Publisert på

Nynorsk? Bokmål? E-bok? Lydbok? Hard-cover? Pocket? Trykkeopplag? Print On Demand? Pris?

Spørsmåla er mange når ei ny bok snart er på veg ut i verda – svara på eit par av dei kjem her!

Likar du best å ha ei papirbok å halde i? Er den taktile kjensla ved å ta i, og bla i boka ein viktig del av leseopplevinga? Eller les du like gjerne e-bøker? Kva med barn og unge – les dei like gjerne e-bøker?

Sjølv vekslar eg mellom dei ulike utgåvene av ei bok. Ei bildebok vil eg nok framleis helst ha i papirutgåve, men andre bøker konsumerer eg like gjerne som e-bok, eller lydbok. Kva medie boka kjem i er underordna sjølve historia – og innhaldet.

Språkspørsmålet, derimot, er ikkje underordna.

Eg får ofte dette spørsmålet: «Kjem boka på bokmål, også?»

Svaret er nei. Eg har faktisk omsett den første boka om Anna og Kaspar, «Amulettmysteriet», til bokmål. Det blei ikkje så bra som eg hadde håpa. Det kjentes for meg som om heile historia endra karakter –  det blei som ei anna bok, ei anna stemning. Bokmålsutgåva mi kjem ikkje til å bli sendt ut i verda.

Den siste boka om Anna og Kaspar, bok nr tre, «Kodemysteriet» – som no snart er ferdig – laga eg også eit bokmålutkast til. Berre for å ha prøvd det. Det fungerte slett ikkje. Språket er ein del av ein sjølv, både Anna, Kaspar og eg er frå Nordvestlandet, nynorsken er språket vårt. Eg kan elles bruke bokmål i utsegn av ulike slag, men historiene, forteljingane – det som handlar om å leve seg inn i ei anna verd, inn i fiksjonfigurane sine liv, det som ligg nær hjartet – det må for meg vere på nynorsk.

Ein del av argumentasjonen eg høyrer, er at mange fleire ville ha kjøpt boka om ho var skriven på bokmål.

No er det slik at det ikkje er mange forfattarar i Norge som kan leve av sin litterære produksjon åleine. Om ein då ikkje er Nesbø. Eller Horst, eller noko slikt. Eg las nettopp ein stad at ein norsk bokdebutant sel i gjennomsnitt 248 bøker. Om ein er utgitt på eit stort forlag og får ca 10% frå boksalet – eller gir ut sjølv, og også har alle utgiftene – er det innlysande at det ikkje er trua på ein gylden, viltveksande pengestraum som driv ein. Det hadde vore ein fin bonus, sjølvsagt. Timane som går med til bokarbeidet er nesten uråd å måle – inntekta svarar ikkje på nokon måte til innsatsen. Men eg kjem ikkje til å “fri” til eit større publikum ved å skrive på bokmål. Eg er ikkje prinsippielt imot bokmål – det er berre det at eg føler eg skriv betre, og kjenner meg friare i nynorsk vokabular.

Om eg veit at inntektsmåla kan vere harde å nå, er likevel draumen om å dele ei historie, ei oppleving – og å gjere mitt beste for å greie det, ei stor drivkraft. Historier, litteraturmøte, bøker eg sjølv har lest har gitt opplevingar som sit i minnet i årevis, har flytta på meg mentalt, gitt meg ny kunnskap og innsikt, har fått meg til å forstå andre menneske – og meg sjølv. Bøker har fått håra til å reise seg i nakken – bøker eg aldri ønska tok slutt, men som eg berre måtte bla vidare i. Bøker har fått meg til å gråte – og til å le.

Kanskje kan også mi forteljing, mi bok gje den gode opplevinga til eit barn?

Eg har historier som lever sitt eige liv der inne i hovudet, og som eg gjerne vil prøve å få ned på papiret og dele med fleire. Konklusjonen så langt for min del er derfor at bøkene frå mi hand framleis vil komme på nynorsk. For nynorsken ligg hjartet mitt nærast.

Så får eg heller håpe på at stadig fleire vil oppleve nynorsk som eit godt lesespråk, at foreldre, besteforeldre, tanter og onklar ser bonusen barn kan få ved å meistre meir enn eitt skriftspråk, at språket kan tilføre historiene ei særleg stemning, ein fin koloritt, ei ekstra oppleving.

Men e-bok og lydbok – det trur eg nok eg kan love. På nynorsk. Det er på gang.

 

Publisert på

Sommartilbod!

Sommaren er lesetid! Tenk deg: ein strålande soldag på ei kvit strand, med dovne bølger rullande inn mot den mjuke, solvarme sanden. Kanskje har du ein sjokoladebit i nista også? Og sjølvsagt ei god bok!

Den dagen vi var på stranda på Sandøya for å lage junikapittelet i boka vår «utandørs i nordvest», var det ein kjøleg forsommardag, med litt regn i lufta. Men lufta var klar og frisk – og sjokoladen smaka nydeleg!

Trykk på «butikk» her på sida – så får du sjå sommartilboda på Olla Forlag.

God sommar – og god bok! 🙂