Publisert på

Birgers odyssé – litt om ‘bakteppet’ for boka

Dette er eit prosjekt Tarjei Rypdal Eide og Olla Rypdal har samarbeida om ei tid, med idéen om at den eine kunstarten inspirerer den andre. Møtet mellom kunstartar er eit spennande ’rom’ å utforske, og kan føre til nye uttrykk.

Vi har samarbeida om ein verkstad i et par år, eit ’laug’ som er på turné for Kultursekken i fylket. Verkstaden er møtestaden mellom tekst og visuell kunst. Her utforskar elevane strukturane som ligg til grunn for å skape ei eiga, ny verd. Gjennom tekst / historieskaping og visuelle uttrykk skaper elevane ein ny møtestad for idéane dei utviklar undervegs i verkstaden.

Resultatet av verkstaden blir ei illustrert bok med historia og bilda elevane har laga.

Erfaringane frå verkstaden ‘Utanforverda’ viser korleis abstrakt, visuell kunst gir meining for elevane og kan føre fram mot til dømes tekst/ ei historie – og korleis teksten/historia inspirerer dei til eigne visuelle uttrykk.

Måten elevane skaper denne ‘nye verda’, bygg historiene og lagar bilda, er bakgrunn for ønsket om å dukke djupare i stoffet som kombinerer tekst og visuell kunst. Vi fekk napp på ein søknad til Møre og Romsdal fylkeskommune: ‘tilskot til profesjonell kunst- og kulturformidling’. Det har no resultert i bildeboka «Birgers odyssé» på Olla Forlag, og ei sceninsk formidling/utstilling til denne boka.

 

I boka møtest tekst og illustrasjonar til likeverdige uttrykk som utfyller kvarandre.

Sjølve historia handlar om Birger som får vere med foreldra sine på ein ekspedisjon til Antarktis. Birger er ein nysjerrig gut med mange interesser. Interessene hans blir også tematikk i boka:

«…..Finst det ukjende livsformer vi enno ikkje har oppdaga? Kva hender med dette livet når verdshava blir sure av forureining, når temperaturen på jorda stig og polisen smeltar?Birger leitar på internett og les: «Mysterium under isen» «Kva skjuler seg der nede under isen?» «Kor mykje har isen smelta?»

Birger veit at desse mysteria handlar mykje om mikrobar og algar, men Birger undrar også på andre mysterium: finst det sjømonster og fabeldyr i havet? I vulkanane? Tenk om det var fabeldyr som var slike ukjende livsformer langt inni isen?»

I boka undrar vi oss saman med Birger, men utan å legge fram svar og fasit på dei store spørsmåla.

Birger sin innfallsvinkel er dei gamle mytane og historiene menneska har skapt frå dei tidlegaste tider. Desse brukar han til å skape si eiga bok om si eiga reise i fantasien.

Som bakteppe ligg tippoldefar Oles dagbok frå den tida han var på kvalfangstskute i Sørishavet.

Tippoldefar Ole er forfattarens morfar og illustratørens oldefar – ein mann som hadde mykje kunnskap og mange interesser – og som visste korleis ein skulle fortelje ei historie.