Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 12

Trolltufsen og Trollgufse kjem hoiande inn i trollhola.

«Sjå kva vi fann!» ropar Trolltufsen, mens Trollgufse opnar sekken, og Jenny kjem til syne. Ho er ør og fortumla, redd – men aller mest sint! Ho hoppar fram på golvet og trampar i golvet: «Slepp meg ut herifrå!»

Men trolla ler så det rungar i hola. «Ja, dette var god fangst, gutar!» seier Trollmor. «Vi set ho i buret, så veit vi kor vi har ho!» Dermed grip sterke trollhender tak i Jenny, løftar ho opp og set ho i eit  stort bur som står lengst inn i trollhola, i ein mørk krok. Trolltufsen vrir om ein stor nøkkel som står i låsen på utsida av buret, ler høgt og kastar nøkkelen ut av trollhola, ut i snøen!

Jenny blir fortvila, korleis skal ho komme seg ut herifrå no? Og korleis skal det gå med planen ho og Sivert hadde? Han klarer ikkje gjennomføre han åleine!

 

Sivert trakkar seg oppetter fjellsida i trollspora. Han er så opptatt med å ikkje miste sporet, at han ikkje høyrer buldringa frå fjellet. Han merkar det ikkje før det er for seint! Plutseleg blir han velta overende av snø som rasar nedetter fjellsida. Snøen riv han med seg, han merkar at han har mista sekken sin. Han blir dregen med av snømassane i vill fart! Då ferda endeleg er over ved foten av fjellsida, har han snø rundt seg på alle kantar. Heldigvis er hovudet over snøen så han kan puste, men kroppen sit heilt fast i tettpakka snø! Sivert klarer så vidt å røre armane. Litt etter litt har han hendene fri, men klarer ikkje få laus føtene. Han sit heilt fast! Sivert er fortvila. Jenny er fanga av trolla, og her sit han, utan å kunne komme seg nokon veg. Sekken er borte – utan det som er pakka ned i sekken kan han ikkje utføre planen om å få tak i julebjella.

Sivert veit inga råd. Men så høyrer han som ein sus i lufta. I mørkret er det ikkje så lett å sjå kva det kan vere, men han slepp å undre seg lenge: ein stor fugleflokk landar i snøen like ved han. Desse fuglane har han sett før! Det er nissane sine sledefuglar! Ein av dei har noko hengande rundt halsen! Sivert er sikker på at det er den fuglen Jenny og han hjelpte utanfor hytta. Fuglen flaksar rett mot Sivert. Han strekkjer ut eine handa og løfter forsiktig av det som heng i ei snor rundt halsen på fuglen: det er nøkkelen han såg på julekortet! Denne nøkkelen må vere viktig sidan den var på kortet, og fuglane no kjem hit med han, tenker Sivert. Kan nøkkelen ha noko med Jenny eller trolla å gjere? Sivert ser på fuglane. Dei flyg ikkje sin veg, det ser ut som de sit der på snøen og ventar på noko.

«Kanskje korta kan gje råd ein gong til?» seier Sivert til seg sjølv, og klarer så vidt å få handa nedi jakkelomma. Han har klart å lage seg eit litt større rom i snøen rundt seg, men føtene sit endå heilt fast. Fingrane hans får tak i eit kort som han lirkar fram frå lomma. Sjølv om det er mørkt, skin månen såpass godt at Sivert kan sjå kva det er bilde av på julekortet. Ein nisse sit ved peisvarmen og rører i glørne – og over elden heng ei grautgryte! No forstår Sivert kvifor fuglane sit og ventar. Han strekkjer handa med kortet fram mot fuglen som hadde gitt han nøkkelen, fuglen tar straks kortet i nebbet – og med det same er heile fugleflokken i lufta. Sivert høyrer berre susen frå vingane då dei forsvinn i mørkret. No gjeld det at nissane får kortet, og at dei forstår kva dei skal gjere.

Men Sivert sit framleis fast i snøen. Attpåtil kjenner han at han blir kald. «Berre eg ikkje frys i hel,» kviskrar han til seg sjølv. Han kjenner gråten som ein klump i halsen.

Då er det at han høyrer det: lyden av steg i snøen! Den lyden har han høyrt ein gong før i natt! Sivert stirer inn i mørkret, to mørke skuggar kjem mot han.