Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 16

Jenny og Sivert står som stivfrosne og stirer opp mot den mørke himmelen.

«Trolla kan då ikkje komme frå lufta?» spør Jenny. Det kan dei sjølvsagt ikkje. Trolla høyrer dei rett bortanfor seg, dei kjem dundrande og hoiande mot dei, berre nokre meter unna! Akkurat i den augneblinken dei to barna ser rett inn i dei sinte trollfjesa, glir fuglesleden ned for landing, rett framfor dei!

«Fort! Hopp inn!» roper Nissejens. Jenny og Sivert kastar seg inn i sleden, Nissejens og Nissetruls tar tak i armane deira så det går endå raskare å komme seg opp i sleden. Straks flyg fuglane opp i lufta – dei rasande trolla står i snøen og glor slukøra etter dei, der dei forsvinn inn i vinternatta.

Dei to søskenbarna er glade og letta over at alt har gått bra. Dei reknar med at Nisseguri er tilbake i nissehuset med julebjella allereie. Fuglesleden landar, og dei fire i sleden kan komme seg inn i det gode, varme, trygge nissehuset. Der er det fyr på peisen, alle nissane surrar omkring – glade, smilande og dansande. Julebjella er på plass på den raude puta midt i rommet.

Barna blir takka av alle. Den beste nissegraut som tenkast kan blir servert, Sivert og Jenny et alt dei orkar. Mesteparten av maten dei hadde med seg har dyra fått, så grauten gjer godt i dei svoltne magane.

«Takka vere dykk to modige menneskebarn er jula redda her i nisseverda – og også hos menneska, skal de sjå!» seier Nissejens. Sivert og Jenny kjem på julekortet dei såg akkurat før dei blei plukka opp av nissesleden. Sivert smiler lurt, og kviskrar til Jenny: «Eg trur eg veit kva det tyder. Kom!» Dermed dreg han med seg Jenny bort i den enden av rommet der dei øydelagde leikene framleis ligg i haugar. Ingen har gjort noko med dei, nissane kan visst ikkje ta seg til med noko som helst utan julebjella. No er heldigvis bjella på plass, så det kan hende det blir ei råd. Men det er ikkje lenge til jul, tida er knapp om dei skal få reparert alle leikene som skal vere julegåver. Jenny smiler: «Eg skjønar, berre å sette i gang!» Dermed går dei to barna i gang med å reparere leiker. Gyngehesten får salen på ryggen igjen – og ny man. Dokkene får bein og armar på plass, leikeelefanten får hjul under beina igjen. Etterkvart som Jenny og Sivert reparerer, kjem fleire og fleire av nissane og tar i eit tak. Etter ei stund er alle leikene i orden igjen. Glade, nøgde og slitne kryp Jenny og Sivert opp i benken ved varmen. Gamlenissen sit og nikkar og smiler. «No fortener de sanneleg ein kvil», seier han. «Men ta ein titt på julekorta no», held han fram. Sivert stikk handa i lomma og dreg ut eit julekort. Dette kortet har bilde av ei jente og ein gut som dreg ein kjelke etter seg. Oppå kjelken ligg eit juletre. «Dette skjøner eg ingen ting av» seier Sivert, og gjespar. «Ikkje eg heller», mumlar Jenny trøytt.

«Men det gjer eg», humrar Gamlenissen frå kroken ved varmen.

Sivert og Jenny svarar ikkje. Dei har sovna.

 

Begge barna bråvaknar. Dagslyset skin gjennom vindauget. Det er tydelegvis langt på dag, dei ligg begge i sengene sine på hemsen. Det tar litt tid før dei skjøner kvar dei er – og hugsar kva dei har vore med på om natta.

«Eg trur vi har blitt frakta heim i sleden mens vi sov», seier Jenny. «Tenk at vi ikkje merka det!» kjem det frå Sivert. «Vi var nok skikkeleg trøytte!»

Dei høyrer romstering og lydar nede frå stua. «Hallo, der oppe – no er det dag for lenge sidan!» høyrer dei der nedanfrå.

Då Sivert og Jenny kjem ned for å få seg frukost ser dei fire engstelege, triste ansikt rundt seg. Jennys far kremtar, så seier han: «Eg er redd det har hendt noko i natt…»