Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 19

Sivert og Jenny blir lenge borte. Foreldra deira styrer inne i hytta. Det er eit og anna som må reparerast. Det var planen å bruke desse ekstra feriedagane no i førjulstida til både å reparere småting som var øydelagt, og å hogge nokre tre som dei skulle stable som ved i vedskjulet. Dei har nok å gjere, så dei merkar ikkje først at barna er så lenge borte. Men så mørknar det ute.

«Skal tru kva dei har på gang no?» undrar Jennys mor. «Vi får vel gå og sjå etter dei – dei klarer seg nok fint der ute, eg er ikkje redd for det – men dei oppfører seg litt rart, syns ikkje de også det?» Dei tre andre nikkar. Dei finn fram lommelykter, kler på seg og er akkurat klare for leiteekspedisjon, då Sivert og Jenny kjem trampande inn døra. Dei har raude kinn og glade auge.

«Vi skal berre hente lommelyktene, vi kjem snart inn att!» seier Sivert, og før foreldra rekk å svare, er dei to barna ute att. Dei vaksne kan sjå lysa frå lommelyktene som forsvinn bak snøhaugane. Dei ser på kvarandre. «Det er nok best å gjere som vi snakka om», seier far til Sivert, «om berre vegen opnar igjen, så reiser vi heim og feirer jul. Vi har ingen ting å lage til jul med her!» Dei andre nikkar og er einige.

Ei god stund seinare kjem Sivert og Jenny inn igjen. Dei ser veldig lure ut, men vil ikkje seie noko om kva dei har styra med der ute. Dei vaksne er i dårleg humør. No fortel dei om planane om å reise heim, om vegen blir opna. Men til si store overrasking blir Sivert og Jenny lei seg!

«Vær så snill – kan vi ikkje vere her?» ber Sivert. «Men det blir då ingen jul når vi ikkje har julegåver, julemat og julepynt», seier far til Jenny. Jenny og Sivert seier ikkje meir, men dei håper inderleg at vegen ikkje blir opna før julaften. Dei vil vere her på hytta. Dei er dessutan snart ferdige med planane sine. Det blir ikkje meir snakk om dette. I staden blir det bålfyring og nye spennande historier om tippoldefar Jakob, dyr, nissar og troll.

«Kva er den lyden?» kjem det plutseleg frå Siverts mor. Alle lyttar. Dei kan høyre ein ulande lyd, langt borte. «Ein slik lyd har eg aldri høyrt før.» seier Jennys far. Men Sivert og Jenny ser på kvarandre. Lyden minner faktisk om noko dei har høyrt før…

Seint på kvelden er Sivert og Jenny oppe på hemsen.

«Vi må ikkje gløyme å sjå på julekorta i kveld, heller», seier Jenny. Dei hentar korta ut frå det skjulte skapet i veggen. Bildet på det øvste kortet viser eit vakkert pynta juletre. Ei jente og ei dame i fine kjolar står ved sidan av treet og smiler.

«Dette kortet er frå 1912 – det står på baksida», seier Sivert. «Tenk, 106 år gammalt!»

«Eg veit kva det tyder», smiler Jenny lurt. «Eg og», svarer Sivert. No må dei halde seg vakne til det er heilt stilt nede, til dei er sikre på at forledra søv. Dei vaksne er tydelegvis trøytte etter all trehogsten, for snart høyrer dei to barna snorkelydar inne frå begge soveromma. Dermed klatrar dei stille og forsiktig ned stigen frå hemsen, og listar seg bort i skapet i kjøkkenkroken. Der plukkar dei med seg det dei meiner å ha bruk for, og legg alt ned i ei korg. Så listar dei seg ut i vedskjulet og gøymer korga bak ein av dei høgaste vedstablane. Barna er trøytte. Etter å ha vore i vedskjulet sovnar dei straks. Der inne i hytta kan dei ikkje høyre like godt ulinga i det fjerne, og som stadig stig i styrke.