Publisert på

Bokstabel på vandring

I den siste tida har stabelen eg ber med meg blitt tyngre og tyngre. Stabelen er ein skikkeleg røssleg bokstabel. Eg har alltid hatt fleire leseprosjekt gåande på same tid – eg skiftar lett lesefokus alt etter humør, høve, tid – og etter kor vaken eg er. Nokre bøker krev fullt fokus og eit vakent sinn – mens andre kan lesast som rein underhaldning utan å krevje for mykje av trøytte auge som knapt klarer følgje linja til endes.

I stabelen ligg det bøker eg har lese før, men som må plukkast opp igjen av og til, kanskje for å «konsolidere stillinga» – eller fordi det på side 347 står eit veldig glupt utsegn eg gjerne vil minnast på. Andre bøker i stabelen er der for inspirasjon til eigne skriveprosjekt, eller fordi nokon har sagt noko bra om akkurat den boka, eller fordi coveret var så spennande, eller fordi den siste boka eg las av forfattaren var så god, eller fordi eg vil skrive betre sjølv gjennom å lære av andre – eller fordi eg må kvile hovudet frå eigen idéspinning med noko som er så spennande at eigne tankar blir dytta bort ei stund.

Stabelen veks og veks, der eg dreg han med meg frå bordet ved sofaen, til arbeidsbordet, til godstolen, til kofferten når eg skal reise, til nattbordet, til bilen (det kan hende eg må vente på ei ferje) – er det opphaldsvêr blir stabelen også med ut i hagen. Kindelen min blir også jamt  og trutt fylt opp. Innhaldet her ville føye til mange kilo i bokhaugen om det var i papirformat.

Stabelen veks seg ekstra stor når eg sjølv har hovudet fullt av idéar eg treng å gjere research på, men også når eg har det så travelt med alle slags prosjekt at eg ikkje har tid til å lese, og altså berre skaffar nye bøker i staden for å lese meg gjennom dei eg har. Då vandrar stabelen i dagevis utan at ei einaste bok blir opna.

Målet er at det skal vere ein viss balanse mellom omfanget i det eg les – og det eg skriv. Eg meiner slett ikkje at eigen produksjon nokon gong skal kunne vere i nærleiken av slike  fysiske dimensjonar i omfang, som bokstabelen eg drassar rundt på – meir som omfang i tid, slik at eg sjølv kan få klemt ut ei og anna lita bokflis i ny og ne.

Om eg skal vere riktig ærleg med meg sjølv, kan det hende at bokstabelen veks, og eigenproduserte ord på papiret tidvis spinn på same sida, på grunn av manglande fokus – med altfor mange andre ballar i lufta.

Men: alt til si tid -no er det snart påske, og med den både lesetid og skrivetid. Mange gjeremål og oppdrag går saman med meg inn for landing. Om då ikkje bokhaugen dei neste to vekene aukar endå meir, skal eg ta ein god «jafs» nedi bokstabelen min – og jammen har eg som mål at mi komande «bokflis» også snart skal gå inn for landing.

 

Publisert på

Våren er her – «bring it on»!

Det kjennes godt når sola dukkar fram. All snøen som nettopp lava ned er borte, det spirer og gror i hagen, intens fuglesang vekker meg om morgonen.

Frikk og Kaspar, dei to prikkete hundane mine, er våryre og øsne – kaffekoppar på småbord lever utrygt når desse karane tar laust.

Det er visst vår overalt – også på innsida av hovudet mitt, kjennes det slik om dagen! Det «kriblar og klør» når nye idéar skal ned på papiret og ut. Vårsola gir energi på alle vis, eg gler meg over alle dei kjekke oppdraga eg skal i mål med.

Det er ofte slik i freelance-verda, det kan tidvis gå treigt, eller så kjem alt på ein gong – slik kjennes det no! Men det går bra, det er kjekt å vere i ei bra stim, at det går litt fort i svingane – for det er i svingane moroa er!

Årets turnéar med Kultursekken er i mål, men dei tre neste vekene skal fleire av produksjonane mine få «lufte seg» ved andre høve – i andre format, på nye arenaer.

Teaterverkstaden «Det blå egget» skal plukkast fram til ei lita visning. Denne produksjonen er avslutta og nedpakka – men eg gler meg likevel til å hente fram keiserinne KiHoNais silkekappe og lufte den Blå Lykkedragen igjen!

«Tor med hammaren» og «Forteljingar på F» skal også visast i litt andre format enn turnéversjonen.

Bildeboka «Birgers odyssé» skal formidlast gjennom bilde, musikk, utstilling og forteljing – og boka «utandørs i nordvest» har akkurat blitt presentert med lyd, bilde, høgtlesing og forteljing på eit bibliotek.

Nettopp biblioteka våre er noko vi skal vere stolte av og ta godt vare på – dei spelar ein viktig rolle som formidlar av ordet – og som møteplass og aktivitetsarena!

Gjennom biblioteket er også kollega Mette og eg i gang med ein omreisande animasjonsverkstad, eit prosjekt biblioteka i den komande storkommunen vår står for.

Om eit par veker brakar det laust med eit flott arrangement i regi av det kulaste koret: aChoir! Med eminent band og meisterleg innøvd reportar frå 20-30-talet, inviterar dei til «feelgood-konsert» i beste Gatsby-ånd. Hatt, hanskar og resten av utstyret mitt ligg klart – for eg skal få vere konferansieren denne kvelden. Er du i nærleiken av Brattvågen er dette tidenes konsertoppleving!

I høve sjølve våren, og alt som kravlar og aular av insekt og kryp, over og under jorda, kriblar det også i hovudet fram mot ein spennande «kick-off» om insekt på ein skule.

Innimellom kraslar det også på tastaturet som produserer fleire nye sider til boka som er under arbeid.

Forfattarsamarbeid, drodling og møter med kunstnarar innanfor fleire kunstuttrykk peikar fram mot nye prosjekt og hendingar utover vår, sommar og haust. Det er kjekt å ha mange ballar i lufta – den eine tanken dreg den andre med seg.

«Bring it on» seier eg – ha ein strålande vår!

Med våren kjem også endeleg verdas vakraste og nyttigaste skapningar fram, edderkoppane, her representert med bildet av ein av Gjertrud Hals sine kunstverk!

 

Publisert på

Våren kjem «utandørs i nordvest»!

Vi er midt i mars månad – den tida der alle årstidene ser ut til å slåss om merksemda vår: eine dagen tjukk snøkave, den neste sitrande vårsol – for så dagen etter å virvle oss rundt i friske stormkast.

Det er aldri kjedeleg utandørs i nordvest!

Tema for biblioteka i Møre og Romsdal i mars er havet, og medforfattar Audbjørg Gjerde Lippert og eg har fått i oppdrag frå biblioteket i Haram å formidle frå bokprosjektet vårt «utandørs i nordvest» komande onsdag, (20.mars) kl 18.00 på biblioteket på Vatne.

Som vi gler oss!

Vi feirar også den komande våren med tilbod på boka vår: kr 299,-

Tilbodet gjeld om du kjøper boka direkte frå oss, eller via www.olla.no. Tilbodet varer over påska.

Kjem du på arrangementet på biblioteket får du også kjøpt boka!

(Vipps, kort, bank eller kontant.)

Bilda under frå marskapittelet i boka vår, då vi var på Smøla!

 

Publisert på

Første indieforfattartreff gjennomført!

Då var det første indiforfatter-treffet over! Vi fire initiativtakarane (Linn-Marita Sandvik, Gro Marita Stennes Valdal, Elin Helland Johansen og Olla Rypdal), som allereie har starta eit samarbeid, har vore kriblande spente i lange tider: vil nokon dukke opp? Kan vi vere til nytte for kvarandre? Er dette noko vi kan arbeide vidare med?

Bro i Ålesund, er i tillegg til å vere restaurant, ein super arena for den slags forum som vi hadde i dag. Vi er glade for oppmøtet – mange hadde funne vegen – og det var særdeles interessant å høyre kva ståstad kvar og ein hadde hadde – og kva ein kunne ønske seg med eit slikt forum. Mange idéar og behov blei drøfta – vi håper dette er starten på noko større, på vegen til å skape eit fellesskap, og samarbeide om å synleggjere indieforfattarar i distriktet på ulike måtar framover.

Eg gler meg allereie til neste treff!

Foto: Jon Henriksen

 

 

Publisert på

Ut på tur med DKS!

Ein av dei verkeleg gode tinga med å arbeide som freelancer, er å kunne rå over eiga tid, fullt og heilt – i tillegg til det meiningsfylte i å kunne arbeide med det som ligg hjartet ditt nærast.

Eg har i mange år reist rundt med produksjonar for DKS, både forestillingar  og kulturverkstader – nokre i samarbeid med andre, andre åleine – ei veksling som er både tilfredsstillande og inspirerande.

Møta med engasjerte, ivrige elevar er ein «boost» –  ei energi-og vitaminkule utan like. Når ein er midt oppi det, i «flytsona» saman med elevane, er det lite anna som kan måle seg med dette. Det gir meining å skape, det gir meining å gje dei unge redskap til å uttrykke sin eigen kreativitet. Då er køyretimane på mørke, vêrtunge vegar gløymt, på den tida av døgnet då berre skogens firbeinte vågar seg ut.

På det meste har eg hatt opptil åtte ulike produksjonar på vegen i løpet av eit år. Til neste år trappar eg litt ned på turnéverksemda – til fordel for meir «kortreiste» oppdrag, og meir tid til bokskriving og forlagsarbeid.

Sjølv om eg trappar ned på reisinga , vil eg likevel ikkje unnvære heilt desse spennande elevmøta. Når eg i morgon går inn i dette skuleårets to siste turnéveker, noko eg gler meg til – er eg glad for å ha bestemt meg for å tilby to produksjonar til neste år også: «Forteljingar på F» og «Tor med hammaren».  I «Forteljingar på F» handlar det om å lage spennande historier saman, bygge «plot», øve på personskildringar, finne på frampek og «cliffhangers» – alt dette gjennom ulike innfallsvinklar og action på golvet.

«Tor med hammaren» er ein forteljar- og teaterverkstad, der elevane bruker sin egen kropp og stemme til å lage alt som trengs i historia dei får høyre: lydkulisser, rekvisittar, scenografi, rollefigurar, dans og replikkar – i beste improvisasjons- og teatersportstil.

Desse to produksjonane som i utgangspunktet er ein heil skuledag,  er også laga om til kortversjonar, til bruk for arenaer utanom DKS.

No i mars er fristen for skulane i fylket til å tinge dei kulturverkstadene dei vil ha til neste skuleår – og eg gler meg til endå ein runde med desse spennande, energifylte møta!