Publisert på

Birgers odyssé – framleis like aktuell!

Det har allereie gått eit heilt år sidan boka kom ut – framleis like aktuell! I løpet av dette året har det vore mange formidlingar, utstillingar, høgtlesingar og samtalar med barn i alle aldrar som vil vite meir om Birger og tippoldefar Oles opplevingar i Antarktis.
Bilde frå boka har blitt forstørra til store format og heng på stueveggar rundt omkring.
Om ikkje lenge er boka å få i engelsk språkdrakt, omsett av Lise Rønnestad, i “print on demand”-versjon.
Boka finn du saman med dei andre bøkene frå Olla Forlag under butikkfana her på sida!

9F0532A0-E848-4D52-841E-5A257D5E71A1

Publisert på

Kofferten

Tidlege morgonar er den beste tida på døgnet å dukke ned i skrivearbeid. Slik også i dag. Ein riktig god arbeidsdag, allereie før klokka er 8 om morgonen. Endå har eg nokre timar på meg før dei firbeinte, prikkete karane mine forlangar tur.

Eg skriv i fin flyt, det eine kapittelet føyer seg etter det andre, plottet er på plass, hovudpersonane oppfører seg stort sett etter mitt hovud, med nokre få uventa krumspring. Det får eg vel tåle. Skal eg endre tittelen tru? Endå er det berre ein arbeidstittel. Skal eg utsetje ein av hovudpersonane for endå hardare medfart, før alt går bra? Litt for lite spennande? Litt for skummelt? Litt for sært? Spørsmåla er mange, mens bokstavane renn bortetter skjermen som ein hoppande, sildrande bekk. Snart er manuset klart nok til å sendast til manuskonsulenten.

Det er berre eitt problem. Heile tidar dukkar det opp eit forstyrrande element i hovudet: kofferten. Eg veit at det går føre seg ting på loftet. Eg veit at ting stadig blir flytta på, eg veit at ting aldri er der eg trur dei skal vere. Den gamle kofferten, som eg alltid har med meg når eg skal lage historier saman med barn på skular, bibliotek og andre stader, ser ut til å vere tilhaldsstad for nokon. Eg opnar alltid kofferten forsiktig, vel vitande om at eg kan få ei overrasking, sjølv om eg pakka kofferten etter alle kunstens reglar kvelden før. Før eg veit ordet av det bryt han vel inn og tar styringa på heile opplegget eg har saman med barna! Men eg har aldri funne ut kven det er som ser ut til å leve sitt eige, merkelege liv i kofferten. Før no. Historia om denne vesle krabaten bryt seg fram, er eg redd. Eg må berre prøve å halde loket på kofferten til eg er ferdig med denne andre boka eg arbeider med kvar dag no, den som snart skal vere klar, før eg slepp fram den vesle karen som no brenn etter å  fortelje historia si.

God søndag!

Publisert på

«Redd insekta!»

Det hender eg er så heldig at eg kan få dikte historier saman med svært kompetente medforfattarar. Dei eg no i det siste har boltra meg saman med, er eit knippe elevar i 3. og 4.klasse. Og det om eit så viktig tema som insekt!

Vi har vore ute i «felten» og studert insekta på nært hald, med forstørrelsesglas og artsskjema. Vi har også leita oss fram til mykje interessant informasjon om desse fantastiske små (og nokre store, også) krypa, og kor viktige dei er for livet på jorda. Ei veldig spennande bok vi hentar mykje informasjon frå er boka Insektenes planet, av Anne Sverdrup-Thygeson.

Problemet no er at insektartar er i ferd med å forsvinne – det blir stadig færre insekt på jorda. Noko må gjerast!

Undersøkingane våre fører til stadig nye kapittel i boka vår med arbeidstittelen «Redd insekta!» Med utgangspunkt i alt vi lærer om i faktastoffet – som er fantastisk nok i seg sjølv – diktar vi vidare saman. Det hender vi må ty til rett så spreke virkemiddel for å løyse problema i ei spennande historie!

Historia vår handlar om eit team leia av entomologen Axel, som har fått i oppdrag å finne ut kvifor insekta forsvinn, og kva som kan gjerast for å redde dei.

Axel og teamet hans har allereie vore i Antarktis og redda den vesle fluga Belgica antarctica – ei fluge som ikkje toler at temperaturen stig.

Det blei ei spennande reise! I tillegg til dei to andre i forskarteamet, viste det seg at dottera til Axel, Lisa –  som er 10 år, hadde greidd å lure seg med på ekspedisjonen!

Dei møtte store farar og utfordringar i Antarktis, men dei løyste problema, ikkje minst ved hjelp av modige Lisa, som såg ut til å vite råd for det meste. I tillegg fekk teamet, etter dramatiske hendingar, ein ny deltakar: Lannan, frå Australia.

Både Lisa og Lannan får bli med vidare, då dei i neste kapittel skal til regnskogen i Sør-Amerika, og redde den utryddingstrua sommarfuglen Cryptoses choloepi!

Denne sommarfuglen bur berre i pelsen på det tre-tåa dovendyret! Det er faktisk eit heilt økosystem i pelsen på dette dovendyret. No skal dei finne ut kva som er problemet – og vi får håpe dei løyser problemet denne gongen også!

 

Her eit lite utdrag frå historia vår:

«Men kva er det eigentleg som er problemet?» spør Marî.

Axel fortel meir om oppdraget – han har snakka med miljøvernorganisasjonen i telefonen:

«Problemet er at trea i regnskogen som dovendyra bur i, blir hogd ned! Då mister dei buplassen sin, og kan døy fordi dei ikkje finn stader å bu. Og slik døyr også sommarfuglen i pelsen ut, om vi ikkje gjer noko!» seier Axel.

 «Sommarfuglen bur nemleg  i pelsen til det tre-tåa dovendyret. Som vi nettopp har høyrt, går dovendyret ned på bakken ein gong i veka for å gjere frå seg. Då legg sommarfuglen egga sine i lorten. Larva utviklar seg i lorten, og når larva har blitt ein vaksen sommarfugl klatrar han tilbake til ein dovendyrpels.

Sommarfuglane lever, døyr og brytest ned i pelsen til dovendyret. Dette aukar næringsinnhaldet og lagar gode forhold for ein alge som berre veks i dovedyrpels. Denne algen er viktig næring for dovendyret, som slikkar algen i seg. Fargen på algen gjer også at dovendyret blir kamuflasjefarga og kan gøyme seg i trea.»

 Endeleg er dei framme i regnskogen. Teamet til Axel er som vi veit utvida med to nye teammedlem som no er med vidare på ekspedisjonen: Lisa og Lannan.

Dei er hoppande glade etterkvart som dei går innover i skogen, for det aular og kryp med insekt over alt. Det høyres stadig begeistra utrop frå den eine og den andre når dei oppdagar eit sjeldant insekt, eller ein edderkopp.

Men dei må også vere forsiktige, det er mykje ein må passe seg for i regnskogen, til dømes farlege slangar. Dei har allereie sett tre grøne mambaer!

 Dei er framme ved ei rydning i skogen. Dei har fått vite at det er i dette området dovendyra bur. Dei slår opp telta sine og ryddar bort høgt gras rundt telta, slik at dei kan oppdage det, om ein farleg slange nærmar seg.

 «Kva er den lyden?» spør Lisa. Alle lyttar. Det høyrest ut som ei motorsag! No går dei etter lyden, og snart får dei sjå problemet dei er der for å løyse:

Store maskiner er i ferd med å sage ned nokre av dei største trea! Dei tenker på alle dei forskjellige krypa, dyra, fuglane og plantene dei veit bur i desse trea – ikkje berre i trea, men også i underskogen og i jorda! Blir trea borte, blir også alt dette yrande livet utrydda!

Lenger borte ser dei at ein stor plass har blitt rydda. Her er det laga ein diger platting, og ein skyskrapar er i ferd med å reise seg opp frå bakken. Bygningen er allereie høgare enn fleire av dei høgaste trea i regnskogen, og det ser ut til at han skal bli endå høgare. Rett ved byggeplassen står eit stort skilt: «SMITH’S TURIST-EVENT»  Med litt mindre skrift under desse gigantiske bokstavane står det: «Ta ein selfie saman med våre tamme dovendyr!»

Alle i teamet blir rasande.

«Kva gjer vi no?» spør John.

 

 Eg kan knapt vente med å finne ut kva som hender vidare!