Publisert på

Arrangement og boksal!

Neste veke er «Tippoldefar Jakobs julekort» her, klar for førjulstid og adventskos med høgtlesing!

Boka kan kjøpast direkte frå nettbutikken www.olla.no, eller ved å ta kontakt med forfattaren.

Dette gjeld også dei andre bøkene frå forlaget. I tillegg finn de bøkene her: www.boldbooks.no Notabene Moldetorget, Notabene Vestnes og Bok & Papir, Brattvåg.

I tida framover er det fleire arrangement og julemarked der bøkene kan kjøpast:

 

LAURDAG 2.NOVEMBER: Julemesse på Vatne, Eidet Kulturhall (arr. Vatne og Tennfjord Røde

Kors) kl 11.00 – 17.00.

ONSADG 6.NOVEMBER: Boklansering for «Tippoldefar Jakobs julekort» i hagen til

Vestnes gamle prestegard, kl 18.00 (arr. Olla Forlag) Sjå eige

Facebookarrangement.

LAURDAG 16.NOVEMBER: Julemesse i Sykkylven (boksalet v.Sykkylven Mållag)

Sykkylven Mållag arrangerer også ein «sprett-opp-bokhandel»

før jul.

LAURDAG 23. NOVEMBER, kl 13.00: Notabene, Moldetorget: Bokbad, boksal og signering.

Sjå eige Facebookarrangement.

LAURDAG 30. NOVEMBER: Julemarked på Skodje, Gomerhuset, kl 11.00 – 17.00

TORSDAG 12.DESEMBER, kl 18.00 inviterer Vestnes Folkebibliotek til «kalenderluke-

arrangement for barn. Olla Rypdal vil lese frå boka «Tippoldefar

Jakobs julekort».

LAURDAG 14. DESEMBER: Høgtlesing frå «Tippoldefar Jakobs julekort» / signering på Notabene,

Vestnes Brygge.

 

 

 

 

 

 

 

Publisert på

Birgers odyssé

Bli med på Birger si magiske reise – ein odyssé i tippoldefar Oles fotefar til Antarktis – og i Birgers fantasi. Ei draumereise for den nyfikne 8-åringen Birger. Sjå videoen under teksten.

De finn boka under fana butikk her på www.olla.no med tilbodspris no fram til jul. I tillegg er boka å få kjøpt på dei fleste nettbokhandlarar, www.boldbooks.no, Bok & Papir i Brattvågen og Notabene Vestnes.

Boklesing gir nyttig ballast:

* fantasien og forestillingsevnen blir stimulert

 * ein utvidar språk og ordforråd

 * ein utviklar nye tankestrukturar og omgrep til å forstå verda med

 * evnen til å setje seg i andres stad blir styrka, ein utviklar empati 

 * ein lærer om seg sjølv gjennom dei en les om

 * en lærer å sjå at ei sak kan ha fleire sider

 * ein utvidar kunnskapsnivået

 * ein får gode opplevingar, draumar, kraft, inspirasjon, og håp

 

 

Kommentarar frå lesarar om BIRGERS ODYSSÉ:

«Spennande lesing, med retning både bakover i historia, og inn i framtida. Respekt for jorda, naturen og fantasien gjennomsyrer boka i tekst og bilder.»

 «Ei bok å fordjupe seg i. Rører ved mange interessante tema. Kan lesast om og om igjen.»

« Dette var en spennende reise i ord og bilder! Anbefaler både små og store å bli med på Birgers odyssé!»

 «En bok hvor fakta og fantasi smelter sammen til en fin fortelling. Historien treffer nok målgruppen, men sammen med illustrasjonene som gir fantasien fritt spillerom, appellerer den også til “barn”  alle aldre.»

1080p 13

 

Publisert på

«Tippoldefar Jakobs julekort» i rute!

Om litt over ei veke skal «Tippoldefar Jakobs julekort» ha pdf-filene klare til trykking. Vi er i rute!

Alle bøker er ei «reise» – både for den som lagar boka og den som les ho. Reisa mi med denne boka har vore som med dei andre eg har skrive, eit blikk tilbake i historia som får tankane til å flyge og forteljinga til å leite seg fram på nye og ukjende vegar.

Slekta og familien min har nok alltid vore av det slaget som har tatt vare på ting og reparert dei med omtanke og kjærleik når dei har blitt øydelagt. Det er som eg kan kjenne denne omtanken og kjærleiken når eg ser og rører ved gamle gjenstandar oldefar min laga: skrin, kister, leiker, bord og stolar. Den gamle skuvsenga med alle sine hakk og merke etter bruk gjennom 150 år fortel si historie. Gulna brev og bilde er også tatt vare på, fint nedpakka i esker med band rundt. Dei fortel om levd liv, om gode og mindre gode dagar.

Julekorta som eg hentar fram frå grandtante Olises gamle konfekteske kvar jul fortel også sine historier, om dei som reiste til Amerika, og kvar jul sende julekort til dei heime. Dei velkjende julemotiva er også som eit overflødighetshorn av historier som ber om å bli fortalt: leikande barn i snøen, juletre på kjelkar, nissar og julegåver. Dermed tok eventyret om Jenny og Sivert form, med lokal koloritt frå Kjersemfjellet som bakteppe.

Saman med Tarjeis magiske, stemningsfulle illustrasjonar som ramme rundt julekorta, ornamentert i tidsriktig Art Deco-stil, måtte dette bli julebok.

Det har også vore ei reise å finne ut av opphavet til desse gamle julekorta. Ein må kreditere både illustratør og fotograf, noko som ikkje er heilt enkelt å spore. Dei fleste korta er så gamle at dei kan brukast fritt, mens andre har eg henta godkjenning for å kunne bruke i boka. Julekortet i dette innlegget er laga av Paul Lillo-Stenberg. Takk også til Najonalbibliotekets bildearkiv!

Det er nok ikkje berre Tarjei og eg som gler oss over desse gamle julekorta og likar eit nostalgisk, koseleg juleeventyr, for bestillingar på boka tikkar inn gjennom alle kanalar!

Dermed har eg ei lita oppmoding til dei av dykk som veit de skal kjøpe boka: kunne de tenke dykk å førehandskjøpe (betale) boka allereie no ville eg vere svært takksam. Om de ønskjer og har høve til det, sjølvsagt. Det ville vere til stor hjelp, og vi er sikra at bøkene kjem fram til kjøparane i god tid til 1.desember.

Olla Forlag må betale for trykking på førehand, og når så mange bestiller på ein gong, noko som er umåteleg gledeleg, sjølvsagt, blir det eit stort økonomisk løft for eit knøttlite forlag. Dette er ei kostbar bok å produsere, med beste papirkvalitet, harde bokpermar og mange fargeillustrasjonar.

Om de vil kan de vippse til Olla Forlag: 127189, eller setje kr 329,- rett inn på forlagets konto. Dette kan enkelt gjerast på www.olla.no

Dei som betaler blir sjølvsagt registrert. Hjarteleg takk!

Denne boka kan berre kjøpast direkte frå Olla Forlag.

 

 

 

Publisert på

Mens vi ventar på «Tippoldefar Jakobs julekort»

Kvelden og morgonen er mørkare no. Slik er det kvar haust på vår vesle flekk av kloden. Fram mot den aller mørkeste tida gler eg meg likevel over alt denne vakre årstida byr på. Vekene i desember, den aller mørkeste tida fram mot jul har alltid vore ei magisk tid for meg. Ute er det uvêr og kulde, inne lys og varme, gode stunder med lukta frå julebakst, røykelse  – og fine forteljingar. Dette året er eg ekstra spent – sidan Tarjei og eg skal dele juleforteljinga vår og bilda som høyrer til med dei som vil lese, høyre og sjå.

Her er ein bitteliten «smakebit»:

Dei luktar bålet på lang avstand. Foreldra har gjort klart til julemannbaking! På bordet inne i hytta blir deigen kjevla ut med ei tomflaske dei fann i skapet. Dei flottaste figurar blir skorne ut frå deigen: hestar, grisar, fuglar, nissar og troll. Det blir mykje latter og moro. Figurane endrar seg når dei eser ut på steikeplata over bålet. Men dei smakar fantastisk! Barna gløymer heilt å fortelje om hesten.

Dei to barna sit ved kjøkkenbordet og et nysteikte julemenn og drikk saft. Saman ser dei på julekorta dei har henta oppe på hemsen. Dei vaksne er ute og høgg ved og stablar han i vedskjulet. «Sjå på dette!» seier Sivert.  «Dette må vere veldig gammalt!» Dei studerer bildet. Det er utan fargar, i svart og kvitt. Motivet på bildet er av ei jente som står ved sida av ein snømann.

«Kva kan vere meininga med dette tru?» lurer Sivert på.

«Men det er då lett! Kom!» roper Jenny. Dei tar på seg vottar og huer og stryk på dør. «Kva er det dei skal no?» seier Siverts mor og ser etter barna, der dei blir borte i snøhaugane.

Publisert på

Tippoldefar Jakobs Julekort

Vi er berre i slutten av september, men på Olla Forlag har vi lenge vore i julestemning. Boka skal komme i akkurat passeleg tid til 1.desember – slik at ein kvar dag kan lese seg til koseleg, eventyrleg julestemning fram til sjølve jula. Det vil sikkert dukke opp fleire små “smakebitar” frå boka etterkvart. Lanseringsarrangementet kjem eg tilbake til. Men allereie no er det råd å førehandsbestille / kjøpe boka. Også denne boka blir trykt via Print On Demand, så det kan vere lurt å vere tidleg ute for å sikre seg at boka kjem til 1.desember. Pris: kr 329,-

 

BAKSIDETEKST

Sivert og Jenny er søskenbarn. Dette året skal dei feire jul saman med foreldra sine på den vesle familiehytta på fjellet.

Ved bålet om kvelden fortel dei vaksne historier frå gamle dagar, om den tida då folk trudde det fantes både tussar og troll. Dei fortel også om Jakob, tippoldefaren til Sivert og Jenny, som hadde bygd hytta for lenge, lenge sidan.

Den første kvelden, då dei to barna har lagt seg på hemsen, leikar dei seg med å lage rare skuggar på veggen med lommelykter og hendene sine. Det er då dei oppdagar eit skjult skap i veggen. Dei klarer å opne skapet, og ser at det ligg noko der inne.

«Sjå på dette!» utbryt Jenny og drar fram det ho har funne. «Det ser ut til å vere gamle, gulna julekort! Så spennande! Kven kan ha lagt desse her?»

Dei blar i korta, nokre er over hundre år gamle, det kan dei sjå på poststempelet. Eit av korta viser heile himmelen i grønt lys.

«Eg trur det må vere nordlyset», kviskrar Sivert. I det same dei snur seg for å sjå om det er nordlys ute denne kvelden, skimtar dei ei rask rørsle rett utanfor vindauget. Dei kikar ut begge to, men ingen ting er å sjå.

«Eg syntest så tydeleg eg såg nokon der ute», seier Jenny.

«Eg òg», svarer Sivert. «Men korleis kunne nokon vere utanfor vindauget? Det er då langt ned til bakken?» Det kan ikkje Jenny svare på.

Etter kvart sovnar dei. Det dei ikkje veit, er at dei snart skal vere med på eit eventyr dei knapt kunne drøymt om!

 

Kvar dag fram mot jul blir vi med Sivert og Jenny på eit spennande eventyr der dei gamle julekorta spelar ei viktig rolle. Eit eventyr fylt med nostalgi og god julestemning.

Publisert på

Haustgleder

Endeleg – no er hausten her! Den første hauststormen bankar på ruta. Båten fekk ei ekstra fortøying i går, det som måtte vere laust kring huset er tatt inn, eller sikra. Fjorden går kvit, trea, med ei aning av gule fargetonar på blada som enn så lenge knip seg fast i greinene ligg skinnflate i vinden.

Hundane nektar å gå ut. Kaspar måtte eg delvis bære ut i går kveld for at blæra skulle bli tømt for natta. I dag gjekk dei ikkje ut før eg tok på meg støvlar og regnklede og drog dei etter meg ut i hagen. Dei veit ikkje endå at vi skal på tur om ei lita stund. Då kjem dei til å gøyme seg på rommet sitt og lest vere usynlege. Men her er ingen nåde. Vi er nordvestlendingar. Vi kler på oss (ja, hundane skal få på seg dekken også!) og går ut. Vi treng ikkje sette kilometerrekorden i dag, men ut skal vi.

Etterpå skal vi tørke oss opp framfor peisen, det blir garantert ein ekstra godbit på dei to, som heilt sikkert, trass i stormen har hatt ein bra tur.

Hausten har ord på seg for å vere sjølve boktida. Eg meiner sjølvsagt bøker må lesast heile året, men ja, eg forstår kvifor hausten innbyr særleg til boklesing. Det må vere noko med denne særnorske kosen: hufsever ute, men inne er det peisfyring, stearinlys, pledd, ullsokkar – og bok.

Slik har vi det, Frikk, Kaspar og eg også. Då kryp dei to store, elskelege prikkedyra inn i armkroken til ei boklesande matmor, vel vitande om at turen er over, dei treng ikkje gøyme seg for stormen no.

Som eg har skrive før har eg alltid ein «vandrande» bokstabel med meg rundt omkring, i fall lesehøvet skulle by seg. No skal eg ta ein grådig jafs nedi bunken. Øvst ligg «Søsterklokkene» av Lars Mytting. Eg gler meg! Er denne boka like god som «Svøm med den som drukner» er det heilt greitt med høge forventningar. Men sidan eg alltid les fleire bøker samtidig ligg det fleire i stabelen: Heidi Bjørnes sine bøker om Blondehuset trur eg er midt i blinken for dei lune haustkveldane. Eg er godt i gang med den første – og gler meg til kvar side eg skal snu i boka. Ei diger bok om norske postkort ligg også der. Sidan eg i eige bokprosjekt har dukka ned i gamle julekort eg fann i ei kasse, har eg fatta interesse for desse tidsbilda ein finn i dei gamle postkorta. Nutta Haraldsen har gjort ein formidabel jobb med å samle stoff til boka «Norske postkort». Og sanneleg har eg ikkje funne ei bok om runer også: «I begynnelsen var runer» av Terje Spurkland. Dette er fordi eg er hekta på skriftspråk og kodeskrift. Sjølv om mi eiga «Kodemysteriet» er vel ute i verda kan eg ikkje heilt sleppe taket på temaet. Runene, og korleis dei vart brukt er «mat for mons» i så måte. Skriftspråkets historie er sanneleg ei spennande reise.

Den gode haust-tida skal også brukast til mi eiga skriving. No når «Kodemysteriet» er lansert og «Tippoldefar Jakobs julekort» er rett rundt hjørnet – er eg klar for nye prosjekt. Eit tema eg har leika med i hovudet lenge er ei historie henta ut frå «Urbex»-tematikk. «Urban exploration», urban utforsking, er utforsking og fotografering av menneskeskapte ting som blir forlatt. Eller like gjerne «rural exploration», forlatte bygningar i meir grisgrendte strøk. Dette skal eg bruke god tid på, leike meg med og utforske. Så får vi sjå kva det kan ende opp i.

I mellomtida: nyt hausten – og gjer det gjerne med ei bok frå Olla Forlag!

SONY DSC
Publisert på

«Kodemysteriet» klar for salg!

Det var spennande i dag, då kassene med ferdigtrykte bøker kom på døra! Eg hadde ikkje tatt sjansen på å bestille så mange eksemplar, i fall det skulle vere noko som ikkje var i orden med trykkinga. Men det kunne eg tydelegvis godt ha gjort, for kvaliteten var tipptopp!

Dermed blir bøker sendt og levert ut til alle som har førehandsbestilt dei næraste dagane.  Boka ligg ligg klar for sal her på heimesida, og snart også på Notabene Vestnes, Bok & Papir i Brattvåg, og alle nettbokhandlane. Neste bokkasse er allereie bestilt og er snart i trykken!

Då er det berre for meg å håpe at boka fell i smak, og at dei som les ho vil få gode lesestunden med boka!

Publisert på

Prikkelykke

Eg ser til mi store undring at Frikk & Kaspar, mine to beste vener, dei galnaste leikekompisane, største inspirasjonskjeldene og mjukaste koseklumpane nesten ikkje er til stades på denne heimesida. Eller i Olla Forlags Instagramfeed. Det er meiningslaust. Rett nok er dei fullt ut representerte i dei personlege kontoane på Facebook og Instagram – der trur eg dei er med på kvart einaste bilde.  Men ikkje her! Det skal no rettast opp! For det er sant, dette med at mine to bestevener også er mi største inspirasjonskjelde: kvar einaste dag lyttar dei til mine mange idéar til historier og plot, både dei håplause og dei håpefulle. Dei ser på meg med bakoverbretta, glade øyre, flekker tennene i eit beundrande glis (ja, det er verkeleg slik dalmatinarane smiler på det hjartelegaste) – eller snusar vidare i grøftekanten, kanskje litt meir likegyldig til orda mine. Eg treng det også. Det er ikkje nødvendig å vere like entusiastisk kvar gong. Eg toler det.

Og ja, desse to digre, prikkete, langbeinte muskelskrottane, med føter til alle kantar, med fart og energi vi andre berre kan drøyme om, dei er også dei aller mjukaste, mest hengivne koseklumpane, der dei ligg med sine tunge hovud i matmors fang og lyttar til dei siste tekstutdraga. Slikt kan ein indieforfattar ha god bruk for. Det er nemleg ikkje alt som høver menneskelege øyre før teksten har fått prøvd seg litt.

Dei er rett og slett så inspirerande, desse to, kjenner eg, at dei kanskje må få seg ei bok ein dag. Ei bok om menneskeleg toskeskap, om kloke, lykkelege hundar og uendeleg kjærleik.

Publisert på

Neste veke kjem «Kodemysteriet»! Her er ein liten «smakebit»!

Neste veke ventar eg dei første ferdigtrykte eksemplara av «Kodemysteriet»!  De som har allereie har tinga boka vil då snart ha boka i handa. Under får de ein liten smakebit frå det første kapittelet:

 

Kapittel 1.VARGHOLMEN

Firenze, måndag 12. april 1497

I det mørke smuget stod ein mann i skjul inntil eit tre. Lyset frå ei lykt kom sakte nærare. Han kunne enno ikkje sjå kven som bar lykta, for den vide hetta på kappa den mørkkledde hadde på seg, kasta skugge over andletet. Mannen såg seg vaktsamt rundt. Hjartet hans banka fort. Han visste at oppdraget han no skulle få, måtte utførast i største løynd. Han måtte vere sikker på kven som var ven – eller fiende. Han tok eit steg fram frå skjulestaden sin.  «Dette dokumentet må leverast så fort som råd», kviskra den mørkkledde, som no stod rett framfor han. Ei smal hand rekte fram ei lita bok. Boka var kledd i brunt kalveskinn, utan tekst av noko slag på den mjuke permen. «Ho skal leverast til Aldo Manuzio personleg. Trykkpressa hans er i Venezia, og du må reise allereie i natt. Aldo Manuzio veit at du kjem, og han veit kva han skal gjere med dokumentet. Sørg for at det ikkje kjem i hendene på Savonaròla, eller nokon av hans menn. Du må vakte det med ditt liv.»

Eduardo, mannen  som no var hyra som kurér for dette viktige dokumentet, bukka, gøymde boka på innsida av kappa si og tok imot den vesle skinnpungen med myntane den kappekledde ga han. Andletet var framleis skjult, stemma var kviskrande, men då lyden av raske fotsteg blei borte, og skuggen forsvann i mørkret, rakk han likevel å oppfatte at personen var ei kvinne.

Vargholmen, måndag 1. oktober 2018

«Dette hadde eg ikkje sett for meg! For eit kråkeslott av eit hus, Anna!» sa Siri, mens ho vrei og vende på mobilen sin for å ta eit bra bilde av huset.

«Kråkeslott er ordet!» lo Anna, og løfta opp slåa på den vindskeive porten. Det høyrdest ein skrikande lyd då ho dytta han opp. Porten hang på den eine hengsla. Den andre var knekt av rust. Jamringa kom frå den eine hengsla som åleine måtte bere den tunge porten.

«Det ser ut som eit spøkelseshus!» kom det frå Erik, som gjekk litt bak dei to jentene på grusgangen fram mot huset. Dei stoppa utanfor det store, gamle huset, med kvite, malingsslitne skodder ved vindauga, og ei diger, kvitmåla inngangsdør, fire trappetrinn opp frå bakken. Sjølve huset var også kvitt, men malinga hadde flassa av fleire stader på veggflatene. Det høge, smale huset med karnapp stikkande opp og ut både her og der, såg nesten ut som om det svaia svakt i vinden. Rundt huset var det eit villniss av ein hage. Hagen hadde ikkje blitt stelt på årevis – dei gamle epletrea, ripsbuskene og rosene fekk leve sitt eige liv og vekse som dei ville. No hadde alle blada frå trea blåse bort, og dei nakne greinene klamra seg til kvarandre som om dei fraus. Det som ein gong hadde vore eit kvitt stakittgjerde rundt hagen, mangla både stolpar og bord og gliste som ein roten tanngard mot dei.

Korleis det går med Eduardo og det hemmelege dokumentet, kva Anna og venene finn i det gamle huset, korleis dei kjem i kontakt med Rex og Sid i New York  – og kva som hender på Vargholmen og i New York – det får du vite om du les resten av boka!

Publisert på

«The Iceberg Family»

 

Har du familie eller vener i utlandet? Kanskje du skal reise utanlands og vil ha med deg ei gåve til nokon som er engelsktalande? Eller kanskje berre ha engelsk lesetrening med ei spennande bok? Då er boka «The Iceberg Family» midt i blinken!

Boka ligg no på den norske Bokbasen og kan tingast frå dei fleste norske bokhandlarar på nett. Og sjølvsagt på www.olla.no og IngramSparks salskanalar på nett, t.d. Amazon. Boka blir trykt opp på bestilling, så ver ute i godt tid om du ønskjer ho til ein bestemt dato!

Publisert på

Bokhausten!

Bokhausten på Olla Forlag!

Igjen dristar ør-vesle Olla Forlag seg ut på det store bokhavet, i hauststormane – vel vitande om at sjansen for å drukne er overhengande!

No er heldigvis ikkje målet mitt å vinne noko konkurranse mot dei riktig store, etablerte forlaga – det ville nok bli ei særs dårleg plassering, marknadsføringsbudsjettet tatt i betraktning. Ei heller håpet om millioninntekt! Men eg vågar likevel denne påstanden: eg veit dei er der ute, dei som likar bøkene som kjem frå dei små forlaga, også. Dei må berre vite omn dei!

Eg er så glad og takksam for alle gode tilbakemeldingar, alle bøker de har kjøpt, alle gode ønske. For framleis er det ei stor glede å formidle dei gode historiene. Vissa om at bøkene blir lesne og likt er litt av ei drivkraft!

Derfor håper eg på hjelp til spreie ordet denne gongen, også. Om du likte boka du las, fortel det gjerne til andre! Det er den beste marknadsføring ein kan få!

Denne hausten kjem «Kodemysteriet» – den tredje og siste boka i serien om Anna og Kaspar. Lesarane av dei to første bøkene har blitt eit år eldre, det har Anna og venene hennar også. Boka er skriven særleg for dei i aldersgruppa 10-13 år, men etter tilbakemeldingane eg har fått frå testlesarar, er ho spennande for alle, også vaksne. Lanseringsdatoen kjem så snart lokalet er klart!

I tillegg er den neste boka under arbeid: «Tippoldefar Jakobs julekort». Dette er ei bok som høver godt å bli lesen kvar kveld i adventstida, inndelt i 24 kapittel – som ein adventskalender, fram mot jul. Ei bok som høver godt for høgtlesing, barn og vaksne saman. Det er eit retteleg gammaldags eventyr, nostalgisk og koseleg – og bittelitt skummelt innimellom. Lanseringsdatoen for denne boka er ikkje heilt klar endå, men ho kjem sjølvsagt i tide til å bli lesen frå 1.desember.

Som tidlegare nemnt er «Birger’s Odyssey» også snart ute i engelsk versjon, slik allereie «The Iceberg Family» av Audbjørg Gjerde Lippert er å finne t.d. på Amazon.

Lydbokproduksjonen av Anna og Kasparserien er også i gang! Første boka kjem i løpet av hausten.

Det er også planer om eit bokarrangement i oktober, arrangert av oss som tidlegare har samarbeidd om formidling av våre nynorske bildebøker! Dette kjem vi tilbake til – berre å gle seg!

Til våren kan vi gle oss til Audbjørg Gjerde Lipperts roman: «Zapping».

God bokhaust til alle!

Publisert på

A small snippet from «The Iceberg Family» Audbjørg Gjerde Lippert/Tarjei Rypdal Eide (ill.)

… Ice Mother and Ice Father are also worried. First of all they think of their kids, especially of Ice Bjorg, who is so little and wild. “Watch out!” Ice Mother says before Ice Father goes on: “Watch out for the boat! You can never know…”“But is it dangerous then? Think if it just want to see how nice there is in our Ice Fjord”, Ice Finn murmurs.  He is not able to say more before the boat places itself close up to them. In it there are some strange creatures, all in blue clothes, even bluer than Aunt Ice Blue. From a device they have in their hands, and with which they point at them, comes a stream of weak clicking-sounds, – almost like the sound of the bird chicks before they manage to sing properly. The icebergs are watching them wondering and are curious to know what is going on. Ice Bjorg wonders whether she will swim closer to have a better view, or whether she will hide behind Ice Father. Close to him she always feels safe. Then something even stranger happens. They can see that a hatch in the boat opens, and that there is a big hole in it close to the sea level. Inside the hole, the blue creatures are standing very close to one another. At the same time, some orange flakes are set down on the water. The flakes look a bit like the big boat, but are much, much smaller. They float, and with a roar they drive up to the blue creatures who come out of the hole, one by one, and take place in the mini boats. When the small boats are full, they start up and come towards them in an almost endless line. Is this what is called people? Men, women and children? The Ice King wonders. He thinks about stories the whales have told him. There shall be several milliards of people elsewhere in the world, they have said.  This is frightening, because the mini boats lie just until The Iceberg Family, and with their black devices the blue creatures are clicking and clicking. There seems to be no end to it. The creatures move from place to place just like the polar bears and the seals do. “What are they doing, Daddy?” Ice Bjorg looks askingly at her father.

“I wish I knew”, he says quietly without taking his eyes away from what has come into his world. He thinks about what he has heard the whales tell about these boats that cross all the oceans. Is it their turn to be paid a visit now? What will it lead to for him and his family?

Publisert på

Framsida til «Kodemysteriet» er klar!

Framsida på den tredje boka om Anna og Kaspar er klar! Også denne gongen er ho laga av Tarjei Rypdal Eide.

Det er endå ei stund før boka er heilt ferdig – slikt som redigering, språkvask og korrektur må til, men i løpet av hausten skal ho vere ute!

Som i dei to andre bøkene om Anna og Kaspar, «Amulettmysteriet» og «Det gamle slottet», er det også denne gongen, i «Kodemysteriet»,fleire parallelle historier, som til slutt blir fletta saman.

Mens Anna, Kaspar og venene leitar etter spor på Vargholmen i Norge, opplever Rex og kompisen hans mystiske hendingar i New York. Vi tar også eit blikk tilbake til året 1497 –  til Italia – der ei dramatisk hending er utgangspunktet for mysteriet Anna og venene møter 521 år seinare.

Det skal vise seg at gamle, støvete, nærast uleselege bøker kan innehalde spennande, skjulte bodskap…..

Meir om «Kodemysteriet»:

«Anna kjente panikken som ei kald klo rundt kroppen. Ho klarte ikkje røre seg! Stega i trappa kom nærare, snart ville den framande vere oppe! Han måtte ikkje finne henne! Det var som om lyden av fotstega i trappa forsterka seg til gjallande kanondrønn i hovudet til Anna. Det susa i øyrene hennar, hjartet dunka hardt og fort. Sekunda kjendes som år. Plutseleg slo ein tanke ned i hovudet hennar. Ein skarp, klar tanke – som eit oppklarande lyn. Ho stira på den breie karmen under vindauget i karnappet. Akkurat då kom det eit pling frå telefonen i handa hennar. Den lyden måtte personen i trappa også ha høyrt! Fotstega i trappa blei raskare! Anna rakk ikkje sjå på meldinga, ho tok eit kjapt steg mot vindauget, og tenkte at ho berre hadde ein einaste sjanse. Ho stappa kartet i bukselomma, og greip hardt tak i kanten på karmen.»

Anna er igjen midt oppi mystiske hendingar. I denne boka er ho saman med hunden sin, Kaspar, og dei to venene, Siri og Erik, i eit gammalt hus på Vargholmen, der det ligg eit kystfort frå krigens dagar. Annas familie har arva det gamle huset frå onkel Peter, som har budd i USA i heile sitt vaksne liv. Peter hadde også eigd eit antikvariat i New York, og hadde heile livet sitt forska på hemmelege kodar som fins i gamle, støvete bøker frå fleire hundre år tilbake i tid.

I huset på Vargholmen finn Anna eit brev som Peter har skrive til henne før han døydde. Dette brevet er starten på jakta etter eit godt gøymd dokument – ei bok som har ei heilt spesiell historie.

Anna og venene kjem i kontakt med Rex, som har overtatt Peters antikvariat i New York. Saman løyser dei kodane og finn spora som fører dei nærare den mystiske boka.

Men snart viser det seg at også andre, av gode grunnar er ute etter den same boka, og desse personane skyr ingen ting for å få tak i ho. Det blir meir spenning, og farlegare enn dei kunne tenkt seg, då dei etterkvart kjem ut for farar og utfordringar – både dei som er på Vargholmen, og i dei som er i New York.

 

Publisert på

The Iceberg Family

«The Iceberg Family» er no ute på alle IngramSparks utsalskanalar, t.d. Amazon,Adlibris, Bookmate, Follett, Gardners, Rockstand – og mange fleire.

Sjølvsagt kan boka kjøpast direkte på www.olla.no også.

«Isfjellfamilien» på norsk er førebels utseld, men vil også etterkvart kunne skaffast via PrintOnDemand.

Sidan det er første gongen vi prøver oss på ordninga med å trykke bøkene etterkvart som dei blir bestilt, var det særdeles spennande å opne pakken då prøveeksemplaret kom i posten. Sjølv om ein har fått pdf-filer til godkjenning, og alt såg bra ut, veit ein aldri heilt sikkert korleis kvaliteten er før ein har boka i handa. Kvaliteten er rett og slett heilt topp – og vi er godt nøgde!

 

 

Publisert på

Nynorsk? Bokmål? E-bok? Lydbok? Hard-cover? Pocket? Trykkeopplag? Print On Demand? Pris?

Spørsmåla er mange når ei ny bok snart er på veg ut i verda – svara på eit par av dei kjem her!

Likar du best å ha ei papirbok å halde i? Er den taktile kjensla ved å ta i, og bla i boka ein viktig del av leseopplevinga? Eller les du like gjerne e-bøker? Kva med barn og unge – les dei like gjerne e-bøker?

Sjølv vekslar eg mellom dei ulike utgåvene av ei bok. Ei bildebok vil eg nok framleis helst ha i papirutgåve, men andre bøker konsumerer eg like gjerne som e-bok, eller lydbok. Kva medie boka kjem i er underordna sjølve historia – og innhaldet.

Språkspørsmålet, derimot, er ikkje underordna.

Eg får ofte dette spørsmålet: «Kjem boka på bokmål, også?»

Svaret er nei. Eg har faktisk omsett den første boka om Anna og Kaspar, «Amulettmysteriet», til bokmål. Det blei ikkje så bra som eg hadde håpa. Det kjentes for meg som om heile historia endra karakter –  det blei som ei anna bok, ei anna stemning. Bokmålsutgåva mi kjem ikkje til å bli sendt ut i verda.

Den siste boka om Anna og Kaspar, bok nr tre, «Kodemysteriet» – som no snart er ferdig – laga eg også eit bokmålutkast til. Berre for å ha prøvd det. Det fungerte slett ikkje. Språket er ein del av ein sjølv, både Anna, Kaspar og eg er frå Nordvestlandet, nynorsken er språket vårt. Eg kan elles bruke bokmål i utsegn av ulike slag, men historiene, forteljingane – det som handlar om å leve seg inn i ei anna verd, inn i fiksjonfigurane sine liv, det som ligg nær hjartet – det må for meg vere på nynorsk.

Ein del av argumentasjonen eg høyrer, er at mange fleire ville ha kjøpt boka om ho var skriven på bokmål.

No er det slik at det ikkje er mange forfattarar i Norge som kan leve av sin litterære produksjon åleine. Om ein då ikkje er Nesbø. Eller Horst, eller noko slikt. Eg las nettopp ein stad at ein norsk bokdebutant sel i gjennomsnitt 248 bøker. Om ein er utgitt på eit stort forlag og får ca 10% frå boksalet – eller gir ut sjølv, og også har alle utgiftene – er det innlysande at det ikkje er trua på ein gylden, viltveksande pengestraum som driv ein. Det hadde vore ein fin bonus, sjølvsagt. Timane som går med til bokarbeidet er nesten uråd å måle – inntekta svarar ikkje på nokon måte til innsatsen. Men eg kjem ikkje til å “fri” til eit større publikum ved å skrive på bokmål. Eg er ikkje prinsippielt imot bokmål – det er berre det at eg føler eg skriv betre, og kjenner meg friare i nynorsk vokabular.

Om eg veit at inntektsmåla kan vere harde å nå, er likevel draumen om å dele ei historie, ei oppleving – og å gjere mitt beste for å greie det, ei stor drivkraft. Historier, litteraturmøte, bøker eg sjølv har lest har gitt opplevingar som sit i minnet i årevis, har flytta på meg mentalt, gitt meg ny kunnskap og innsikt, har fått meg til å forstå andre menneske – og meg sjølv. Bøker har fått håra til å reise seg i nakken – bøker eg aldri ønska tok slutt, men som eg berre måtte bla vidare i. Bøker har fått meg til å gråte – og til å le.

Kanskje kan også mi forteljing, mi bok gje den gode opplevinga til eit barn?

Eg har historier som lever sitt eige liv der inne i hovudet, og som eg gjerne vil prøve å få ned på papiret og dele med fleire. Konklusjonen så langt for min del er derfor at bøkene frå mi hand framleis vil komme på nynorsk. For nynorsken ligg hjartet mitt nærast.

Så får eg heller håpe på at stadig fleire vil oppleve nynorsk som eit godt lesespråk, at foreldre, besteforeldre, tanter og onklar ser bonusen barn kan få ved å meistre meir enn eitt skriftspråk, at språket kan tilføre historiene ei særleg stemning, ein fin koloritt, ei ekstra oppleving.

Men e-bok og lydbok – det trur eg nok eg kan love. På nynorsk. Det er på gang.

 

Publisert på

Sommartilbod!

Sommaren er lesetid! Tenk deg: ein strålande soldag på ei kvit strand, med dovne bølger rullande inn mot den mjuke, solvarme sanden. Kanskje har du ein sjokoladebit i nista også? Og sjølvsagt ei god bok!

Den dagen vi var på stranda på Sandøya for å lage junikapittelet i boka vår «utandørs i nordvest», var det ein kjøleg forsommardag, med litt regn i lufta. Men lufta var klar og frisk – og sjokoladen smaka nydeleg!

Trykk på «butikk» her på sida – så får du sjå sommartilboda på Olla Forlag.

God sommar – og god bok! 🙂

Publisert på

Birgers odyssé – framleis like aktuell!

Det har allereie gått eit heilt år sidan boka kom ut – framleis like aktuell! I løpet av dette året har det vore mange formidlingar, utstillingar, høgtlesingar og samtalar med barn i alle aldrar som vil vite meir om Birger og tippoldefar Oles opplevingar i Antarktis.
Bilde frå boka har blitt forstørra til store format og heng på stueveggar rundt omkring.
Om ikkje lenge er boka å få i engelsk språkdrakt, omsett av Lise Rønnestad, i “print on demand”-versjon.
Boka finn du saman med dei andre bøkene frå Olla Forlag under butikkfana her på sida!

9F0532A0-E848-4D52-841E-5A257D5E71A1

Publisert på

Kofferten

Tidlege morgonar er den beste tida på døgnet å dukke ned i skrivearbeid. Slik også i dag. Ein riktig god arbeidsdag, allereie før klokka er 8 om morgonen. Endå har eg nokre timar på meg før dei firbeinte, prikkete karane mine forlangar tur.

Eg skriv i fin flyt, det eine kapittelet føyer seg etter det andre, plottet er på plass, hovudpersonane oppfører seg stort sett etter mitt hovud, med nokre få uventa krumspring. Det får eg vel tåle. Skal eg endre tittelen tru? Endå er det berre ein arbeidstittel. Skal eg utsetje ein av hovudpersonane for endå hardare medfart, før alt går bra? Litt for lite spennande? Litt for skummelt? Litt for sært? Spørsmåla er mange, mens bokstavane renn bortetter skjermen som ein hoppande, sildrande bekk. Snart er manuset klart nok til å sendast til manuskonsulenten.

Det er berre eitt problem. Heile tidar dukkar det opp eit forstyrrande element i hovudet: kofferten. Eg veit at det går føre seg ting på loftet. Eg veit at ting stadig blir flytta på, eg veit at ting aldri er der eg trur dei skal vere. Den gamle kofferten, som eg alltid har med meg når eg skal lage historier saman med barn på skular, bibliotek og andre stader, ser ut til å vere tilhaldsstad for nokon. Eg opnar alltid kofferten forsiktig, vel vitande om at eg kan få ei overrasking, sjølv om eg pakka kofferten etter alle kunstens reglar kvelden før. Før eg veit ordet av det bryt han vel inn og tar styringa på heile opplegget eg har saman med barna! Men eg har aldri funne ut kven det er som ser ut til å leve sitt eige, merkelege liv i kofferten. Før no. Historia om denne vesle krabaten bryt seg fram, er eg redd. Eg må berre prøve å halde loket på kofferten til eg er ferdig med denne andre boka eg arbeider med kvar dag no, den som snart skal vere klar, før eg slepp fram den vesle karen som no brenn etter å  fortelje historia si.

God søndag!

Publisert på

«Redd insekta!»

Det hender eg er så heldig at eg kan få dikte historier saman med svært kompetente medforfattarar. Dei eg no i det siste har boltra meg saman med, er eit knippe elevar i 3. og 4.klasse. Og det om eit så viktig tema som insekt!

Vi har vore ute i «felten» og studert insekta på nært hald, med forstørrelsesglas og artsskjema. Vi har også leita oss fram til mykje interessant informasjon om desse fantastiske små (og nokre store, også) krypa, og kor viktige dei er for livet på jorda. Ei veldig spennande bok vi hentar mykje informasjon frå er boka Insektenes planet, av Anne Sverdrup-Thygeson.

Problemet no er at insektartar er i ferd med å forsvinne – det blir stadig færre insekt på jorda. Noko må gjerast!

Undersøkingane våre fører til stadig nye kapittel i boka vår med arbeidstittelen «Redd insekta!» Med utgangspunkt i alt vi lærer om i faktastoffet – som er fantastisk nok i seg sjølv – diktar vi vidare saman. Det hender vi må ty til rett så spreke virkemiddel for å løyse problema i ei spennande historie!

Historia vår handlar om eit team leia av entomologen Axel, som har fått i oppdrag å finne ut kvifor insekta forsvinn, og kva som kan gjerast for å redde dei.

Axel og teamet hans har allereie vore i Antarktis og redda den vesle fluga Belgica antarctica – ei fluge som ikkje toler at temperaturen stig.

Det blei ei spennande reise! I tillegg til dei to andre i forskarteamet, viste det seg at dottera til Axel, Lisa –  som er 10 år, hadde greidd å lure seg med på ekspedisjonen!

Dei møtte store farar og utfordringar i Antarktis, men dei løyste problema, ikkje minst ved hjelp av modige Lisa, som såg ut til å vite råd for det meste. I tillegg fekk teamet, etter dramatiske hendingar, ein ny deltakar: Lannan, frå Australia.

Både Lisa og Lannan får bli med vidare, då dei i neste kapittel skal til regnskogen i Sør-Amerika, og redde den utryddingstrua sommarfuglen Cryptoses choloepi!

Denne sommarfuglen bur berre i pelsen på det tre-tåa dovendyret! Det er faktisk eit heilt økosystem i pelsen på dette dovendyret. No skal dei finne ut kva som er problemet – og vi får håpe dei løyser problemet denne gongen også!

 

Her eit lite utdrag frå historia vår:

«Men kva er det eigentleg som er problemet?» spør Marî.

Axel fortel meir om oppdraget – han har snakka med miljøvernorganisasjonen i telefonen:

«Problemet er at trea i regnskogen som dovendyra bur i, blir hogd ned! Då mister dei buplassen sin, og kan døy fordi dei ikkje finn stader å bu. Og slik døyr også sommarfuglen i pelsen ut, om vi ikkje gjer noko!» seier Axel.

 «Sommarfuglen bur nemleg  i pelsen til det tre-tåa dovendyret. Som vi nettopp har høyrt, går dovendyret ned på bakken ein gong i veka for å gjere frå seg. Då legg sommarfuglen egga sine i lorten. Larva utviklar seg i lorten, og når larva har blitt ein vaksen sommarfugl klatrar han tilbake til ein dovendyrpels.

Sommarfuglane lever, døyr og brytest ned i pelsen til dovendyret. Dette aukar næringsinnhaldet og lagar gode forhold for ein alge som berre veks i dovedyrpels. Denne algen er viktig næring for dovendyret, som slikkar algen i seg. Fargen på algen gjer også at dovendyret blir kamuflasjefarga og kan gøyme seg i trea.»

 Endeleg er dei framme i regnskogen. Teamet til Axel er som vi veit utvida med to nye teammedlem som no er med vidare på ekspedisjonen: Lisa og Lannan.

Dei er hoppande glade etterkvart som dei går innover i skogen, for det aular og kryp med insekt over alt. Det høyres stadig begeistra utrop frå den eine og den andre når dei oppdagar eit sjeldant insekt, eller ein edderkopp.

Men dei må også vere forsiktige, det er mykje ein må passe seg for i regnskogen, til dømes farlege slangar. Dei har allereie sett tre grøne mambaer!

 Dei er framme ved ei rydning i skogen. Dei har fått vite at det er i dette området dovendyra bur. Dei slår opp telta sine og ryddar bort høgt gras rundt telta, slik at dei kan oppdage det, om ein farleg slange nærmar seg.

 «Kva er den lyden?» spør Lisa. Alle lyttar. Det høyrest ut som ei motorsag! No går dei etter lyden, og snart får dei sjå problemet dei er der for å løyse:

Store maskiner er i ferd med å sage ned nokre av dei største trea! Dei tenker på alle dei forskjellige krypa, dyra, fuglane og plantene dei veit bur i desse trea – ikkje berre i trea, men også i underskogen og i jorda! Blir trea borte, blir også alt dette yrande livet utrydda!

Lenger borte ser dei at ein stor plass har blitt rydda. Her er det laga ein diger platting, og ein skyskrapar er i ferd med å reise seg opp frå bakken. Bygningen er allereie høgare enn fleire av dei høgaste trea i regnskogen, og det ser ut til at han skal bli endå høgare. Rett ved byggeplassen står eit stort skilt: «SMITH’S TURIST-EVENT»  Med litt mindre skrift under desse gigantiske bokstavane står det: «Ta ein selfie saman med våre tamme dovendyr!»

Alle i teamet blir rasande.

«Kva gjer vi no?» spør John.

 

 Eg kan knapt vente med å finne ut kva som hender vidare!

Publisert på

Picturebooks in English Edition!

Soon to come from Olla Forlag: two picturebooks in English edition!

«The Iceberg Family» by Audbjørg Gjerde Lippert, illustrated by Tarjei Rypdal Eide, translated by the author  – and

«Birger’s Odyssey» by Olla Rypdal and Tarjei Rypdal Eide, translated by Lise Rønnestad.

 

Welcome to follow Olla Forlag on Instagram and Facebook – also welcome to sign up for newsletters at www.olla.no

 

THE ICEBERG FAMILY

 PREFACE:

I got the idea to this children’s story “The Iceberg Family” after adventurous voyages to Antarctica and Greenland/Svalbard/Iceland with the Explorer ship “Fram”.

I was thrilled by the icebergs, and by the nature that surrounds them. For me the icebergs are  life and identity. They are creatures with thoughts and souls that live their lives in wild and beautiful, but vulnerable nature. The beauty of these areas with their mountains, snow and ice surpasses everything.

The icebergs tell their story themselves. We meet The Ice King and The Ice Queen who live together with their family in this clean, beautiful ice world. There they have their pleasures and sorrows. Now and then they hear scary news and rumours about what is going on in the world outside, among other things about whales that get their stomachs filled with plastic. One day a boat arrives in their kingdom. What will that do to the vulnerable nature there?

It has been claimed, however, that only the one who has experienced the Arctic, knows to take care of it. Nevertheless, these areas are vulnerable and can easily be polluted and damaged.

These are – as I see it – important questions that very well may be discussed with the children. I have tried not to dramatize the problem, just in careful ways asked some questions about how we relate to the wild and beautiful, but vulnerable nature. My hope is that this story will trigger further thoughts in the children’s mind.

Audbjørg Gjerde Lippert

 

BLURB:

The Iceberg Family live in The Ice Fjord far, far to the north. The fjord is clean and beautiful like the clearest glass. Here the iceberg children Ice Laug, Ice Finn and Ice Bjorg play all day long. Sometimes seals and whales come to see them, and now and then a hungry polar bear may show up. One day, however, something very special happens. A boat full of people in blue jackets comes into their fjord and begins to circle around them. The icebergs, both the small and the big ones, get frightened. What will happen to their family now? Can they live there safely as they have done up to now? Or will warm currents in the sea make them melt? Will plastic and garbage fill the stomachs of the whales and lead to their death? They have heard some rumours…

In this book Lippert has chosen to use some traits from the fairy tale, but without sticking completely to that genre. The mixture of genres is chosen to give the book a modern expression. At the same time the association with well-known fairy tale traits can be a motivator to make the children think their own thoughts. That is the author’s intention.

 

 

BIRGER’S ODYSSEY

‘He who cannot draw on three thousand years is living from hand to mouth.’ ―

Johann Wolfgang von Goethe, 1749 – 1832

 

PREFACE:

For as long as the first human beings have existed on Earth, we have told each other stories of Earth’s creation; stories of how elements and incidents of nature could be explained by fights between heroes and monsters, stories about the fight between evil and good forces.

Through time, the number of stories has increased. We wonder what may exist in the sea, in the air, on and inside the planet Earth, in the ice, beneath the ice…

Most of this is explainable, but fiction is lifting our thoughts and dreams.

At the same time, science and research discover traces from ancient people and animals. We may learn something about how our ancestors took care of nature and Earth. Could it be that knowledge of past times might be useful today, to help us taking care of the Earth?

We no longer fully believe in old stories passed on to us, they cannot explain everything. Our fantasy, however, needs these stories to find new paths – paths to help us care for everything in nature, both inside and outside this one planet Earth on which we live.

In this book, we get to meet Birger. He likes stories. The scientific story of man, of our Earth and everything that lives, and has lived – but also the exciting stories told by our ancestors to explain how everything was mutually linked together.

Approximately 3000 years ago, a poet named Homer was said to live in Greece. He collected contemporary myths and stories, some of which he retold in his book about Odysseus and his journey home from the Trojan War. Since this book became very famous, the word Odyssey has become a synonym to a long journey.

Birger is also familiar with this story because he has heard it from his parents. They have also told him about Birger’s great-great-grandfather, Ole. He was a machinist on a whaling ship, and almost a hundred years ago, he went whaling in the Southern Ocean.

In Birger’s Odyssey, Birger is the one heading for a long journey. Before he leaves together with his parents, he finds the whaling diary that his great-great-grandfather Ole wrote when he was in the Southern Ocean.

In Antarctica, Birger gets to experience research and science linked to the Earth and the ice. At the same time, he is reading about the whaling adventures of his great-great-grandfather Ole. Birger is also writing his very own book about his personal imaginary Odyssey.

 

BLURB:

«Then he can hear it. The sound that he has merely sensed, now he can hear it loud and clear. It keeps getting closer. It seems like some sort of breathing. Birger can feel the shivers down his spine. He fumbles for his headlamp, turns it on and flashes the light towards something moving between the stalactites »

In this book, we get to meet Birger. He likes stories. The scientific story of man, of our Earth and everything that lives, and has lived – but also the exciting stories told by our ancestors to explain how everything was mutually linked together.

In Birger’s Odyssey, Birger is the one heading for a long journey. Before he leaves together with his parents, he finds the whaling diary that his great-great-grandfather Ole wrote when he was in the Southern Ocean.

In Antarctica, Birger gets to experience research and science linked to the Earth and the ice. At the same time, he is reading about the whaling adventures of his great-great-grandfather Ole. Birger is also writing his very own book about his personal imaginary Odyssey.

 

 

Publisert på

Krim – god eller dårleg litteratur?

Her om dagen sto denne artikkelen i «PERSISKOP – Kritikk av kunst for barn og unge»:

«Hvorfor er det så stor offentlig begeistring over at barn foretrekker en sjanger som står langt nede i kulturlivets hakkeorden?

Av Lisbeth Fullu Skyberg Karl Fredrik Tangen »

Kva er viktigast: atbarn og unge les – eller kva dei les?

Drøftinga i artikkelen handlar om at mange meiner skole og bibliotek løner kvantitet framfor kvalitet – og peikar på at krim for barn, så vel som for vaksne tradisjonelt ikkje blir rekna som kvalitetslitteratur.

Frå artikkelen (tala i sitatet viser til referansane i teksten):

«I en tekst fra Kulturrådet spør forfatter og redaktør Geir Gulliksen om hva det er vi snakker om når vi snakker om kvalitet.[5] Det er vanskelig å enes om en felles definisjon, sier han, fordi kvalitetskriteriene vil variere ut fra hva slags litterær tekst vi forholder oss til. Gulliksen ender likevel opp på det kjente prinsippet om et skille mellom bøker som først og fremst underholder og bøker som «gir oss en dypere forståelse for eksistensen».[6]»

I det daglege møter eg mange barn og unge når eg er på forfattarbesøk på skolane, eller er på turné med skriveverkstader i regi av DKS.

På spørsmål frå meg om kva dei meiner ei god bok bør innehalde, er nesten alltid det første svaret at boka må vere spennande. Vidare at det er action, at dei blir kjende med hovedpersonane, at desse kan få problem, men at dei løyser dei mot slutten av boka. Dei aller fleste likar at boka skal ende godt – at det går bra med hovedpersonane.

Utifrå dette er det ikkje så rart at barn og ungdom likar krimbøker.

Definisjon på kriminallitteratur, henta frå Store norske leksikon:

«Kriminallitteratur, ofte bare kalt krim, er en samlebetegnelse for underholdende, spenningsfylt litteratur om etterforskning og oppklaring av en forbrytelse.»

Eg har tidlegare på sida her skrive om mine eigne første møte med litteraturen. Om den første «drepande kjedelege» boka eg sleit meg igjennom som fersk lesekode-knekkar. Noko som nesten tok knekken (for å halde på nøtteknekkar-metaforen) på leselysten for evig og alltid. Takka vere min kjære morfar, han som hadde greie på korleis ei god historie skulle forteljast, kom eg meg ut av dette uføret. Han henta fram bøker så spennande at eg igjen fekk trua på forteljinga – og trua på at eg kunne lese sjølv.

Det gjekk ei tid der eg «slukte» serielitteratur, frå Gulltopp, Bobseybarna, Fem-serien, Frøken Detektiv – til Hardy-guttene.

På eit tidspunkt i dette endelause konsumet, kom morfar igjen på banen, og meinte at no var tida inn for anna lesing. Takka vere «konsumlesinga» (som hadde gitt meg god, teknisk lesekompetanse) og morfars gode forslag til vidare lesing, ofte krydra med anekdoter, innfallsvinklar og referansar som hjalp meg til å komme inn i desse nye bøkene, var eg snart i gang med klassikarane frå verdslitteraturen. Eg oppdaga at det eg hadde lese i metervis og kilovis, eigentleg hadde blitt kjedeleg, repeterande, enkelt og forutseieleg.

Endå seinare, då eg som vaksen sette meg inn i kriteria for god litteratur – og analyserte noko av alt det eg hadde konsumert av serielitteratur, såg eg at det nok kunne stemme at mykje av denne litteraturen ikkje var spesielt god, reint litterært – med klisjear, enkle, skjematiske personskildringar, språkfattigdom, fordomsfulle utsegn og stereotype skildringar.

Min påstand er likevel at eg ikkje hadde blitt kjent med klassikarane, kvalitetslitteratur frå alle tider og frå alle verdsdelar, om eg ikkje hadde vore innom «konsumlesinga» – og etterkvart bygd opp mi eiga forståing av kva ei god bok kan vere.

Artikkelen vidare, om Sophie Hannah:

«Slik er det ikke mer. Ved at oppmerksomheten er flyttet fra hva barna leser til at de leser, 

At barna, som de voksne, tenderer mot å velge seg krim når de leser av lyst, er ikke noe mysterium, mener Sophie Hannah. Sjangeren har iboende feelgood-elementer. Selv om ingen liker at slemme folk gjør dårlige ting og kommer unna med det, er det nettopp det som skjer i det virkelige livet hele tiden. I krimromanen blir imidlertid de onde straffet, mens de gode vinner – etter å ha løst puslespillet og gjenopprettet harmoni og balanse. Siden livet stort sett består av å fundere over uløselige puslespill, kjennes det godt med en sjanger som setter varianter som faktisk lar seg løse i sentrum, sier Hannah.»

«I kronikken «Kriminell kvalitet» skriver Jørn Lier Horst at han mener at krimlitteraturens suksess skyldes at «strømmen av likegyldige og ensartede krimutgivelser har stoppet opp» og at sjangeren nå er preget av «vitalitet og kvalitet».[21] Både språket, oppbyggingen, karakterene og konteksten har blitt rikere og mindre stereotypisk, sier han. «I sum handler genrens popularitet om kvalitet. Språklige, stilistiske og formmessige skjønnlitterære grep, samt sosiologiske betraktninger og samtidsanalyse får mer og mer innpass.[22]»

Eg er langt på veg einig med Jørn Lier Horst her. Det treng ikkje å vere noko motsetning mellom såkalla kvalitetslitteratur og krimlitteratur.  For å hente opp påstanden artikkelen innleia med: eg meiner at barn og unge les, er like viktig som kva dei les, det bør heller ikkje vere noko motsetning – men vi må ved hjelp av dei metodane vi rår over, sørge for at det dei les faktisk også er god litteratur.

Krimlitteratur må handle om kvalitet på same vis som all anna litteratur.

Litterturkritikarane må meir på banen og vurdere denne sjangeren med krav til kvalitet som blir nytta elles.

Dette vil vere bra for både forfattarane og for lesarane. Slik vil etterkvart bøkene med dårlegast kvalitet bli luka ut.

Samtidig er det viktig at ein i leseopplæringa gir barn og unge verkty til å vurdere det dei les.

 

Eg skal denne påska, som ofte elles, kaste meg inn i det særnoske fenomenet «påskekrim» – med entusiasme, glede – og leselyst!

Eg ønskjer store og små ei riktig god påske – med eller utan krim!

 

Publisert på

Bokstabel på vandring

I den siste tida har stabelen eg ber med meg blitt tyngre og tyngre. Stabelen er ein skikkeleg røssleg bokstabel. Eg har alltid hatt fleire leseprosjekt gåande på same tid – eg skiftar lett lesefokus alt etter humør, høve, tid – og etter kor vaken eg er. Nokre bøker krev fullt fokus og eit vakent sinn – mens andre kan lesast som rein underhaldning utan å krevje for mykje av trøytte auge som knapt klarer følgje linja til endes.

I stabelen ligg det bøker eg har lese før, men som må plukkast opp igjen av og til, kanskje for å «konsolidere stillinga» – eller fordi det på side 347 står eit veldig glupt utsegn eg gjerne vil minnast på. Andre bøker i stabelen er der for inspirasjon til eigne skriveprosjekt, eller fordi nokon har sagt noko bra om akkurat den boka, eller fordi coveret var så spennande, eller fordi den siste boka eg las av forfattaren var så god, eller fordi eg vil skrive betre sjølv gjennom å lære av andre – eller fordi eg må kvile hovudet frå eigen idéspinning med noko som er så spennande at eigne tankar blir dytta bort ei stund.

Stabelen veks og veks, der eg dreg han med meg frå bordet ved sofaen, til arbeidsbordet, til godstolen, til kofferten når eg skal reise, til nattbordet, til bilen (det kan hende eg må vente på ei ferje) – er det opphaldsvêr blir stabelen også med ut i hagen. Kindelen min blir også jamt  og trutt fylt opp. Innhaldet her ville føye til mange kilo i bokhaugen om det var i papirformat.

Stabelen veks seg ekstra stor når eg sjølv har hovudet fullt av idéar eg treng å gjere research på, men også når eg har det så travelt med alle slags prosjekt at eg ikkje har tid til å lese, og altså berre skaffar nye bøker i staden for å lese meg gjennom dei eg har. Då vandrar stabelen i dagevis utan at ei einaste bok blir opna.

Målet er at det skal vere ein viss balanse mellom omfanget i det eg les – og det eg skriv. Eg meiner slett ikkje at eigen produksjon nokon gong skal kunne vere i nærleiken av slike  fysiske dimensjonar i omfang, som bokstabelen eg drassar rundt på – meir som omfang i tid, slik at eg sjølv kan få klemt ut ei og anna lita bokflis i ny og ne.

Om eg skal vere riktig ærleg med meg sjølv, kan det hende at bokstabelen veks, og eigenproduserte ord på papiret tidvis spinn på same sida, på grunn av manglande fokus – med altfor mange andre ballar i lufta.

Men: alt til si tid -no er det snart påske, og med den både lesetid og skrivetid. Mange gjeremål og oppdrag går saman med meg inn for landing. Om då ikkje bokhaugen dei neste to vekene aukar endå meir, skal eg ta ein god «jafs» nedi bokstabelen min – og jammen har eg som mål at mi komande «bokflis» også snart skal gå inn for landing.

 

Publisert på

Våren er her – «bring it on»!

Det kjennes godt når sola dukkar fram. All snøen som nettopp lava ned er borte, det spirer og gror i hagen, intens fuglesang vekker meg om morgonen.

Frikk og Kaspar, dei to prikkete hundane mine, er våryre og øsne – kaffekoppar på småbord lever utrygt når desse karane tar laust.

Det er visst vår overalt – også på innsida av hovudet mitt, kjennes det slik om dagen! Det «kriblar og klør» når nye idéar skal ned på papiret og ut. Vårsola gir energi på alle vis, eg gler meg over alle dei kjekke oppdraga eg skal i mål med.

Det er ofte slik i freelance-verda, det kan tidvis gå treigt, eller så kjem alt på ein gong – slik kjennes det no! Men det går bra, det er kjekt å vere i ei bra stim, at det går litt fort i svingane – for det er i svingane moroa er!

Årets turnéar med Kultursekken er i mål, men dei tre neste vekene skal fleire av produksjonane mine få «lufte seg» ved andre høve – i andre format, på nye arenaer.

Teaterverkstaden «Det blå egget» skal plukkast fram til ei lita visning. Denne produksjonen er avslutta og nedpakka – men eg gler meg likevel til å hente fram keiserinne KiHoNais silkekappe og lufte den Blå Lykkedragen igjen!

«Tor med hammaren» og «Forteljingar på F» skal også visast i litt andre format enn turnéversjonen.

Bildeboka «Birgers odyssé» skal formidlast gjennom bilde, musikk, utstilling og forteljing – og boka «utandørs i nordvest» har akkurat blitt presentert med lyd, bilde, høgtlesing og forteljing på eit bibliotek.

Nettopp biblioteka våre er noko vi skal vere stolte av og ta godt vare på – dei spelar ein viktig rolle som formidlar av ordet – og som møteplass og aktivitetsarena!

Gjennom biblioteket er også kollega Mette og eg i gang med ein omreisande animasjonsverkstad, eit prosjekt biblioteka i den komande storkommunen vår står for.

Om eit par veker brakar det laust med eit flott arrangement i regi av det kulaste koret: aChoir! Med eminent band og meisterleg innøvd reportar frå 20-30-talet, inviterar dei til «feelgood-konsert» i beste Gatsby-ånd. Hatt, hanskar og resten av utstyret mitt ligg klart – for eg skal få vere konferansieren denne kvelden. Er du i nærleiken av Brattvågen er dette tidenes konsertoppleving!

I høve sjølve våren, og alt som kravlar og aular av insekt og kryp, over og under jorda, kriblar det også i hovudet fram mot ein spennande «kick-off» om insekt på ein skule.

Innimellom kraslar det også på tastaturet som produserer fleire nye sider til boka som er under arbeid.

Forfattarsamarbeid, drodling og møter med kunstnarar innanfor fleire kunstuttrykk peikar fram mot nye prosjekt og hendingar utover vår, sommar og haust. Det er kjekt å ha mange ballar i lufta – den eine tanken dreg den andre med seg.

«Bring it on» seier eg – ha ein strålande vår!

Med våren kjem også endeleg verdas vakraste og nyttigaste skapningar fram, edderkoppane, her representert med bildet av ein av Gjertrud Hals sine kunstverk!

 

Publisert på

Våren kjem «utandørs i nordvest»!

Vi er midt i mars månad – den tida der alle årstidene ser ut til å slåss om merksemda vår: eine dagen tjukk snøkave, den neste sitrande vårsol – for så dagen etter å virvle oss rundt i friske stormkast.

Det er aldri kjedeleg utandørs i nordvest!

Tema for biblioteka i Møre og Romsdal i mars er havet, og medforfattar Audbjørg Gjerde Lippert og eg har fått i oppdrag frå biblioteket i Haram å formidle frå bokprosjektet vårt «utandørs i nordvest» komande onsdag, (20.mars) kl 18.00 på biblioteket på Vatne.

Som vi gler oss!

Vi feirar også den komande våren med tilbod på boka vår: kr 299,-

Tilbodet gjeld om du kjøper boka direkte frå oss, eller via www.olla.no. Tilbodet varer over påska.

Kjem du på arrangementet på biblioteket får du også kjøpt boka!

(Vipps, kort, bank eller kontant.)

Bilda under frå marskapittelet i boka vår, då vi var på Smøla!

 

Publisert på

Første indieforfattartreff gjennomført!

Då var det første indiforfatter-treffet over! Vi fire initiativtakarane (Linn-Marita Sandvik, Gro Marita Stennes Valdal, Elin Helland Johansen og Olla Rypdal), som allereie har starta eit samarbeid, har vore kriblande spente i lange tider: vil nokon dukke opp? Kan vi vere til nytte for kvarandre? Er dette noko vi kan arbeide vidare med?

Bro i Ålesund, er i tillegg til å vere restaurant, ein super arena for den slags forum som vi hadde i dag. Vi er glade for oppmøtet – mange hadde funne vegen – og det var særdeles interessant å høyre kva ståstad kvar og ein hadde hadde – og kva ein kunne ønske seg med eit slikt forum. Mange idéar og behov blei drøfta – vi håper dette er starten på noko større, på vegen til å skape eit fellesskap, og samarbeide om å synleggjere indieforfattarar i distriktet på ulike måtar framover.

Eg gler meg allereie til neste treff!

Foto: Jon Henriksen

 

 

Publisert på

Ut på tur med DKS!

Ein av dei verkeleg gode tinga med å arbeide som freelancer, er å kunne rå over eiga tid, fullt og heilt – i tillegg til det meiningsfylte i å kunne arbeide med det som ligg hjartet ditt nærast.

Eg har i mange år reist rundt med produksjonar for DKS, både forestillingar  og kulturverkstader – nokre i samarbeid med andre, andre åleine – ei veksling som er både tilfredsstillande og inspirerande.

Møta med engasjerte, ivrige elevar er ein «boost» –  ei energi-og vitaminkule utan like. Når ein er midt oppi det, i «flytsona» saman med elevane, er det lite anna som kan måle seg med dette. Det gir meining å skape, det gir meining å gje dei unge redskap til å uttrykke sin eigen kreativitet. Då er køyretimane på mørke, vêrtunge vegar gløymt, på den tida av døgnet då berre skogens firbeinte vågar seg ut.

På det meste har eg hatt opptil åtte ulike produksjonar på vegen i løpet av eit år. Til neste år trappar eg litt ned på turnéverksemda – til fordel for meir «kortreiste» oppdrag, og meir tid til bokskriving og forlagsarbeid.

Sjølv om eg trappar ned på reisinga , vil eg likevel ikkje unnvære heilt desse spennande elevmøta. Når eg i morgon går inn i dette skuleårets to siste turnéveker, noko eg gler meg til – er eg glad for å ha bestemt meg for å tilby to produksjonar til neste år også: «Forteljingar på F» og «Tor med hammaren».  I «Forteljingar på F» handlar det om å lage spennande historier saman, bygge «plot», øve på personskildringar, finne på frampek og «cliffhangers» – alt dette gjennom ulike innfallsvinklar og action på golvet.

«Tor med hammaren» er ein forteljar- og teaterverkstad, der elevane bruker sin egen kropp og stemme til å lage alt som trengs i historia dei får høyre: lydkulisser, rekvisittar, scenografi, rollefigurar, dans og replikkar – i beste improvisasjons- og teatersportstil.

Desse to produksjonane som i utgangspunktet er ein heil skuledag,  er også laga om til kortversjonar, til bruk for arenaer utanom DKS.

No i mars er fristen for skulane i fylket til å tinge dei kulturverkstadene dei vil ha til neste skuleår – og eg gler meg til endå ein runde med desse spennande, energifylte møta!

Publisert på

Søndagsmorgon!

Søndagsmorgonen er det aller beste tidspunktet i heile veka! Ved ettertanke kan det nok hende eg kallar svært mange andre tidspunkt  gjennom ei veke også for «det aller beste». Slik som då barna på ein av workshopdagane sist veke tok luven frå meg og skar igjennom alle mine førebudde skjema på korleis vi saman skulle skru i hop ei historie. Eg slapp tøylane, barna hadde full kontroll – og historia deira sit endå fast i minnet som ei av dei aller beste! Ei fin stund var det også då eg og hundane «lufta vitet»  i kuling og rufsever uti havgapet – slik vi rett nok gjer kvar dag – men altså fine stunder, det óg. Eller den første kaffikoppen om morgonen, telefonsamtalen med barnebarna, eit hyggeleg treff, eit spennande møte, ein knallgod middag, ein tulipanbukett…. Dei gode stundene er der altså som perler på ei snor, når ein berre kjenner etter.

Søndagsmorgonen er likevel spesiell. Etter ei veke på vegen på turné til skular rundt omkring i fylket, der det handlar om høg energifaktor, fullt fokus og konsentrasjon – og heile tida «hands on», kjem søndagen, blank og ubrukt. Dei dagane eg er ute med ulike workshops er det ikkje rom for så mykje meir arbeid, energien blir brukt fullt og heilt. Slike dagar handlar det mest om å komme seg ut med hundane når eg kjem heim. Men hele tida ligg manuset på boka som er under arbeid og surrar i bakhovudet. Søndag er dagen for å vere i flytsone med bokskriving!

I dag sto eg opp klokka halv fem. To glade hundar fekk frukost og luftetur, matmor fekk den heilt nødvendige kaffikoppen. Dei to glade sovna snart – men matmor kasta seg over arbeidet. Det store arket, som fyller mesteparten av bordet, hjelper meg til overblikket på strukturane, plottet, rammene, hendingane, personane. Dette er den aller kjekkaste prosessen med boka, når alle idéane blir sett inn i konstruksjonen. Nokre idéar blir kasta, nye kjem til – endå kan mykje skje, men strukturen er på plass. No kan eg leike meg med personane og hendingane. Dei første kapitla er nedskrivne, etter utallige omskrivingar – eg veit kva som skal skje i det siste kapittelet. Endå kjem det mange endringar, før eg omsider sender første «ferdige» utkast til testlesarar og manuskonsulent. Eg boltrar meg i parallelle historier, eg er i Firenze i 1497, i Bronx i 2018 – og sanneleg ein liten tur innom nordvestlandsk kystlandskap, også. Aldo Manuzio har meldt seg, det same har Rex og Sid. Fleire bøker med interessante, innfløkte og spennande kodesystem er gjennomgått, nokre av dei skal bli med vidare – på leiting etter svaret på gåta. Som eg gler meg til å fortelje historia ferdig!

Etter denne vesle pausen med å skrive blog-innlegg, blir det eit par timar til med skriving, før hundane og eg går ut i vêret – i dag trur eg det er storm der ute.

Uansett kva som er din søndag – ha ein strålande dag i di eiga «flyt»-sone!

Publisert på

Indiesamarbeid!

I tidlegare innlegg har eg skrive om fire indie-forfattarar som har gått saman om å lage formidlingsopplegg for bøkene våre. Samarbeidet er inspirerande, det er fint å vere fleire som har gode idéar og kan gå saman om til dømes formidlingsopplegg som dette.

Fellesnemnaren for oss fire er at vi skriv bøker for barn på nynorsk. Som indie-forfattarar er vi ikkje alltid like synlege i det store bok-universet. Vi manglar ofte det store marknadsføringsapparatet dei større forlaga rår over. Men om vi er små når det gjeld å vise slike musklar, er vi like glade i litteraturen – og vil gjerne formidle den for dei vi skriv for.

Vi har alle laga formidlingsopplegg for den enkelte boka, utover det å lese frå boka, t.d. med utstilling, bilde, aktivitetar, musikk, osb. Vi kan formidle ei eller fleire av bøkene på same arrangement – eller alle fire, alt etter kva slags arena og institusjon vi samarbeider med.

Vi vil legge til rette for sal av bøkene der det er mogeleg.
Under finn du litt om kvar enkelt bok, og korleis vi kan formidle ho.

Vi er fleksible, og opne for forslag! Ta gjerne kontakt med oss!

Helsing Lin-Marita, Elin, Gro og Olla

 

Bjørnen Tor av Lin-Marita Sandvik. Formidlar: Lin-Marita Sandvik

«Bjørnen Tor gjer ein dagsferie» er ei av sju bøker i serien om Bjørnen Tor. Han er ein songglad bamse som likar å prøve nye ting. I denne boka vil han prøve om det går an å gjere alt som ein syng om i «Ferie-rapp» – på berre ein dag. Denne rappen er om alt som teddybjørnar likar å gjere når dei har ferie: Dra på tur, vere på landet, vere i byen, fiske, ete is og mykje anna.

Han og mennesket bur nær skog og sjø, ikkje så langt unna Ålesund. Dei har bil og dei har fiskestong, men har dei tid nok til å gjere ein heil ferie på ein dag?
Boka inneheld bilder frå Skodje og Ålesund, og blir formidla gjennom høgtlesing, helst med boka på skjerm i bakgrunnen. Etter opplesinga syng vi «ferierapp», med komp til. Vi har også med eit bildemotiv frå boka, montert på treplate og med hol i, slik at vaksne kan forevige borna sitt fjes i dette motivet (i staden for Bjørnen Tor sitt fjes). Målgruppe: 2-8 år

Lin-Marita Sandvik/ Sandvikbok Hjellmyrbakken 7
6260 Skodje
Tlf.: 41107772

E-post: lms@bjornentor.no www.bjornentor.no/torthebear.no

Facebook/ Instagram/ Youtube: Bjornentor

 

Sofia og Trollet av Sten Bjørnar Lamo og Elin Helland Johansen Formidlar: illustratør og forleggar Elin H. Johansen

«Sofia og Trollet» er eventyret om Sofia som må redde prinsessebamsen frå det store trollet i Aurdalsnibba i Sykkylven. Ei biletbok som egnar seg like godt til høgtlesing på sengekanten som å bla i sjølv. Barna kan lett sjå kva som skjer på kvar side, slik at dei kan gjenfortelje sjølve. Historia er dikta på sengekanten over fleire kveldar, og er eit resultat av både far og dotter sine bidrag. Det er ei enkel, men samstundes spanande historie. Passar best for barn i alderen 2-5, men kan fint lesast av eldre barn som lærer å lese sjølve.

Boka vert formidla gjennom høgtlesing. Dersom det er ønskeleg, kan ein ha bilete av boka på skjerm i bakgrunnen. Vi har også med fargeleggingsark, med både Sofia og trollet, som barna kan fargelegge.
Målgruppe: 2-5år.

Elin Helland Johansen Knasteriet Forlag Halvardsrema 17, 6052 Giske Tlf.: 99645319

E-post: elin@knasteriet.no www.knasteriet.no Facebook/Instagram: Knasteriet

 

Trolla frå Trollstad av Gro Marita Stennes Valdal. Formidlar: Trollet Fantehit

Tittføtt og Tausafut: Den farlege fisketuren
I denne boka blir vi kjend med tvillingbrørne Tittføtt og Tausafut som bur på Trollstad. Dette samfunnet av huldretroll ligg langt ute i skogen og dei som bur her er alle opptatt av samhald, familie og det å leve i pakt med og av naturen rundt heimen sin.

Dei litt rampete småtrolla hamnar ofte i trøbbel. I denne boka får vi høyre om då Tittføtt og Tausafut skulle på fisketur ned til den store elva, og at det ikkje alltid går slik ein har tenkt.

Boka blir formidla gjennom opplesing av eit ekte Trollstad-troll. Når vi er ute og les legg vi også opp til ei kreativ stund der borna får teikne sitt eige troll, og det blir ofte ei kjekk stund i lag med trollet som gjerne teiknar i lag med borna. Eventyrstund med kreativ teikning tek som regel 45-60 minutt. Mogleg tilpassing også til aktivitet utandørs. Målgruppe: 2-8 år.

Gro Marita Stennes Valdal Trollbinding AS Fjordhagen, 6210 Valldal Tlf: 97883830

Epost: post@trollbinding.no www.trollbinding.no Facebook/Instagram: Trollstadtrolla

 

Birgers odyssé av Olla Rypdal og Tarjei Rypdal Eide. Formidlar: Olla Rypdal

«Så høyrer han det. Den lyden han berre så vidt har ana, no høyrer han lyden tydeleg. Han kjem nærare og nærare. Det er nesten som ein slags pustelyd. Han kjenner kalde ilingar nedetter ryggrada. Birger fomlar etter lykta, skrur ho på og lyser rett mot noko som rører seg mellom stalaktittane!»

I Birgers odyssé møter vi Birger, ein gut med mange interesser. Han samlar på mykje: steinar, fossil, gamle bein – og historier.
Han undrar seg over kva som finst i havet, i lufta, på jorda, inni jorda, i isen, under isen…. Han undrar seg også over historiene som folk før oss fortalde for å forklare korleis alt hang saman. Spennande historier om fabeldyr og sjømonster. «Fins dei?» undrar Birger. I denne boka er Birger på ei lang reise. Før han og foreldra reiser, finn han tippoldefar Ole si dagbok. Tippoldefaren var med på kvalfangst i Sørishavet.

Samtidig med at Birger opplever forskinga og vitskapen om jorda vår og isen i Antarktis på nært hald, og les om tippoldefar Oles opplevingar på kvalfangst, lagar han si eiga bok om sin eigen spennande odyssé i fantasien.

Boka blir formidla gjennom forteljing, opplesing, bilde, musikk/lyd – og ei utstilling. Etter formidlinga som tar ca en halv time, får barna øve til å sjå på gjenstandane i utstillinga.
Målgruppe: 6-10 år.

For meir info og bilde både frå boka og utstillinga, sjå www.olla.no

Olla Rypdal / Olla Forlag
Brattholmneset 32, 6270 Brattvåg
Tlf: 91519878
E-post: olla@olla.no / ollryp@online.no www.olla.no
Facebook/Instagram/Twitter: Olla Forlag

 

Publisert på

Kva hender med isen?

Det dukkar stadig opp artiklar om klodens helsetilstand. Denne artikkelen i dagens VG, går rett inn i tematikken i prosjektet «Utanforverda» og bildeboka «Birgers odyssé». Også den vakre «Isfjellfamilien« av Audbjørg Gjerde Lippert, illustrert av Tarjei Rypdal Eide, omhandlar arktiske strøk og konsekvensar av issmelting – i eventyrform.

I «Birgers odyssé» kjem Birger inn i ei hole under isen i Antarktis – og vi blir med han på reisa, både i fantasien hans og i det han opplever.

I «Utanforverda» har elevane vi har arbeidd saman med, fått skape sine eigne historier, sine eigne samfunn, langt der nede under isen. I slike historier er det berre fantasien som set grenser for hendingar, og gir løysingar på enorme problem og utfordringar. Eg er overbevist om at det å bruke fantasien, dikte, lage historier og bilde, er med på å opne opp og utvide kunnskapsnivået. Kunnskap fører igjen til vilje til å gjere felles tiltak for klimaet. Fantasien treng like mykje trening som resten av mennesket – på vegen mot å løyse dei store problema.

https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/wElVEA/nasa-overrasket-av-gigantisk-hulrom-i-isbre?utm_content=row-1&utm_source=vgfront

Publisert på

Februar «utandørs i nordvest»!

Februar er her! Dagane er lysare og lenger – vi er på veg mot våren, men kan likevel endå glede oss over vinteren, og noko så ekslusivt som snø! Snøen må vi berre nyte, sjeldan gjest som han er på våre trakter.

Kristiansund i utandørs i nordvest er akkurat slik februardagane våre oftast er: is, kald, klar luft, gneistrande blå himmel og endå blåare hav. Lyset lovar at det nok blir vår, denne gongen også.

10. februar er det morsdag – vi feirer med eit tilbod: utandørs i nordvest for kr 329,-! Kanskje dei knallgode klippfiskbollane kan prøvast også?

Boka kan kjøpast for tilbodspris her på www.olla.no