Publisert på

Mens vi ventar på «Tippoldefar Jakobs julekort»

Kvelden og morgonen er mørkare no. Slik er det kvar haust på vår vesle flekk av kloden. Fram mot den aller mørkeste tida gler eg meg likevel over alt denne vakre årstida byr på. Vekene i desember, den aller mørkeste tida fram mot jul har alltid vore ei magisk tid for meg. Ute er det uvêr og kulde, inne lys og varme, gode stunder med lukta frå julebakst, røykelse  – og fine forteljingar. Dette året er eg ekstra spent – sidan Tarjei og eg skal dele juleforteljinga vår og bilda som høyrer til med dei som vil lese, høyre og sjå.

Her er ein bitteliten «smakebit»:

Dei luktar bålet på lang avstand. Foreldra har gjort klart til julemannbaking! På bordet inne i hytta blir deigen kjevla ut med ei tomflaske dei fann i skapet. Dei flottaste figurar blir skorne ut frå deigen: hestar, grisar, fuglar, nissar og troll. Det blir mykje latter og moro. Figurane endrar seg når dei eser ut på steikeplata over bålet. Men dei smakar fantastisk! Barna gløymer heilt å fortelje om hesten.

Dei to barna sit ved kjøkkenbordet og et nysteikte julemenn og drikk saft. Saman ser dei på julekorta dei har henta oppe på hemsen. Dei vaksne er ute og høgg ved og stablar han i vedskjulet. «Sjå på dette!» seier Sivert.  «Dette må vere veldig gammalt!» Dei studerer bildet. Det er utan fargar, i svart og kvitt. Motivet på bildet er av ei jente som står ved sida av ein snømann.

«Kva kan vere meininga med dette tru?» lurer Sivert på.

«Men det er då lett! Kom!» roper Jenny. Dei tar på seg vottar og huer og stryk på dør. «Kva er det dei skal no?» seier Siverts mor og ser etter barna, der dei blir borte i snøhaugane.

Publisert på

Tippoldefar Jakobs Julekort

Vi er berre i slutten av september, men på Olla Forlag har vi lenge vore i julestemning. Boka skal komme i akkurat passeleg tid til 1.desember – slik at ein kvar dag kan lese seg til koseleg, eventyrleg julestemning fram til sjølve jula. Det vil sikkert dukke opp fleire små “smakebitar” frå boka etterkvart. Lanseringsarrangementet kjem eg tilbake til. Men allereie no er det råd å førehandsbestille / kjøpe boka. Også denne boka blir trykt via Print On Demand, så det kan vere lurt å vere tidleg ute for å sikre seg at boka kjem til 1.desember. Pris: kr 329,-

 

BAKSIDETEKST

Sivert og Jenny er søskenbarn. Dette året skal dei feire jul saman med foreldra sine på den vesle familiehytta på fjellet.

Ved bålet om kvelden fortel dei vaksne historier frå gamle dagar, om den tida då folk trudde det fantes både tussar og troll. Dei fortel også om Jakob, tippoldefaren til Sivert og Jenny, som hadde bygd hytta for lenge, lenge sidan.

Den første kvelden, då dei to barna har lagt seg på hemsen, leikar dei seg med å lage rare skuggar på veggen med lommelykter og hendene sine. Det er då dei oppdagar eit skjult skap i veggen. Dei klarer å opne skapet, og ser at det ligg noko der inne.

«Sjå på dette!» utbryt Jenny og drar fram det ho har funne. «Det ser ut til å vere gamle, gulna julekort! Så spennande! Kven kan ha lagt desse her?»

Dei blar i korta, nokre er over hundre år gamle, det kan dei sjå på poststempelet. Eit av korta viser heile himmelen i grønt lys.

«Eg trur det må vere nordlyset», kviskrar Sivert. I det same dei snur seg for å sjå om det er nordlys ute denne kvelden, skimtar dei ei rask rørsle rett utanfor vindauget. Dei kikar ut begge to, men ingen ting er å sjå.

«Eg syntest så tydeleg eg såg nokon der ute», seier Jenny.

«Eg òg», svarer Sivert. «Men korleis kunne nokon vere utanfor vindauget? Det er då langt ned til bakken?» Det kan ikkje Jenny svare på.

Etter kvart sovnar dei. Det dei ikkje veit, er at dei snart skal vere med på eit eventyr dei knapt kunne drøymt om!

 

Kvar dag fram mot jul blir vi med Sivert og Jenny på eit spennande eventyr der dei gamle julekorta spelar ei viktig rolle. Eit eventyr fylt med nostalgi og god julestemning.

Publisert på

Haustgleder

Endeleg – no er hausten her! Den første hauststormen bankar på ruta. Båten fekk ei ekstra fortøying i går, det som måtte vere laust kring huset er tatt inn, eller sikra. Fjorden går kvit, trea, med ei aning av gule fargetonar på blada som enn så lenge knip seg fast i greinene ligg skinnflate i vinden.

Hundane nektar å gå ut. Kaspar måtte eg delvis bære ut i går kveld for at blæra skulle bli tømt for natta. I dag gjekk dei ikkje ut før eg tok på meg støvlar og regnklede og drog dei etter meg ut i hagen. Dei veit ikkje endå at vi skal på tur om ei lita stund. Då kjem dei til å gøyme seg på rommet sitt og lest vere usynlege. Men her er ingen nåde. Vi er nordvestlendingar. Vi kler på oss (ja, hundane skal få på seg dekken også!) og går ut. Vi treng ikkje sette kilometerrekorden i dag, men ut skal vi.

Etterpå skal vi tørke oss opp framfor peisen, det blir garantert ein ekstra godbit på dei to, som heilt sikkert, trass i stormen har hatt ein bra tur.

Hausten har ord på seg for å vere sjølve boktida. Eg meiner sjølvsagt bøker må lesast heile året, men ja, eg forstår kvifor hausten innbyr særleg til boklesing. Det må vere noko med denne særnorske kosen: hufsever ute, men inne er det peisfyring, stearinlys, pledd, ullsokkar – og bok.

Slik har vi det, Frikk, Kaspar og eg også. Då kryp dei to store, elskelege prikkedyra inn i armkroken til ei boklesande matmor, vel vitande om at turen er over, dei treng ikkje gøyme seg for stormen no.

Som eg har skrive før har eg alltid ein «vandrande» bokstabel med meg rundt omkring, i fall lesehøvet skulle by seg. No skal eg ta ein grådig jafs nedi bunken. Øvst ligg «Søsterklokkene» av Lars Mytting. Eg gler meg! Er denne boka like god som «Svøm med den som drukner» er det heilt greitt med høge forventningar. Men sidan eg alltid les fleire bøker samtidig ligg det fleire i stabelen: Heidi Bjørnes sine bøker om Blondehuset trur eg er midt i blinken for dei lune haustkveldane. Eg er godt i gang med den første – og gler meg til kvar side eg skal snu i boka. Ei diger bok om norske postkort ligg også der. Sidan eg i eige bokprosjekt har dukka ned i gamle julekort eg fann i ei kasse, har eg fatta interesse for desse tidsbilda ein finn i dei gamle postkorta. Nutta Haraldsen har gjort ein formidabel jobb med å samle stoff til boka «Norske postkort». Og sanneleg har eg ikkje funne ei bok om runer også: «I begynnelsen var runer» av Terje Spurkland. Dette er fordi eg er hekta på skriftspråk og kodeskrift. Sjølv om mi eiga «Kodemysteriet» er vel ute i verda kan eg ikkje heilt sleppe taket på temaet. Runene, og korleis dei vart brukt er «mat for mons» i så måte. Skriftspråkets historie er sanneleg ei spennande reise.

Den gode haust-tida skal også brukast til mi eiga skriving. No når «Kodemysteriet» er lansert og «Tippoldefar Jakobs julekort» er rett rundt hjørnet – er eg klar for nye prosjekt. Eit tema eg har leika med i hovudet lenge er ei historie henta ut frå «Urbex»-tematikk. «Urban exploration», urban utforsking, er utforsking og fotografering av menneskeskapte ting som blir forlatt. Eller like gjerne «rural exploration», forlatte bygningar i meir grisgrendte strøk. Dette skal eg bruke god tid på, leike meg med og utforske. Så får vi sjå kva det kan ende opp i.

I mellomtida: nyt hausten – og gjer det gjerne med ei bok frå Olla Forlag!

SONY DSC
Publisert på

«Kodemysteriet» klar for salg!

Det var spennande i dag, då kassene med ferdigtrykte bøker kom på døra! Eg hadde ikkje tatt sjansen på å bestille så mange eksemplar, i fall det skulle vere noko som ikkje var i orden med trykkinga. Men det kunne eg tydelegvis godt ha gjort, for kvaliteten var tipptopp!

Dermed blir bøker sendt og levert ut til alle som har førehandsbestilt dei næraste dagane.  Boka ligg ligg klar for sal her på heimesida, og snart også på Notabene Vestnes, Bok & Papir i Brattvåg, og alle nettbokhandlane. Neste bokkasse er allereie bestilt og er snart i trykken!

Då er det berre for meg å håpe at boka fell i smak, og at dei som les ho vil få gode lesestunden med boka!