Publisert på

Litt om tid, klokker og «Klokkemakar Alfreds mysterium»

I dag har klokka blitt skrudd fram ein time. Ein time nærare sommaren. Kjem tida då? Eller går ho?

Benjamin Franklin var den første som ville innføre sommartid – i 1784. Ein ivrig insektsforskar heiv seg på idéen i 1895. I 1905 var det ein golfspelar som ønskte seg sommartid for å få meir tid til å spele golf. Tyskland innførte sommartid i 1916 for å spare kol under krigen – så kom dei andre landa etter. Fekk alle betre tid då? Rakk dei meir?

Men er det slik at den vesle edderkoppen opplever ein time på same måte som eg gjer det? Eller er min time edderkoppens dag?

Korleis visste dei kor lang ein time var i oldtidas Egypt? Og kva var det Einsten fann ut? Kva i all verda er eit hemverk?

Omgrepet tid kan sanneleg få det til å gå rundt i skallen på nokon kvar. Temaet har lenge surra rundt i hovudet mitt, men no er sjølve tekstdelen på den komande boka nesten ferdig. Redaktøren har sagt sitt – eg har leika meg litt meir med personane, tenkt endå fleire tankar om tid  – og har no litt finpuss igjen, før boka skal språkvaskast og korrekturlesast. Så er det illustratøren som skal i gang med framsida, bokomslag – og illustrasjonar. Truleg vil boka vere ute i verda utpå hausten ein gong.

I boka «Klokkemakar Alfreds mysterium» er det Rosie og Tobias som undrar seg over kva tid er. Dei møter gamle klokkemakar Alfred, som fortel dei om eit uløyst mysterium.

Dette er henta frå forordet i boka:

«I familien har vi mange gamle klokker. Fleire av dei har min grandonkel Alfred laga eller reparert. Då eg leita bakover i tida etter historiene til klokkene, kom eg over historia om klokkemakaren Abraham Louis Breguet, som var fødd i 1747. Dei to klokkene denne boka handlar om blei laga av han. Under den franske revolusjonen forsvann klokkene,  og har sidan aldri blitt funne igjen. Det var mange dramatiske hendingar i Frankrike på denne tida, og dei to klokkene har i denne boka fått bli med på nokre av desse hendingane. Personane har levd, hendingane er verkelege, men reisa til klokkene er det eg som har fletta inn i historia. Gamle onkel Alfred har også verkeleg levd, men ikkje alle dei andre i denne boka. At dei to klokkene kom inn i denne familien si historie, og korleis det skjedde, er også rein fantasi.»

Etter at ei historie har komme så langt at ho kan kallast ferdig (ferdig blir eg aldri, men på eit tidspunkt ein sleppe taket), kjenner eg meg tom. Eg tenkte at no blir det ikkje fleire historier. Det kjentest heilt tomt.

 

Men så kom det sanneleg ein tanke…. Dermed er eg i gang igjen. Det kjennes godt – og tid, ja det har eg visst nok av akkurat no.

 

Under finn de nokre av alle dei klokkene familien har samla gjennom tida.

Foto: Nikolai Rypdal Tallaksen

 

Publisert på

Les! Les saman!

Dagane mine er fylt med ord og forteljingar. Til vanleg deler eg desse orda og forteljingane med barn og unge i fylkets skular, på turné. Saman skaper vi nye forteljingar. Eg ser skinande auge, høyrer latter, ser mestring og glede over det vi skaper saman. Akkurat no er desse magiske stundene «på vent». Dagane er mine eigne, og eg nyttar dei sjølvsagt til mine nye skrive- og formidlingsprosjekt, og ser fram til eg igjen kan reise rundt og møte dei unge historieskaparane, når viruset er overvunne.

Nettopp ordet formidling ligg lengst framme i tankane, akkurat no. Eg ser ei endring når eg reiser rundt, frå skule til skule – ein slags «missing link». Denne linken handlar om formidling, frå generasjon til generasjon. Kunnskapen om det som har hendt før, korleis ein levde, spennande historier frå tidlegare tider er ikkje så langt framme som før – eller manglar heilt. Innhaldet i den gamle kofferten min, gjenstandar frå nær historie 100-200 år tilbake i tid, er ukjende for barna. Vi ønskjer at barn skal oppleve å høyre til, vi ønskjer at dei skal kjenne seg frie. Vi vil gje dei røter og vingar. Då er det ikkje berre skulen sitt ansvar å formidle historia vår, vår felles kulturarv. Foreldre, tanter, onklar og besteforeldre sit alle med sjølvopplevde historier frå tida som har vore. Fortel historiene! Les om alt det spennande som har hendt opp gjennom historia vår – og del det med barna! Slike formidlingsstunder er gull. Gull for fantasien, gull for kunnskapen, gull for felleskapskjensla – og ikkje minst: gull for kjensla av å høyre til noko som er større enn ein sjølv.

Eg er nok meir enn middels opptatt av dette temaet, sidan eg har arbeidd med formidling heile livet mitt. Eg ser også at bøkene eg skriv for barn og unge har dette med å knyte band mellom gammal og ny tid som eit felles tema, utan at det var noko eg planla då eg starta med skrivinga. I «Birgers odyssé» er det kvalfangarhistorie og mytologi som møter ny forsking i Antarktis, gjennom Birgers opplevingar og fantasi. I «Amulettmysteriet» spelar ein amulett frå slavetida i Kongo ei viktig rolle. Revolusjonen i Frankrike blir knytt saman med hendingar her og no når Anna er i Frankrike i boka «Det gamle slottet», og i «Kodemysteriet» går vi heilt tilbake til renessansen i Italia med historia om Voynich-dokumentet. I «Tippoldefar Jakobs julekort» handlar det om julekort frå hundre år tilbake i tid, knytt til eventyr og segn frå folketrua om nissar og troll, opplevd gjennom Jenny og Sivert si heilt spesielle julefeiring.

Boka, som no er under arbeid, «Klokkemakar Alfreds mysterium», føyer seg inn i same tradisjonen. Vi følgjer to heilt spesielle klokker gjennom historia, fram til notid, der hovudpersonane får både eit gammalt og eit nytt mysterium å løyse.

Eg var eit heldig barn, for eg hadde nære omsorgspersonar som fortalde meg historier og las for meg. Dette har eg alltid hatt med meg, som ei heilt eiga skattekiste, full av historieperle.  Frå denne kista kan eg føye stadig nye historier til mitt eige perlekjede.

Vi kan ikkje reise, akkurat no, i desse virustider. Det håper og trur eg vil ordne seg etterkvart. Men reise i tankane – det kan vi: les for barna! Les sjølv! La bilda du skaper deg gjennom orda du les føre deg vidare, lære deg noko – både om deg sjølv og andre! Oppdag nye sanningar og draumar du ikkje visste du hadde. Skap gyldne stunder med orda, både for deg sjølv og barna.

 

I «Klokkemakar Alfreds mysterium» spelar eit gammalt hus ei viktig rolle….

Morfar Ole kunne kunsten å formidle historier!