Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 14

Trolla travar i veg, så muntre og glade troll klarer å bli. Dei kjenner grautlukta og gler seg.

Trollmor er allereie langt inni draumeland. Ho ligg på golvet ved sidan av grua der gryta står, og snorkar med ein kraftig dur.

Sivert følgjer rådet på julekortet: nedi sekken har han peparkaker. Dei fleste peparkakene er knust etter at sekken blei slengt rundt omkring i snøraset, men han finn til slutt eit heilt, fint peparkakehjarte. Det held han fram – og før han veit ordet av det står det ei skjor framfor han. Skjora vippar på stjerten og skakkar på hovudet – og  et opp heile peparkaka på ein blunk! Ho står roleg framfor Sivert. Det skin i dei kvite fjøra, og den lange, svarte stjerten vippar opp og ned. Sivert finn fram nøkkelen, skjora tar han i nebbet sitt, og spankulerar innover i hola. Sivert står i holeopningen og ser at skjora trippar rett bort til buret. Jenny har oppdaga både Sivert og skjora. No strekkjer ho handa ut mellom bursprinklane og får tak i nøkkelen! Sivert peikar på gryta og opp i lufta rett over gryta. Jenny nikkar og forstår. Sivert vil klatre opp på det som er taket i trollhola. Der er det eit hol i framspringet på fjellet. Det er det holet som er rett over grua der trollgryta står, og der røyken frå varmen stig opp og ut når trolla lagar barkegrauten sin.

Jenny er så glad for at Sivert har funne henne! No vrir ho om nøkkelen i låsen på buret så forsiktig ho klarer. Ho må ikkje lage ein einaste lyd, for då kan Trollmor vakne. Ho opnar døra til buret uendeleg sakte, slik at døra ikkje skal lage lyd på dei rustne hengslene. Jenny listar seg steg for steg mot grua. Meir enn ein gong kvepp ho til av at Trollmor snorkar ekstra høgt. No er Jenny ved gryta, ho ser opp, og ventar på at Sivert skal vere klar til å gjere sin del av planen.

Sivert er omsider oppe på trollholetaket. Det er bratt, mørkt og vanskeleg å finne fotfeste på iskledde steinar som stikk fram i snøen, men han klarer det. Frå sekken finn han fram eit langt tau og ein krok dei fekk med frå nissane. Han festar kroken i tauet med ein solid knute. Sakte, sakte firar han tauet ned gjennom holet i taket. Rett under står Jenny klar. Endeleg er tauet med kroken rett over gryta! Jenny skundar seg å ta tak i kroken før han treff julebjella som ligg i gryta. Det ville blitt litt av ein lyd om kroken slo borti bjella! Ho festar kroken i ringen på bjella, rykkjer forsiktig eit par gonger i tauet så Sivert skal forstå at alt er klart. Ho står heilt i ro og ser at bjella sakte, sakte blir løfta ut av gryta. Jenny passar på at bjella ikkje kjem borti gryta, for då vil sikkert Trollmor vakne av lyden. Så listar ho seg med lydlause steg ut av hola. Ho må klatre opp til Sivert på trollholetaket og hjelpe han med å få bjella heilt ut av hola.

Samtidig er trolla framme ved målet. Dei har gått etter lukta, strake vegen mot bålet nissane har tent for å varme grauten i gryta. Den siste biten har ikkje lukta vore så sterk, men dei ser røyken frå bålet, så dei veit kor dei skal.

«Hoho – no blir det graut!» hoiar trollet som kjem først fram. «Vent på oss!» ropar dei andre. Men så høyrest eit brøl! «Gryta er tom! Ingen graut!» ropar trollet som kom først. Alle dei andre kjem bort og ser det same: gryta er reinsleika og tom. Ikkje så myke som eit einaste grautgryn igjen! Så ser dei i snøen rundt bålet. Der er det alle slags dyrespor frå hjort, rev, hare og alle andre dyr som finst i fjellet, og som har forsynt seg av den gode grauten. Godt gøymt bak tuer og snøskavlar sit Nissejens og dei to andre nissane godt gøymt og humrar og ler, då dei ser dei slukøra trolla.

«No må vi skunde oss», seier Nissejens. Dei tre nissane skil lag.

«Trolla er sure, sjølvsagt. Men eit av trolla seier: «Vi har då heldigvis julebjella! No er det berre å få den til å fungere, så har vi så mykje graut vi berre vil». Dei andre trolla nikkar. «Kom igjen, vi skundar oss heim til hola!» ropar eit anna troll. Dermed stryk dei av garde i samla flokk.

På holetaket strevar Sivert og Jenny med å få den tunge julebjella ut gjennom holet i taket. Dei må vere forsiktige, dei er redd småstein kan lausne og ramle ned i hola. Då vil garantert Trollmor vakne og sjå kva som hender! Men dei klarer det – endeleg er bjella ute! «No gjeld det å komme seg herifrå!» seier Jenny.

Sivert leitar i sekken etter lakenet dei skal dra med seg julebjella på. Men lakenet ligg i Jenny sin sekk, og den har trolla tatt! Sekken ligg sikkert i trollhola, men inn dit torer dei ikkje gå no!

«Vi må berre prøve å få med oss bjella på eit eller anna vis», seier Sivert. Akkurat då høyrer dei trolla rett ved. Dei er allereie tilbake ved hola!

Dei kan oppdage at bjella er borte kva augneblikk som helst!» seier Sivert, «Kva skal vi gjere?» seier Jenny, «vi kjem oss ikkje fort nok herifrå!»

«Vi ser om julekorta veit råd!» seier Sivert, som straks stikk handa i lomma og dreg fram eit kort. I månelyset ser dei bilde av ei nissejente på ein kjelke. «Ein slik kjelke er akkurat det vi hadde trengt no!» seier Jenny. «Men sjå, eg sysnes denne nissejenta på bildet ser litt kjent ut?»

Akkurat då høyrer dei ein lyd rett bortanfor der dei står, begge snur seg fort, kan det vere trolla som har oppdaga dei?