Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 13

«Kva kan det vere?»  Nissejens står midt på golvet i nissehuset og lyttar. Dei andre nissane stoppar også opp med det dei driv på med for å høyre betre.«Kakk, kakk, kakk» høyrer dei frå døra ned til huset. Nissejens skundar seg til døra og opnar. Der står sledefuglen med eit kort i nebbet. Nissejens takkar fuglen og gir han korn. Han snur og vender på kortet, men forstår ikkje kva det kan tyde! Han går bort i peiskroken der gamlenissen sit og småsøv. Nissejens ristar i han og viser han kortet. Då bråvaknar gamlenissen og sprett opp frå stolen: «Dette er frå Sivert og Jenny, forstår du vel», seier han. «Noko har hendt – og med kortet her ber dei om hjelp! Fort, fort, nissar, her må det kokast graut!» Dei andre nissane hadde ikkje skjønt kvifor Sivert og Jenny skulle ha med seg gryte og grautgryn, men det hadde gamlenissen! «Dei hadde sjølvsagt tenkt å varme grauten på eit bål, slik at den gode lukta frå grauten skulle lokke trolla ut frå hola! Når alle trolla var ute på leiting etter den gode grauten, ville det vere enkelt å hente julebjella i hola. «Men no må noko ha hendt, sidan dei må ha hjelp frå oss!» seier gamlenissen. Snart er grauten ferdig, det er berre å varme han på bål når dei finn ein høveleg plass ute på fjellet. Mens grauten kokar spring Nissejens rundt og pakkar med seg slikt dei kan komme til å trenge. Nissetruls og Nisseguri melder seg igjen til å vere med – og snart er alt klart til ein ny ekspedisjon ut frå nissehuset.

Sivert er først redd, for han ser ikkje med ein gong kva dei store skuggane kan vere! Men så ser han det: det er dei to hjortane som Jenny og han ga mat til tidlegare den natta! No kjem dei for å hjelpe Sivert! Sivert kan nesten ikkje tru sine eigne auge då han ser at sekken hans heng i horna til den eine hjorten! Dei to fine dyra trakkar og trakkar rundt Sivert, så snøen blir stampa saman, og snart klarer Sivert å komme seg laus. Han finn fram mat til både seg og hjortane frå sekken. No gjeld det å komme seg til trollhola og hjelpe Jenny – han er sikker på at trolla har tatt henne med dit. Å finne fotspor no etter snøraset, kan han berre gløyme. Men han finn vegen likevel, for han veit omtrent kor høgt oppe i fjellsida hola er. Mens han går tenker han på kortet han sendte med fuglane. Han håper at nissane forstår!

Det blir ein tung tur for Sivert, for snøen er djup, og det er bratt. Omsider er han like ved hola. Han finn same gøymeplassen han hadde sist, då dei hadde oppdaga at trolla hadde julebjella. Han høyrer at trolla snakkar der inne, og strekkjer seg så langt fram han torer for å høyre betre.

«Usj, denne bjella virkar endå ikkje!» brummar eit av trolla. «Vi har no pussa ho så godt vi kan». Seier eit anna troll. Eit anna troll ropar innover i hola: «Du må vel vite korleis vi skal få denne dumme julebjella til å lage graut og pynte til jul?» Då ser Sivert buret inst i den mørke hola. Han ser også Jenny der inne! Han hadde hatt rett, det var trolla som hadde fanga henne. Brått kjem han på kva nøkkelen på kortet tyder: det er sjølvsagt nøkkelen til buret! Fuglane visste kva nøkkelen var til og ville hjelpe. Sivert tenkjer så det knakar. Korleis i all verda skal han klare å låse opp buret? Han må lokke trolla ut av hola! Han opnar han sekken sin. Han og Jenny hadde planlagt å lage graut på bål, og lokke trolla ut av hola med grautlukta. Men det kunne ikkje Sivert klare åleine – han kunne ikkje vere to stader på ein gong.

«Tenk om dei magiske julekorta kan hjelpe meg igjen», tenker Sivert, og tek fram eit av korta frå lomma si. På bildet ser han ei skjor, og ein gut, omtrent på hans eigen alder, som gir noko til skjora. Han ser nøye på bildet. Det er ei peparkake guten har i handa. Sivert tenker så det knakar i hovudet: Kva kan vere meininga med dette bildet?

Akkurat då kjenner han ei lukt. Ei nydeleg lukt. Lukta av nykokt graut! Sivert smiler for seg sjølv. No veit han at nissane har forstått kortet fuglane tok med. Dei hjelper Sivert med planen! Det er ikkje berre Sivert som kjenner den gode lukta. No høyrer han frå trollhola: «Ååååh, kjenn på den gode grautlukta! Er det julebjella som endeleg er i gang?» Sivert ser at trolla stimlar saman rundt gryta som står i grua. «Nei, akkurat like tom gryte her!» «Men kjenn, lukta kjem frå utsida av hola! Det luktar mykje – då må det vere mykje graut!» Trolla kranglar om kva dei skal gjere. Svolten gneg i tarmane, den gode grautlukta freistar, og julebjella er endå ikkje i gang med noko som helst. Dei vil ikkje gå frå julebjella, tenk om nissane kom og tok den mens dei var ute. Til slutt blir dei einige om at ein av dei skal halde vakt i hola, mens dei andre finn grauten. Trollmor melder seg frivillig til å halde vakt, ho er for trøytt til å bakse seg ut i snøen. Ho vil nytte høvet til å kvile seg litt. «Men då må de ta med graut heim til meg!» seier ho morskt.» Det lovar trolla, og legg i veg ut gjennom trollhola, den vegen nasen peikar, mot den gode grautlukta. Sivert har gøymt seg ekstra godt, og sit heilt urørleg på gøymestaden sin. Ingen legg merke til han, til det er svolten for stor hos trolla. Det er endeleg håp om graut!

Det tar ikkje lange stunda før Sivert høyrer Trollmor geispe høgt inni trollhola. «Det kan då ikkje gjere noko om eg tar ein bitteliten lur mens dei andre hentar graut», mumlar ho for seg sjølv. «Jenta er innelåst i buret, nøkkelen borte for alltid. Eg gøymer bjella så ho er heilt trygg. Det er då ingen som vil merke at eg har slumra litt». Sivert ser at ho løftar julebjella opp i den tomme grautgryta.

No gjeld det å få låst opp for Jenny, så dei kan vere to om å få tak i julebjella. Julekoret har gitt eit godt råd, no veit Sivert korleis han skal få Jenny ut av buret.