Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 18

Neste morgon vaknar Sivert først av alle. Han ristar i Jenny.

«No må du vakne!» Vi har mykje å gjere i dag!» Jenny strekkjer seg, gjespar – og er klar. Dei listar seg ned stigen frå hemsen. Alt er stilt og mørkt i den vesle hytta. Foreldra søv endå godt, for det er grytidleg på morgonen.

I skapet i kjøkkenkroken hentar dei dagens porsjon med solsikkefrø som dei strør inntil stammen på den gamle furua. Inst i skapet finn dei det dei treng: kveitemjøl, sukker og hjortesalt. Hjortesaltet og sukkeret er heilt størkna, det har nok stått i skapet lenge. Jenny fyrer i omnen, parafinlyktene blir tent. På gassblusset kokar dei opp snøvatn dei hentar ute i bøtta.

«Kanskje vi skal lage kaffi også, no når vi er så godt i gang?» foreslår Sivert. Den gode kaffilukta breier seg snart i den vesle hytta. Sivert og Jenny høyrer romstering inne på soveromma, og der kjem fire trøytte ansikt tittande forundra fram.

«Har de laga kaffi?» kjem det frå eit av dei trøytte ansikta «Så koseleg!» Snart sit dei alle rundt frukostbordet. Jenny og Sivert viser kva dei har gjort: ein stor klump med julemanndeig står klar til å bakast ut!

«Så har vi litt julegodsaker til jul likevel!» seier Jenny. «Det er då kjempefint,» seier mor til Jenny, «men korleis i all verda skal vi kjevle ut dette? Vi har då inga kjevle her? heller ingen kakeformer?» Då ler Sivert og Jenny. «Vi bruker ei tomflaske til kjevle – og ein kniv til å skjere ut kakefigurane! Då kan vi lage akkurat kva vi vil!» seier Jenny. «Vi tenner bål i ettermiddag og steiker kakene på ei steikeplate  på bålet», held Sivert fram. Foreldra synes dette er ein god idé.

 

Denne dagen blir det ein lang skitur på heile gjengen. «Det kjennes mykje mildare ut i lufta» seier Siverts far. «Berre det ikkje går fleire ras!» «Det er endå ei stund til vi skal reise heim, eg tenkjer dei klarer å opne vegen igjen til då» seier Jennys mor.

 

Det er litt seinare på dagen, etter skituren, at Jenny og Sivert ser fugleflokken komme mot seg. Dei er akkurat ute i vedskjulet for å hente ved.

«Kva kan det vere no, tru?» undrar Sivert. «Det ser ut som dei vil oss noko!» «Kom igjen, vi går etter dei!» seier Jenny. Dei skundar seg inn med veden. Dei finn ut at det er best å bruke skia, og spenner dei på seg. Dermed kjem dei seg fort fram, etter fugleflokken, som heilt tydeleg viser veg.

Jenny og Sivert har plukka med seg ting dei kan få bruk for frå vedskjulet: ein spade, tau og nokre gulerøter i fall dei blir svoltne på vegen. Dei hugsar kor svoltne dei hadde blitt då dei henta juletreet. Fuglane viser veg til ei bratt ur. Den er rett ved vegen, som endå er stengt av snøraset. Fuglane flaksar og kvitrar – og der ser barna kva som har hendt. Det står ein hest der nedi ura, det ser ut som han står fast! Hesten vrinskar då han oppdagar barna. «Stakkars, han er nok redd!» seier Sivert. «Vi må sjå kva som er gale.» Dei nærmar seg forsiktig, steg for steg. Det er enklare å ta seg fram utan skia i denne steinura. Jenny kjem på at dei har med seg gulerøter i sekken. Dei held dei fram mot hesten, mens dei snakkar roleg til han. Snart er dei så nær at dei kan klappe han forsiktig. Hesten står fast med eine foten i klem mellom to steinar. No finn dei to søskenbarna fram tauet og spaden. Jenny festar tauet rundt halsen til hesten, så han ikkje skal springe før dei har fått han heilt laus. Dei håper han ikkje er skada. Sivert grev med spaden klarer å få laus den eine steinen. Snart er hesten fri! Han vrinskar og baksar i snøen, men han ser ut til å vere heilt uskadd. «Eg er sikker på at bonden leitar etter han», seier Jenny. «Men han har sikkert vore på feil side av raset.» «Akkurat no hadde det vore fint om vi hadde dekning på mobiltelefonen.» seier Sivert. Så kunne vi ha varsla nokon i bygda om hesten. Men dei veit frå før at her oppe på fjellet er det nesten aldri råd å ringje. Hesten løftar føtene i den djupe snøen, barna leier den forsiktig i tauet. Men så ser det ut til at hesten vil klare seg sjølv. Dei slepp tauet, hesten går forsiktig ned mellom steinane. Det ser ut til at han veit kva veg han skal ta, for han får snart god fart på seg. Barna blir ståande å sjå etter han, og håper han finn vegen heim til eigaren. Snart er hesten ute av syne. Det er fuglane også. Men denne gongen finn Sivert og Jenny lett vegen heim att.

 

Dei luktar bålet på lang avstand. Foreldra har gjort klart til julemannbaking! På bordet inne i hytta blir deigen kjevla ut med ei tomflaske dei fann i skapet. Dei flottaste figurar blir skore ut frå deigen: hestar, grisar, fuglar, nissar og troll. Det blir mykje latter og moro. Figurane endrar seg når dei esar ut på steikeplata over bålet. Men dei smakar fantastisk! Barna gløymer heilt å fortelje om hesten.

 

Dei to barna sit ved kjøkkenbordet og et nysteikte julemenn og drikk saft. Saman ser dei på julekorta dei har henta oppe på hemsen. Dei vaksne er ute og høgg ved som dei stablar i vedskjulet. «Sjå på dette!» seier Sivert,  «dette må vere veldig gammalt!» Dei studerer bildet. Det er utan fargar, i svart og kvitt. Motivet på bildet er av ei jente som står ved sidan av ein snømann. «Kva kan vere meininga med dette, tru?» lurer Sivert på. «Men det er da lett! Kom!» ropar Jenny. Dei tar på seg vottar og huer og stryk på dør. «Kva skal dei no, tru?» seier Siverts mor, og ser etter dei, der dei blir borte i snøhaugane.