Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 17

«Kva er det som har hendt?» spør Jenny. No fortel foreldra deira at det har gått eit snøras om natta. Dei hadde vakna av buldringa midt på natta – og no på morgonen hadde dei vore ute for å undersøke kor raset hadde gått. Det viste seg at raset hadde gått over den einaste vegen frå bygda og opp på fjellet.

«Vi er innestengt!» seier mor til Sivert. Barna ser spørjande på dei vaksne. «Det betyr at vi ikkje kjem oss ned i bygda for å handle», seier Siverts far. «Men har vi ikkje alt vi treng?» undrar Sivert. No vekslar dei vaksne blikk. «Eh, nei», seier Jennys mor «vi har faktisk ikkje julemat, julegodteri, julemarsipan, julebrus og alt anna vi vanlegvis har i jula, Vi hadde då tenkt å handle inn til jul i bygda – og det rekk vi ikkje no, når vegen er stengt av raset, og det straks er jul!»

«Utruleg at de ikkje vakna av bulderet frå raset i natt» seier Jennys far, «de må ha vore veldig trøytte!» Barna ser fort på kvarandre. Dei vaksne skulle berre ha visst!

«Å, vi klarer oss nok!» seier Jenny. Ho og Sivert har andre planer i dag enn å bry seg med julemat og snop.

Foreldra ser storøygd på dei. Dei undrar seg på kvifor barna ikkje bryr seg – det hadde ikkje plaga dei at julepynten og gåvene var igjengløymt, heller! Kva i all verda var dette?

 

Jenny og Sivert spring ut så snart dei har fått i seg frukosten. Og der, rett under vindauget til hemsen står den: kjelken! Dei må le, desse julekorta som dukkar opp er verkeleg magiske! Korleis dette har gått til er ikkje lett å skjøne, men Jenny og Sivert finn fram trugene i boden, for dei skal gjere som bildet på julekortet viser: hente juletre!

Snøen er djup og tung å gå i, men det gjer ikkje noko når dei har truger på føtene. Då kjem dei seg fram der dei vil. Før dei går er dei bortom den gamle, krokete furua. Dei ser ikkje fuglar i treet akkurat no, men dei veit at dei vil komme tilbake. Sivert og Jenny har lommene fulle av solsikkefrø som dei dryssar under treet.

Det er ikkje lett å finne juletre, skal det vise seg. Dei to søskenbarna går langt innover i fjellet. Det er ikkje mykje tre som veks så høgt oppå fjellet, så dei skjøner at dei må komme seg lenger ned. Dei leitar og ser overalt, men det ser ut som den siste snøen som kom då raset gjekk har gøymt bort alt.

Dei er nær ved å gi opp då dei igjen får hjelp. Ein fugleflokk kjem kvitrande og flaksande rundt dei. Kor dei kom frå, anar ikkje barna, men dei flyg og flaksar framfor dei, så dei forstår dei vil vise dei noko. Eit godt stykke lenger framme i snøen ser dei ein liten grantust stikke opp frå snøen! Heldigvis har dei med seg spader, slik at dei kan grave fram det vesle treet.

«Sjå, kor fint!» seier Jenny. «Akkurat passe stort, også» seier Sivert og smiler. Men ingen av dei to har prøvd å sage tre før! Det blir litt av eit slit, dei må byte på med saginga, for det er tungt.

Endeleg er treet felt, og dei kan leggje det på kjelken. Dei to har arbeidd så hardt og vore så opptatt med saginga at dei ikkje har merka at det igjen snør tett rundt dei. Det er ikkje mykje dagslys igjen, og dei kjenner at dei er svoltne. Denne gongen har dei visst ikkje førebudd seg godt nok: ingen nistemat – og heller ikkje lommelykter! Dei hadde ikkje tenkt at det skulle ta så lang tid. I snøen rundt dei er spora deira borte. Dei veit rett og slett ikkje vegen tilbake til hytta!

«Kva gjer vi no?» undrar Sivert, «Her er det ingen nissar som kan hjelpe oss – og dei magiske julekorta er ikkje med! Dei ligg i lomma på den andre jakka mi.» Dei set seg ned på kjelken for å tenke. «Har du meir solsikkefrø i lomma?» spør Jenny. Det har Sivert. No strør dei frøa utover snøen der dei sit. Dermed tar det ikkje lang tid før hjelpa kjem: fuglevenene nappar i seg frøa, og er straks på vengane. Dei flaksar framfor Sivert og Jenny, som går etter dei.

Det blir heilt mørkt mens dei baksar seg framover i snøen. Men fuglane er heile tida rett ved, så det er ikkje vanskeleg å sjå dei. «Sjå der!» seier Jenny og peikar. Der ser dei lys frå to lommelykter! Dei høyrer også høge rop: «Sivert! Jenny!» Det er dei kjende stemmene til Siverts foreldre som er ute og leiar etter dei. Dermed tar det ikkje lang tid før dei er tilbake i den varme hytta.

Kveldsmaten smakar himmelsk, syns barna, skrubbsvoltne som dei er.

 

Denne kvelden blir det ikkje noko bål ute. Det snør tett. Sivert og Jenny er slitne etter den lange turen, og kryp opp på hemsen. Før dei legg seg til å sove finn dei fram dei gamle julekorta. Det øvste kortet i bunken viser ei jente som bakar julekaker.

«Kva er meininga med dette?» undrar Jenny. «Eg trur eg veit det», smiler Sivert. «Eit nytt oppdrag ventar oss i morgon!»

 

Dei søv tungt, begge to. Derfor kan de ikkje høyre lyden –  ein svak, ulande lyd i det fjerne…