Publisert på

Bakgrunn og inspirasjon: «Birgers odyssé»

Det er mange inspirasjonskjelder til denne boka. I tidlegare innlegg har eg skrive litt om det (mars, april, mai 2018), t.d. om korleis illustratør Tarjei Rypdal Eide og eg ønska å komme djupare inn på korleis tekst og bilde kunne inspirere kvarandre sine uttrykk, ei vidareutvikling frå workshopen «Utanforverda».

Den aller første inspirasjonskjelda  til boka var historier, myter, legender  – og kjende og ukjende bøker opp gjennom historia om fabeldyr. Fleire av desse er nemnd i forordet til boka, og i litteraturlista.

Tematikken i boka er tredelt: trua på at kunnskap må til for å vite noko om kor kompleks og sårbar kloden vår er, trua på at fantasien vår må brukast for å finne dei gode løysingane for å ta vare på naturen rundt oss – og kjennskapen til forhistoria vår, som viser oss kvar vi kjem frå og kan hjelpe oss til å ta dei rette vala vidare.

Forhistoria – både Birger si – og vår felles historie, tok tidleg i prosessen utgangspunkt i Birgers tippoldefar si historie. Birger er vår fiktive hovedperson, men tippoldefar Ole var ein høgst levande, reell person: Tarjeis oldefar, og min morfar.

Opp gjennom åra har eg vore ein «samlar» – og då særleg samlar av historier eg blei fortalt som barn (ikkje minst av morfar Ole), og også samlar av gamle gjenstandar som familien i genarasjonar før meg har tatt vare på. Gjennom åra har eg ofte brukt slike gamle gjenstandar når eg har hatt skrivekurs og historieverkstader for barn og ungdom. Gjenstandane er lada med historier! Magien ved å sjå, lukte og kjenne, fabulere og forestille seg, har blitt til uendeleg mange fine historier opp gjennom den tida eg har arbeidd med dette. Det blei naturleg å knytte mange av desse gjenstandane, som faktisk hadde vore  tippoldefar Ole sine ting då han levde, til boka vår om Birgers odyssé.

Det som gjorde at det fall ekstra naturleg å bruke Ole i denne boka, gjekk rett inn i tematikken: Ole var maskinist på ei kvalfangarskute då han var ung. I kistene der alle «skattane» mine ligg, fann eg brev Ole sende heim til familien sin, tenner frå kvalar, smykke og pyntegjenstandar Ole hadde skore ut av kvaltann – og mange, mange personelege gjenstandar, som t.d. ei gammal lommebok, briller, pipa hans, ein kikert, bøker, knivar, osb. Til og med den gamle, godt brukte skinnjakka hans, på kleshengaren fra Steinshamn på Harøya, der han sidan busette seg.

I breva skreiv Ole om livet på skuta i Sørishavet. Om ein som vart «galen» og blei sendt heim, ein annan vart utsett for ei alvorleg ulykke og døydde. Temperaturen, vêret, kor mange liter kvalolje som blei produsert, kor mange kvalar som låg og venta på bearbeiding ved skutesida – alt dette er med på å teikne eit levande bilde for oss som les desse gamle breva. Ved eit høve fortel han ei riktig galgenhumoristisk historie om korleis det gjekk til då han , og nokre andre av dei andre frå mannskapet, oppsøkte ein spansktalande tannlege for å trekkje tenner. Det var ein heilt vanleg ting å gjere for sjøfolk i gamle dagar – for å sleppe eventuelle plager med tennene når ein var langt til havs.

Oles brev er fleire stader sitert i boka, handskrifta hans blir også brukt i illustrasjonane.

Vi veit no at den enorme kvalfangsten både Norge og andre nasjonar dreiv, førte til at dei store kvalane nesten blei utrydda. Bestanden som no er igjen er freda. I boka blir dette nemnt, utan at vi moraliserer over fortida. Men det er viktig informasjon og kunnaskap å ha med oss vidare inn i vår felles framtid.

Desse gamle gjenstandane , breva – og til og med skinnjakka, har eg no med når eg er ute blant publikum og formidlar frå Birgers odyssé. Publikum får komme inn i utstillinga, lese i breva, sjå og kjenne på gjenstandane. Særleg spennande er det når barn og eldre har møttest på slike formidlingsstunder:  ein som har levd ei stund har kanskje sjølv hatt ein far som var på kvalfangst – og deler historiene sine med oss.