Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 10

«Skal vi gå inn og ta med oss bjella?» spør Nisseguri. «Søv trolla godt nok, tru?» seier Nissetruls. Dei sit alle musestille på gøymestaden sin og lyttar. Akkurat i et same kjem det ein kjempesnork inne frå hola, så venene våre skvett til. «Det høyres ut som dei søv godt» seier Sivert. «Eg vil prøve», kviskrar Nisseguri. Før dei klarer å stoppe ho, er ho på veg inn i hola! Dei andre held pusten, der dei står gøymt ved inngangen. Nisseguri listar seg på lydlause steg innover i hola. Men ho ser ikkje så godt i mørkret. Ho ser ikkje kvisten som ligg på golvet. Plutseleg høyrest ein skarp smell  – det er den tørre kvisten som knekk då Nisseguri trakkar på han!

Trolla bråvaknar og sprett opp, men dei er endå i soveørska, så dei tomlar rund der inne i mørkret, dultar borti kvarandre, ramlar og snurrar rundt seg sjølv! Det er eit forferdeleg styr der inne! Heldigvis er Nissguri rask i vendinga, ho er ute av hola på ein blunk. Mens trolla surrar rundt og lurer på kva som vekte dei, er dei fem venene på veg nedover fjellsida så fort dei berre klarer. Nissetruls går bakerst og børstar bort fotspora deira i snøen, etterkvart som dei spring nedover. Trolla må ikkje vite at dei har vore der – eller at gøymestaden for julebjella er oppdaga!

Turen ned frå trollhola går mykje fortare enn opp, snart er dei ved steinen og spora dei hadde sett på julekortet. Der dei møtte katten, ser dei sine eigne spor i ring. Hadde det ikkje vore for katten, hadde dei aldri funne fram.

Resten av vegen er lett å finne. Det har ikkje snødd på ei stund, så dei ser sine eigne spor heile vegen tilbake til nissehuset. Men no er dei nøye med å skjule spora sine.

 

Dei kjem seg inn i nissestua, der nissane har fyrt på peisen og gjort så godt dei kunne for å rydde opp etter at trolla hadde vore der og øydelagt leikene. Men nissane er triste og mismodige. Det er ikkje mykje der som minner om den trivelege stunda då det var full juleaktivitet og nissefest.

No stimlar alle nissane seg saman rundt dei modige ekspedisjonsfararane. Dei er spente på kva dei har funne ut. Nissejens, Nissetruls, Nisseguri, Sivert og Jenny fortel i munnen på kvarandre. Nissane ser endå tristare ut no, etter å ha høyrt kva som har hendt med julebjella. Nisseauga lyser av skrekk då dei får høyre om at dei nesten vart oppdaga då modige Nisseguri sneik seg inn i hola.

«Men eg trur Sivert og Jenny har ein plan», seier Nissejens, og gløttar bort på barna. Dei nikkar ivrig.

«Ja, det har vi, Men vi treng litt utstyr!» seier Sivert. «Det må vel bli ei råd med det – få høyre» seier Nissejens.

Etterkvart som Sivert og Jenny fortel kva dei treng, spring nissane rundt og leiter. Dei finn alt som trengs.

«Så treng vi berre ei gryte og grautgryn til slutt», seier Jenny. Nissane ser forundra på henne, men spring og hentar gryte og gryn.

«Denne gongen trur eg vi må gå åleine», seier Sivert. «No kan vi vegen, det snør heller ikkje, så vi har god sikt, rett mot det høgaste fjellet, der hola er.» «Jo fleire vi er, desto lettare er det for trolla å oppdage oss», seier Jenny.

Nissejens ser tvilande på dei. Han skjøner dei har rett, og han veit at dei er smarte, desse to menneskebarna. Dei diskuterer litt fram og tilbake, til slutt går nissane med på at barna skal gå åleine.

Dermed går Sivert og Jenny endå ein gong ut i den mørke vinternatta.

Dei veit kva dei må gjere, men med det same dei står der åleine ute i den mørke natta, kjenner dei seg små og redde. Sivert tar seg saman: «Kom igjen, vi må gjere det som skal til!» «Du har rett, av garde med oss!» svarar Jenny.

For andre gong denne natta er dei på veg til trollhola. Det er eit stykke å gå, men no kan dei i alle fall vegen. Månen har titta fram mellom skyene, himmelen blenkjer med millionar av stjerner. Plutseleg stoppar Sivert. «Hysj, eg høyrde ein lyd», seier han. «Kva er det?» spør Jenny, men ho ventar ikkje på svar, for no har ho også høyrt lyden. Det er lyden av skritt som går i snøen! Lyden kjem borte frå nokre krokete furuer som står i ei klynge like ved. Sivert og Jenny er snare å dukke ned bak nokre små fjellbjørker som stikk opp av snøen.

«Kven kan det vere», kviskrar Jenny engsteleg. «Finn fram korta, Sivert, det kan hende det er eit bilde på kortet som kan fortelje oss noko!» Sivert stikk handa i lomma og dreg fram dei gamle postkorta. På kortet som no ligg øvst er det bilde av ei gammaldags tine.

«Ei slik ei var det inne hos nissane», seier Jenny, «akkurat lik denne!» «Var det ikkje den dei henta nistemat til oss frå?» undrar Sivert. «Men kva kan denne tina ha med desse lydane borte ved furuene å gjere?» kviskrar Jenny, og ser engsteleg bort mot der lydane kjem frå. Sivert står heilt i ro og stirer mot furuene. Brått lyser han med lommelykta rett mot det største treet, og der ser dei ei rask rørsle, det blinkar, som om lysande auge stirer rett mot dei mørkret. Så er alt stille, og ingen ting å sjå. Men både Sivert og Jenny rekk å sjå kva det er som gøymer seg i mørkret – og dermed skjønar dei også kva bildet på kortet tyder. Dei smiler til kvarandre, og Jenny opnar sekken sin.