Publisert på

1.desember og første kapittel i juleeventyret «Den magiske julebjella»

«Er det langt igjen?» spør Jenny. Ho har akkurat vakna. Landskapet ho ser gjennom bilvindauget er snødekte myrer, små fjellbjørker som stikk opp av snøen, og lenger borte store, kvitkledde fjelltoppar. Bilen køyrer sakte, vegen er smal og humpete.

«Berre nokre minutt!» svarar mor til Jenny frå framsetet.

Litt lenger framme på vegen ser ho dei raude baklyktene til bilen Sivert sit i. Sivert og Jenny er på veg til familiehytta på fjellet for å feire jul. Dei bur til vanleg i kvar sin by, desse to søskenbarna, og reiser i kvar sin bil saman med foreldra sine.

Dei har vore på hytta mange gonger, men har aldri feira jul der. Dei gler seg – det blir nesten som ei eventyrjul! Det kjem til å bli bål og lys i trea, gåver og god mat. Akkurat slik det skal vere i jula. Dei skal vere mykje ute – om berre vêret er bra. Det er endå  nokre dagar til jul, og det er bra, for mykje skal gjerast: vedhogst, rydding og vasking, turar – og mykje moro ute i snøen.

Sivert er spent. Han gler seg slik til jul! Tenk å feire jul på hytta! Det er ikkje mykje plass i dei ørsmå romma. Han og Jenny skal sove på hemsen, der er det berre plass til madrassene dei skal sove på. Det er ikkje innlagt straum, heller ikkje vatn. Derfor har dei med store dunkar med vatn. Om dei treng meir vatn, kan dei køyre ned i bygda og hente. Inne har dei parafinlamper, og også litt solcellestraum, nok til å få lys. Det er ute-do på hytta. Det er heilt greit når det er sommar og lyst om kvelden, men Sivert er ikkje så sikker på kor greit det er no når det er så mørkt. Uansett har dei med seg lommelykter.

Endeleg er dei framme. No blir det bæring av utstyr inn i hytta frå bilane. Alle må hjelpe til. Dei fyrer straks opp i vedomnen på det rommet som er både kjøkken og stue. Det tar ikkje lang tid før den lune varmen frå vedfyringa breier seg i den vesle hytta. På gassblusset putrar kveldsmaten.

Jenny og Sivert klatrar opp stigen til hemsen. Her er det to madrasser på golvet som dei legg sengkleda på. Gjennom den vesle vindauget kan dei sjå stjernehimmelen. Det er ikkje lys frå andre hytter rundt omkring, så det er nok berre dei som er på fjellet. Nede i stua høyrer dei at dei vaksne snakkar saman.

Det er ikkje lett å sove, det er mykje lettare å prate og le! Etter ei stund høyrer dei ei påminning nede frå stua: «No er det natt! Sov – så blir de opplagte til morgondagen!»

Men før det blir soving MÅ dei berre lage litt fleire rare skuggar med lommelykter og hender mot veggen der oppe på hemsen. Det er då dei lagar troll og spøkelse at Jenny ser sprekken i veggen.

«Sjå der!» seier ho, og kryp fram frå dyna.

«Kan det vere eit rom innanfor denne veggen?» undrar Sivert. Han finn fram kniven sin, skrapar forsiktig i sprekken, og ser at det er ei dør! Dei lirkar og skrapar, og så opnar døra seg. Dei lyser inn i eit lite skap innanfor.

«Sjå på dette!» utbryt Jenny, og drar fram det ho har funne. «Det ser ut til å vere eldgamle julehefter og julekort! Så spennande! Kven kan ha lagt dette her?»

Dei blar i korta og i juleheftene, nokre er over hundre år gamle. Eit av korta viser heile himmelen i grønt lys.

«Eg trur det må vere nordlyset», kviskrar Sivert. I det same dei snur seg for å sjå om det er nordlys ute denne kvelden, skimtar dei ei rask rørsle rett utanfor vindauget. Dei kikar ut begge to, men ingen ting er å sjå.

«Eg syntes så tydeleg eg såg nokon der ute», seier Jenny.

«Eg og», svarar Sivert. «Men korleis kunne nokon vere utanfor vindauget, det er langt ned til bakken?» Det kan ikkje Jenny svare på.

Etterkvart sovnar dei. Det dei ikkje veit er at dei snart skal vere med på eit eventyr dei knapt kunne drøymt om!