Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 5

Først høyrer dei berre denne lyden – som om det susar og sprakar i lufta. Så ser dei gneistrande lysglimt, og der er den: sleden! Det er sjølvsagt den som har laga spora i snøen!  Fremst i sleden sit nissen med den raude hua, og bak han sit det fleire nissar! Det er ikkje godt å sjå om dei sit oppi eller heng bakpå sleden – til det er avstanden endå for stor. Men gneistrar gjer det frå sleden, der den skjær seg gjennom lufta. Det aller merkelegaste er at sleden blir dregen av småfuglar! Nokre har raudt bryst, andre gult, andre igjen er grå. Akkurat som fuglane i den gamle, krokete furua. Fuglen som flyg fremst liknar akkurat på den vesle fuglen Sivert og Jenny hadde funne i snøen!

Fuglane og sleden med nissane nærmar seg fort og landar i snøen rett framfor Sivert og Jenny. Dei står der berre, ingen av dei har endå sagt eit ord, så forundra er dei.

«Hopp om bord!» ropar nissen med den raude hua. Alle de andre nissane hoppar ned frå sleden, kjem mot dei to søskenbarna og bukkar djupt. Før Sivert og Jenny har rukke å seie så mykje som eit pip, sit dei sleden, godt innpakka i skinnfellar, og kjenner at dei er på veg høgt opp i lufta! Det blir ei underleg reise. Nissane ler og hoiar, fuglane flyg opp og ned, hit og dit , med sleden dinglande etter seg – det kjennes ut akkurat som å sitje i ei  berg-og dalbane! Sivert er først litt redd, men etterkvart gløymer han redsla, for det er faktisk  mest moro! Når han tittar bort på Jenny, skjøner han at ho kjenner det på same måten. Jenny kjenner kor det kilar i magen når sleden fer opp og ned i full fart– dette må vere verdas beste karusell! Snart hoiar og ler dei, akkurat slik som nissane.

«Hald dykk fast!» ropar nissen med den rade hua. «Vi går inn for landing!» Dermed stuper fuglane, sleden, nissane og barna nedover i lufta i vill fart, før de rettar opp sleden og landar i snøen. Men farten er stor, så alle i sleden blir slengt hulter til bulter ut i ei snøfønn. Dei landar heldigvis mjukt.

«Hahaha!» ropar nissane, «Landingane blir stadig betre!» Dei børstar av seg snøen, mens dei ler og ropar. Nissen med den raude hua hjelper Jenny og Sivert fram frå snøfonna.

«Velkomen til vårt rike, menneskebarn!» seier han. «Vi vil seie takk for hjelpa!» Sivert og Jenny ser på kvarandre: «Kva meiner han?» kviskrar Jenny. Nissen har nok høyrt kva ho sa. «Det er takka vere hjelpa de ga den beste sledefuglen vår at de no er her! Kom, så skal de få bli med inn!» Nissen børstar bort snøen på bakken rett framfor seg, og ei grå dør kjem fram under snøen. Det ser ut som døra ligg rett ned på bakken. Nissen opnar døra, og med det same tomlar dei nedover i ein mørk tunell,  og landar på ein haug med skinnfellar. Det går heilt rundt  hovuda på Sivert og Jenny, både på grunn av den ville reisa, men også fordi det dei opplever ikkje er til å tru!

Dei blir ståande og sjå seg rundt. Dei er i eit lyst, stort rom, men det er lavt under taket, kanskje fordi alle desse nissane som aular rundt er like små som Jenny og Sivert, sjølv om mange av dei ser både vaksne og gamle ut.

«Eg heiter Nissejens» seier nissen med den raude hua. «De skal no få sjå noko svært få menneske veit om», seier han, mens han blinkar lurt til dei. «Men aller først skal de få helse på ein som har noko å fortelje!»

«Ehh, tusen takk», stotrar Jenny fram, ho veit ikkje kva anna ho kan seie.»

«De har vel med de gamle postkorta, kanskje?» spør Nissejens, mens han fører dei lenger inn i det store rommet.

«Ehh, ja…? no er det Sivert som ikkje veit kva anna han skal seie.

«Vær så god, sett dykk ned her», seier Nissejens og viser dei ein stor, staseleg benk, fylt med skinnfellar og puter. De to barna set seg opp  benken. Her inni kroken er det mørkare enn i resten av rommet. Det varmar godt frå den store peisen som det er fyrt opp i. Peiselden kastar underlege skuggar oppetter veggane. Der i mørkret ved sidan av peisen skimtar dei ein underleg skapning. Sivert og Jenny sit heilt stille og torer nesten ikkje puste av spenning. Kven er det, og kva skal skje no?