Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 11

«Dei må vere svoltne!» seier Sivert. «Så mykje som det har snødd no, er det ikkje så lett for dei å finne mat.»

Jenny dreg fram den store nistepakken nissane sendte med dei. Det er altfor mykje mat til dei to. Jenny og Sivert bryt store bitar av brøda dei har med, og legg bitane på snøen. Dei veit begge at det ikkje er all slags mat ein kan gje til dyra. Men brødet frå nissane er korkje salt eller søtt. Dei finn også fram frukt og grønsaker som dyremagane kan tole, og  legg dei på snøen.

«Dette vil vere til hjelp akkurat no», seier Jenny «heldigvis er det slik at dei stort sett klarer å finne seg mat sjølve, men all den nye snøen kan ha gøymt bort maten dei elles finn.» Søskenbarna gøymer seg bak dei små fjellbjørkene igjen, og ventar. Dei hadde sett heilt rett: fram mellom furustammane kjem det to hjortar. «Sjå kor fine dei er», kviskrar Sivert. Hjortane værar ut i lufta, finn ut at det akkurat no ikkje er fare på ferde. Dei tygg i seg alt det barna har lagt fram til dei. Sivert og Jenny sit heilt stille og ser på. Dei kjem ikkje fram frå gøymestaden sin før hjortane har gått sin veg, vidare inn i den mørke vinternatta.

«No må vi skunde oss!» seier Sivert. «Vi må få tak i julebjella!» «Eg håper planen vår er god», seier Jenny. «Vi må vere forsiktige!»

Dei baksar seg vidare i den djupe snøen.

 

Det dei to venene våre ikkje veit, er at i trollhola har trolla oppdaga at det har vore folk og nissar i nærleiken!

«Trollgufse og Trolltufs – de må finne ut kva som går føre seg der ute på fjellet», seier Trollmor. Ho står med den knekte kvisten i handa, og studerer samtidig eit nissefotspor på det skitne holegolvet. «Her har vore nissar!» «Og folk!» ropar Trolltufsen frå utsida av hola. «Trur dei vi er dumme?» brummar han vidare. «Dei har prøvd å børste vekk spora sine, akkurat slik vi brukar å gjere, men dei har hatt det travelt – her kan ein tydeleg sjå sporet etter ein menneskefot!»

«Trøste, bære og hjelpe oss» jamrar Trollmor, «dei veit sikkert at vi har julebjella!» Då ler Trollgufse godt: «Som om dei skulle klare å hamle opp med oss store, sterke trolla! Nei, desse små nisse-og menneskekrypa skal vi nok halde styr på!» Trolltufsen og Trollgufse ler så magane dissar, og går ut i vinternatta på leiting etter inntrengjarane.

 

Sivert og Jenny nærmar seg staden dei har tenkt seg ut. Det er ein dristig plan de har pønska ut. Meininga er å lokke trolla ut frå hola, og hente ut julebjella frå trollgryta mens trolla er ute. Julebjella er tung, men dei skal klare å få ho med seg ved å dra ho etter seg på eit laken. Lakenet ligg fint samanbretta i sekken til Sivert. Det er stort sett nedoverbakke heile vegen til nissehuset, så det meiner dei vil gå bra.

«Du Jenny, » seier Sivert, som går fremst. Dei har gått eit langt stykke, utan å snakke med kvarandre. «Kva trur du om å rigge seg til her?» Men Jenny svarar ikkje. Sivert snur seg, han kan ikkje sjå Jenny nokon stad! Han torer ikkje rope, i fall nokon andre enn Jenny kan høyre han, men han kviskrar namnet hennar så høgt han kan, mens han leitar etter spora hennar. Bak seg i snøen kan han berre sjå sine eigne spor! Han går så fort han kan og  følgjer spora sine tilbake for å sjå kor det har blitt av Jenny.

 

Jenny har stoppa opp. Ho synes ho høyrer ein lyd bak seg. Kunne det vere fleire svoltne hjortar? Ho lyser med lykta si bortetter den kvite snøen. Plutseleg blir alt mørkt rundt henne! Lommelykta blir reven ut av handa hennar, og ho får noko mørkt tredd nedover heile seg! Er ho putta oppi noko stort? Ho prøver å rope på Sivert, men nokon held ei stor hand framfor munnen hennar utanpå det som må vere ein sekk – det er ikkje råd å rope! Ho ristar og skumpar rundt inni sekken –  ho blir frakta av garde i stor fart.

 

Sivert blir meir og meir engsteleg. Då ser han endeleg Jenny sine spor i snøen i strålen frå lommelykta si. Men ikkje berre hennar spor – han kan tydeleg sjå to par spor til, store, djupe spor i snøen – med seks tær! Då forstår han kva som har hendt med Jenny.

«Kva skal eg gjere no?» tenker Sivert. Han veit det er trolla som har tatt med seg Jenny. «Korleis skal eg klare å hjelpe henne heilt åleine?» seier han høgt ut i lufta. Litt lenger borte ser han eit svakt lys i snøen. Han grev fram lommelykta til Jenny.

Plutseleg kjem han på julekorta! Kanskje julekorta kan gje eit råd denne gongen også? Han dreg korta fort opp av lomma si. Det første han ser er eit kort med bilde av fuglar som sit på snøkledde greiner! Dei liknar på den fuglen dei hadde funne utanfor hytteveggen, og som også dreg nissesleden! Men kva tyder den store nøkkelen som ligg i snøen under greinene?