Publisert på

Bekymringar

Bekymringsminister, det er det eg hadde vore, om eg sat i ei regjering. Trass i alt eg veit om kor lite produktivt det er å bekymre seg, kor stort eit energisluk det er, kor meiningslaust og depressivt det kan vere – likevel sluttar eg ikkje med denne aktiviteten. Eg lovar, er du disponert for bekymring blir det ikkje betre med åra!

Bekymringane mine handlar om alt mellom mikro- og makronivå, mellom himmel og jord, og vel så det. Frå det heilt nære til det overordna storpolitiske: Tankane fyller godt opp i hovudet, enten det handlar om bekymringa for om eg skulle ramle i fart og knuse tenner og briller (noko som faktisk hender, innimellom), eller bekymring for om vi medvetslause menneskevesen skal dyrke fram fleire ravande galne politikarar eller brenne opp regnskogen.

Det har vakse fram ei stor, ny bekymring. Ho har murra i bakgrunnen lenge, men no bryt ho seg stadig fram. Denne bekymringa handlar om ORD. Ord i vid forstand, kva ord gjer med oss og kva vi gjer med ord –  og vil vi i framtida eigentleg vere i stand til å tileigne oss og bruke det skrivne ordet i det heile tatt?

Interessa for orda i forteljingane blei planta i meg gjennom barndomsopplevingar. Morfar Ole var ein meister i fortelje, han hadde både den intuitive og den tillærde kunnskapen om kva som var godt stoff for eit barn. Han hjelpte meg også tålmodig til å knekke lesekoden. Orda skapte bilde i fantasien min, historiene blei levande, og aldri gløymt. Den same kjensla av forventning har blitt med gjennom heile livet: tilstanden, den verda som orda fører meg inn i, og kva nye tankar det kan føre til.

Ute på formidlingsoppdrag ser eg det same skjer med dei unge tilhøyrarane mine som eg sjølv opplevde som barn. Eg ser dei blanke auga, dei gapande munnane, raude kinn – uttrykk som viser at hjerneaktiviteten er i gang, bilde blir skapt om til eigne historier i kvart enkelt hovud. Framleis er det slik, men likevel er noko endra. Konsentrasjonen og fokuset er mindre, tida barna klarer å vere i situasjonen er kortare.

Undersøkingar støtter denne kjensla. Lese- og skriveferdigheitene blant barn og unge går tilbake. Det gjer også konsentrasjonen og evna til å halde ut og å gjennomføre.

Min påstand er at dei fragmenterte, visuelle inntrykka som blir pumpa på mottaksapparatet vårt ikkje gir rom for bildeskaping, ettertanke, fordjupning og fokus i same grad som ord ein tileignar seg gjennom lytting og lesing. Kjappe, lettfordøyelege videosnuttar, stories og snappar krev ikkje noko av oss, utfordrar oss ikkje, men fungerer som sukker for hjernen. Det gjeld oss vaksne – og ikkje minst barn og unge. Eg er ikkje motstandar av teknologien, av sosiale media, kjapp, lettfordøyeleg informasjon, mediekonsum – eg  nyttar sjølv dette i stor grad, men eg er bekymra for at vi gløymer å halde fast ved det grunnleggjande:  å oppleve, forstå og kommunisere ved å bruke det høyrde, lesne og skrivne ordet. Det ser verkeleg ut til at denne oppgåva krev ein ekstra innsats no. Vi må lære oss å handtere begge former for kommunikasjon, kvar til sin bruk, hjernen vår har kapasitet til det.

Det er ein bøyg å lære seg å lese reint teknisk når ein er barn. Det er også utfordrande å omsetje bokstavsymbola til meining. Lærarane arbeider dagleg med dette, takk og lov. Institusjonar som biblioteka våre, og  Foreningen!Les følgjer opp, politikarar frå SV fremjar forslag om ein ny nasjonal leselyststrategi – det blir jobba jamt og trutt med å spreie kunnskap om dette på alle samfunnsnivå.

Men det er ikkje nok om ikkje kvar einaste ein av oss tar ansvar for å hjelpe til, at vi øver og trener på lesing og skriving saman med barna, les høgt for dei, finn spennande historier, fortel! Vi må faktisk sjølve vere aktive modellar for at gleda over ord, lesne eller skrivne, skal få innpass og feste seg hos barna våre. Det er kanskje lettare å ty til iPaden, men ikkje gløym boka! Det som går føre seg i hjernen når ein les kan ikkje bli erstatta av noko anna.

Ord er med på å skape oss til den vi er. Forstår vi, og kan bruke ord har vi ein reiskap for å  uttrykke meiningane våre, oppfatte og forstå kva andre meiner, avsløre maktbruk og demagogi, vere kritiske, delta i eit demokratisk samfunn. Takka vere oppfinninga av boktrykkarkunsten, media, internettformidling og all anna distribusjon av tekst er ord tilgjengeleg for alle, men då må vi kunne bruke dei for det dei er verdt.

Tilbake til bekymringsinnleiinga. For at ikkje tilværet mitt skal bli til ei hengemyr av ørkjeslaus bekymring, har eg skjønt at handling må til. Eg har erfart at sjølv ørsmå handlingar kan få meg ut av myra ei stund og gje meg kjensla av å ta del i noko, om skjerven min er aldri så liten.

Når eg fortel og skriv bøker ønskjer eg å føre lyttarane og lesarane inn i ei anna verd, ein ny stad, møte nye menneske, nye hendingar – gje næring til fantasien, empatien, kunnskapen, evna til å setje seg i andre sin stad, evna til å drøyme, håpe, handle.

Det er «hårete» mål, dette. Eg meiner dei er viktige.

Mine ord er sjølvsagt mest som eit sandkorn i ørkenen å rekne. Men eg kjem til å halde fram med mine ørsmå bidrag, trur eg, fortelje, skrive og formidle historiene i bøkene, og håpe at dei kanskje kan vere den gode opplevinga for ein og annan –  vere eit lite, stillferdig bidrag i ei større rørsle for å verne og forvalte orda, lesinga og språket.