Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 15

Sivert og Jenny torer knapt røre seg. Dei må ikkje bli oppdaga, om det då er eit troll som er der!

«Hei – det er berre meg! Vi må skunde oss!» seier ho som no dukkar fram i mørkret med kjelken. Det er Nisseguri! Dei hjelper kvarandre med å løfte den tunge julebjella opp på kjelken. Søskenbarna pustar letta ut.

«Vi må ta ein annan veg ned frå fjellet» seier Nisseguri, trolla vil sjå etter oss den vanlege vegen. «Kom, vi dreg kjelken bortover her først, før vi akar nedover fjellsida.»

 

Trollmor vaknar av lyden av trampande trollføter i hola. Ho sprett opp, litt ør etter å ho sove, men lest som ho har vore vaken heile tida. Trolla fortel om den mislykka turen etter graut.

«Jaja, men vi har no heldigvis julebjella,» seier Trollmor, «snart blir det så mykje graut at vi knapt klarer å ete han opp!»

«Vi får løfte bjella ut av gryta og finne ut korleis ho verkar», seier Trollgufse. «Ja, no er det sannelig på tide med både graut og julestell her!» seier Trolltufsen. Tre av trolla går bort til gryta. Dei blir ståande og stire ned i gryta. «Kva er det?» spør Trollhufsa. «Bjella er ikkje her!» ropar Trolltufsen. No kjem alle trolla strøymande til gryta. Alle kikar oppi – dei kan nesten ikkje tru det er sant – gryta er tom! Eit jamrande rop stig stig opp frå hele trollflokken i kor! Så ser Trollgufse rasande mot buret. Han vil få jentungen til å fortelje kva som har hendt med bjella. Men buret er tomt – døra står open, på vidt gap! Ropet frå trolla stig endå sterkare, opp gjennom holet i trollholetaket, og ut i den mørke natta.

 

Ute i fjellsida høyrer Jenny, Sivert og Nisseguri ropet til trolla. Dei ropar så høgt at fjellet rister. «No må vi verkeleg skunde oss!» seier Nisseguri», «trolla er straks ute på leiting!»

Dei skjøner at ikkje alle kan få plass på den vesle kjelken  –  julebjella tar nesten heile plassen.

«Nisseguri, du må ake med bjella, vi klarer oss», seier Jenny. Nisseguri ser tvilande på dei, men Sivert nikkar. «Har vi klart oss til no, greier vi vel å komme oss tilbake også», seier Sivert. «Skund deg!» Dermed forsvinn kjelken med Nisseguri og julebjella nedover fjellsida, og er snart ute av syne. Dei to barna kravlar, sklir og stampar i snø, rett som det er ramlar dei og rullar eit stykke, før dei igjen er på beina. Det er bratt i fjellsida, rett som det er må dei hjelpe kvarandre opp frå søkk og snøfonner.

Det var på høg tid dei kom seg av garde, for bak seg kan dei høyre ropande, trampande troll! «Tenk om dei har oppdaga spora etter oss!» seier Jenny. Lyden av trolla kjem stadig nærare. Dei to barna spring så fort dei klarer i den djupe snøen. Men trolla haler innpå dei. Dei har skjønt for lenge sidan kor dei er, sjølv om barna har tatt ein annan veg.

«Vi må finne ein stad å gøyme oss, eg trur ikkje vi rekk å springe frå trolla!» seier Sivert. «Men her er det då berre snø og fjell», kjem det engsteleg frå Jenny. «Kan du ikkje hente fram julekorta, kanskje får vi eit råd, det har då hendt fleire gonger!» Sivert skundar seg å dra fram julekorta frå lomma. Bildet viser ein nisse, med leiker av alle slag rundt seg. «Men dette er då ikkje til noko hjelp!» seier Jenny fortvila. «Vi kjem oss ikkje herifrå med dette!»

No er trolla så nære at dei kan sjå omrisset av dei mot månen. Denne gongen står Sivert og Jenny heilt rådville.

«Kva gjer vi no?» seier Sivert.