferd med å gli nedetter den blanke glasflata. Dei forstår straks kva som er på gang.

«Fort! Taustigen!» kviskrar Jenny. Sivert er ikkje sein, på ein blunk er taustigen ute av vindauget, og begge er på tur ned mot bakken i ei fart.

Nede i snøen står Nissejens, rett bortanfor han står sleden og alle sledefuglane. Dei kan lett sjå på Nissejens at det er noko som ikkje er som det skal.

«Kva har hendt?» spør Sivert,

«Kan de ikkje høyre det?» svarar Nissejens. «Fort, opp i sleden! Vi treng hjelpa dykkar!» Sivert og Jenny ser undrande på kvarandre, og først no er det som dei blir klar over lyden: skarp, skjerande uling! Den lyden dei har høyrt før, og som dei i går høyrde endå tydelegare! No er det som om lyden riv i lufta rundt dei. Dei skundar seg opp i sleden, og pakkar seg inn i skinnfellane så dei ikkje skal fryse. Det er berre Nissejens som er i sleden, han styrer fuglane rett opp og rett fram – og rett ned – ingen tid til morosame krumspring i lufta. I denne farta er det ikkje råd å snakke, dei får ingen svar av Nissejens.

«Vi må visst få hjelp frå julekorta for å få svar», seier Jenny. Sivert dreg fram eit kort frå lomma – heldigvis hugsa han å  ta med bunken med kort frå det hemmelege skapet då dei for.

«No skjøner eg», kjem det frå Jenny, då ho ser på kortet. «Det er trolla dette handlar om igjen. Det er trolla som lagar denne forferdelege lyden!» «Men sjå», seier Sivert – «det ser ikkje ut som dette trollet har det så bra! Han ser både duknakka og trist ut, der han går.»

No er barna spente på kva det er nissane vil ha hjelp til. Etterkvart er dei framme ved døra til nissane. Nissejens opnar, og dei smett inn. Straks er den grufulle lyden som klipt bort. Her inne i nissehuset kan dei ikkje lenger høyre den intense ulinga frå trolla.

Der er alle nissane samla midt i rommet. Det er julepynt over alt, varmt og koseleg, med fyr i peisen, lukta av graut og julekaker  – og i arbeidskroken står det stabla store mengder med ferdig innpakka julegåver. Barna trur at dette må vere alle leikene nissane har laga, og som dei sjølve også har vore med på å reparere. På silkeputa, midt i rommet, står julebjella – skinande blank og magisk! Sivert og Jenny kan ikkje forstå kva som kan vere gale, alt ser perfekt ut!

«Vi er så takksame for alt de har hjelpt oss med», seier Nissejens, «vi hadde aldri fått stelt i stand til jul, hadde ikkje de hjelpt oss med å hente julebjella tilbake!»

«De har kanskje allereie skjønt kva som er problemet no?» held Nisseguri fram. «Trolla er svært lite nøgde med situasjonen, dei har ula ustanseleg sidan julebjella blei henta frå hola deira.»

«Dei kan tydelegvis ikkje forstå at julebjella er vår!» seier Nissetruls med sint stemme. «Vi må berre få slutt på denne ulinga – vi kan då ikkje feire jul i slikt spetakkel. Kva skal vi gjere?»

Sivert og Jenny ser på kvarandre. Dei trur nok dei veit svaret. Men for å overtyde nissane vil dei ha litt magisk hjelp. Som dei har opplevd mange gonger allereie, reknar dei med at den hjelpa kan hentast frå julekorta. Sivert skundar seg å hente fram eit kort frå jakkelomma si. Saman studerer barna og nissane bildet. Det er stille ei lang stund. Etterkvart ser det ut til at alle forstår kva kortet fortel dei, alle nissane nikkar.

«Då er det berre å sette i gang!» smiler Jenny.