Publisert på

Våren er her – «bring it on»!

Det kjennes godt når sola dukkar fram. All snøen som nettopp lava ned er borte, det spirer og gror i hagen, intens fuglesang vekker meg om morgonen.

Frikk og Kaspar, dei to prikkete hundane mine, er våryre og øsne – kaffekoppar på småbord lever utrygt når desse karane tar laust.

Det er visst vår overalt – også på innsida av hovudet mitt, kjennes det slik om dagen! Det «kriblar og klør» når nye idéar skal ned på papiret og ut. Vårsola gir energi på alle vis, eg gler meg over alle dei kjekke oppdraga eg skal i mål med.

Det er ofte slik i freelance-verda, det kan tidvis gå treigt, eller så kjem alt på ein gong – slik kjennes det no! Men det går bra, det er kjekt å vere i ei bra stim, at det går litt fort i svingane – for det er i svingane moroa er!

Årets turnéar med Kultursekken er i mål, men dei tre neste vekene skal fleire av produksjonane mine få «lufte seg» ved andre høve – i andre format, på nye arenaer.

Teaterverkstaden «Det blå egget» skal plukkast fram til ei lita visning. Denne produksjonen er avslutta og nedpakka – men eg gler meg likevel til å hente fram keiserinne KiHoNais silkekappe og lufte den Blå Lykkedragen igjen!

«Tor med hammaren» og «Forteljingar på F» skal også visast i litt andre format enn turnéversjonen.

Bildeboka «Birgers odyssé» skal formidlast gjennom bilde, musikk, utstilling og forteljing – og boka «utandørs i nordvest» har akkurat blitt presentert med lyd, bilde, høgtlesing og forteljing på eit bibliotek.

Nettopp biblioteka våre er noko vi skal vere stolte av og ta godt vare på – dei spelar ein viktig rolle som formidlar av ordet – og som møteplass og aktivitetsarena!

Gjennom biblioteket er også kollega Mette og eg i gang med ein omreisande animasjonsverkstad, eit prosjekt biblioteka i den komande storkommunen vår står for.

Om eit par veker brakar det laust med eit flott arrangement i regi av det kulaste koret: aChoir! Med eminent band og meisterleg innøvd reportar frå 20-30-talet, inviterar dei til «feelgood-konsert» i beste Gatsby-ånd. Hatt, hanskar og resten av utstyret mitt ligg klart – for eg skal få vere konferansieren denne kvelden. Er du i nærleiken av Brattvågen er dette tidenes konsertoppleving!

I høve sjølve våren, og alt som kravlar og aular av insekt og kryp, over og under jorda, kriblar det også i hovudet fram mot ein spennande «kick-off» om insekt på ein skule.

Innimellom kraslar det også på tastaturet som produserer fleire nye sider til boka som er under arbeid.

Forfattarsamarbeid, drodling og møter med kunstnarar innanfor fleire kunstuttrykk peikar fram mot nye prosjekt og hendingar utover vår, sommar og haust. Det er kjekt å ha mange ballar i lufta – den eine tanken dreg den andre med seg.

«Bring it on» seier eg – ha ein strålande vår!

Med våren kjem også endeleg verdas vakraste og nyttigaste skapningar fram, edderkoppane, her representert med bildet av ein av Gjertrud Hals sine kunstverk!

 

Publisert på

Ut på tur med DKS!

Ein av dei verkeleg gode tinga med å arbeide som freelancer, er å kunne rå over eiga tid, fullt og heilt – i tillegg til det meiningsfylte i å kunne arbeide med det som ligg hjartet ditt nærast.

Eg har i mange år reist rundt med produksjonar for DKS, både forestillingar  og kulturverkstader – nokre i samarbeid med andre, andre åleine – ei veksling som er både tilfredsstillande og inspirerande.

Møta med engasjerte, ivrige elevar er ein «boost» –  ei energi-og vitaminkule utan like. Når ein er midt oppi det, i «flytsona» saman med elevane, er det lite anna som kan måle seg med dette. Det gir meining å skape, det gir meining å gje dei unge redskap til å uttrykke sin eigen kreativitet. Då er køyretimane på mørke, vêrtunge vegar gløymt, på den tida av døgnet då berre skogens firbeinte vågar seg ut.

På det meste har eg hatt opptil åtte ulike produksjonar på vegen i løpet av eit år. Til neste år trappar eg litt ned på turnéverksemda – til fordel for meir «kortreiste» oppdrag, og meir tid til bokskriving og forlagsarbeid.

Sjølv om eg trappar ned på reisinga , vil eg likevel ikkje unnvære heilt desse spennande elevmøta. Når eg i morgon går inn i dette skuleårets to siste turnéveker, noko eg gler meg til – er eg glad for å ha bestemt meg for å tilby to produksjonar til neste år også: «Forteljingar på F» og «Tor med hammaren».  I «Forteljingar på F» handlar det om å lage spennande historier saman, bygge «plot», øve på personskildringar, finne på frampek og «cliffhangers» – alt dette gjennom ulike innfallsvinklar og action på golvet.

«Tor med hammaren» er ein forteljar- og teaterverkstad, der elevane bruker sin egen kropp og stemme til å lage alt som trengs i historia dei får høyre: lydkulisser, rekvisittar, scenografi, rollefigurar, dans og replikkar – i beste improvisasjons- og teatersportstil.

Desse to produksjonane som i utgangspunktet er ein heil skuledag,  er også laga om til kortversjonar, til bruk for arenaer utanom DKS.

No i mars er fristen for skulane i fylket til å tinge dei kulturverkstadene dei vil ha til neste skuleår – og eg gler meg til endå ein runde med desse spennande, energifylte møta!

Publisert på

Forteljingar på f!

Snart skal dette kulturlauget ut på turné igjen!

Dette er ein verkstad der vi skal arbeide med dei gode idéane og få fart på fantasien! Alle har hovudet fullt av historier og vi skal bruke nokre ”knep” for å hente dei fram.

Gjennom mange ulike innfallsvinklar, ordleikar, assosiasjonar, underlege gjenstandar, skriveøvingar og improvisasjonar skal vi arbeide med forteljingane – og samtidig bli kjent med strukturen i ei historie, skildring av personar, stader, opplevingar, møter, stemningar – og det som ellers høyrer med i ei god historie.

Med elevane på barnetrinnet vil vi arbeide mest «på golvet» og få innhald til historiene våre med ord- og teaterleikar, gjenstandar og spennande oppgåver.

På mellomtrinnet vil vi også arbeide praktisk, og «på golvet», men gå meir inn i strukturane ei god historie inneheld, og fordjupe oss meir i enkelte teknikkar.

Det meste går føre seg muntleg, vi treng berre blyant og ark til enkelte små gruppeoppgåver.

Dette lauget er også i kortversjon – som kurs / miniverkstad tilpassa t.d. bibliotek – eller  i samband med forfatterbesøk i skular. 

Ta gjerne kontakt om det skulle vere interesse for eit slikt kurs!

Publisert på

ARAKNE!

Vi gler oss til å fortelje om desse mangfaldige, myteomspunne skapningane: saftige, mystiske, råe, groteske, vakre og vare historier – noko for ein kvar.
Utstillinga til Gjertrud Hals på Romsdalsmuséet blir ein magisk arena!
Edderkoppen under er også laga av Gjertrud Hals.

Laurdag 22.september har vi i forteljarfelleskapet «Fire furier fortel» premiere på denne forestillinga. Den går føre seg i Gjertrud Hals’ utstilling på Krona, Romsdalsmuseet. Som vi gler oss!

 

Publisert på

Fire furrier fortel: «ARAKNE!» Ny produksjon!

Våren 2016 blei vi spurt om å fortelje på Bjørnsonfestivalen.Det blei oppstarten på forteljarfellesskapet ’Fire furier fortel’.

Forespørselen førte til ein times forteljarrforestilling, med innhald sett saman av eventyr og myter frå ulike verdsdelar, med kvinner som overskrift, hovedpersonar og arketyper: ’gudinner, trollkvinner, herskerinner, fristerinner’.

Vi fann samarbeidet særdeles inspirerande og er no godt i gang med neste produksjon.
Temaet for denne produksjonen er edderkoppen og edderkoppens nett som mytisk figur, magisk vesen, bestanddel i forteljingar, faktastoff, historier, eventyr, myter og legender over heile verda.
I research-prosessen har vi latt oss inspirere av mytologiske figurar som Arachne, Anansi, Tolkiens ’Hobbitten’ og visuelle kunstuttrykk, spesielt kunstnaren Gjertrud Hals sine nett-installasjonar og edderkoppar.
Vi fikk låne nokre av edderkoppane til fotografering.
Første forestilling blir i september i samband med Gjertrud Hals’ utstilling på Romsdalsmuséet.

Publisert på

Verkstader på turné i Kultursekken skoleåret 2018/19

Allereie no kan skolane bestille verkstader til neste år gjennom Kultursekken i Møre og Romsdal.
Olla forlag/Olla teaterverkstad har desse tre på lista:
«Utanforverda» saman med Tarjei Rypdal Eide, «Forteljingar på F» og «Tor med hammaren». Sistenemde er ein forteljar- og teaterverkstad med høg energifaktor.
Dei to andre handlar om å skape historier.
I «Utanforverda» vil tekst/historieoppbygginga bli inspirert av det viselle kunstuttrykket – og motsatt.
Eg gler meg allereie til mange insprerande møte med barn og unge på skolane!