Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 11

«Dei må vere svoltne!» seier Sivert. «Så mykje som det har snødd no, er det ikkje så lett for dei å finne mat.»

Jenny dreg fram den store nistepakken nissane sendte med dei. Det er altfor mykje mat til dei to. Jenny og Sivert bryt store bitar av brøda dei har med, og legg bitane på snøen. Dei veit begge at det ikkje er all slags mat ein kan gje til dyra. Men brødet frå nissane er korkje salt eller søtt. Dei finn også fram frukt og grønsaker som dyremagane kan tole, og  legg dei på snøen.

«Dette vil vere til hjelp akkurat no», seier Jenny «heldigvis er det slik at dei stort sett klarer å finne seg mat sjølve, men all den nye snøen kan ha gøymt bort maten dei elles finn.» Søskenbarna gøymer seg bak dei små fjellbjørkene igjen, og ventar. Dei hadde sett heilt rett: fram mellom furustammane kjem det to hjortar. «Sjå kor fine dei er», kviskrar Sivert. Hjortane værar ut i lufta, finn ut at det akkurat no ikkje er fare på ferde. Dei tygg i seg alt det barna har lagt fram til dei. Sivert og Jenny sit heilt stille og ser på. Dei kjem ikkje fram frå gøymestaden sin før hjortane har gått sin veg, vidare inn i den mørke vinternatta.

«No må vi skunde oss!» seier Sivert. «Vi må få tak i julebjella!» «Eg håper planen vår er god», seier Jenny. «Vi må vere forsiktige!»

Dei baksar seg vidare i den djupe snøen.

 

Det dei to venene våre ikkje veit, er at i trollhola har trolla oppdaga at det har vore folk og nissar i nærleiken!

«Trollgufse og Trolltufs – de må finne ut kva som går føre seg der ute på fjellet», seier Trollmor. Ho står med den knekte kvisten i handa, og studerer samtidig eit nissefotspor på det skitne holegolvet. «Her har vore nissar!» «Og folk!» ropar Trolltufsen frå utsida av hola. «Trur dei vi er dumme?» brummar han vidare. «Dei har prøvd å børste vekk spora sine, akkurat slik vi brukar å gjere, men dei har hatt det travelt – her kan ein tydeleg sjå sporet etter ein menneskefot!»

«Trøste, bære og hjelpe oss» jamrar Trollmor, «dei veit sikkert at vi har julebjella!» Då ler Trollgufse godt: «Som om dei skulle klare å hamle opp med oss store, sterke trolla! Nei, desse små nisse-og menneskekrypa skal vi nok halde styr på!» Trolltufsen og Trollgufse ler så magane dissar, og går ut i vinternatta på leiting etter inntrengjarane.

 

Sivert og Jenny nærmar seg staden dei har tenkt seg ut. Det er ein dristig plan de har pønska ut. Meininga er å lokke trolla ut frå hola, og hente ut julebjella frå trollgryta mens trolla er ute. Julebjella er tung, men dei skal klare å få ho med seg ved å dra ho etter seg på eit laken. Lakenet ligg fint samanbretta i sekken til Sivert. Det er stort sett nedoverbakke heile vegen til nissehuset, så det meiner dei vil gå bra.

«Du Jenny, » seier Sivert, som går fremst. Dei har gått eit langt stykke, utan å snakke med kvarandre. «Kva trur du om å rigge seg til her?» Men Jenny svarar ikkje. Sivert snur seg, han kan ikkje sjå Jenny nokon stad! Han torer ikkje rope, i fall nokon andre enn Jenny kan høyre han, men han kviskrar namnet hennar så høgt han kan, mens han leitar etter spora hennar. Bak seg i snøen kan han berre sjå sine eigne spor! Han går så fort han kan og  følgjer spora sine tilbake for å sjå kor det har blitt av Jenny.

 

Jenny har stoppa opp. Ho synes ho høyrer ein lyd bak seg. Kunne det vere fleire svoltne hjortar? Ho lyser med lykta si bortetter den kvite snøen. Plutseleg blir alt mørkt rundt henne! Lommelykta blir reven ut av handa hennar, og ho får noko mørkt tredd nedover heile seg! Er ho putta oppi noko stort? Ho prøver å rope på Sivert, men nokon held ei stor hand framfor munnen hennar utanpå det som må vere ein sekk – det er ikkje råd å rope! Ho ristar og skumpar rundt inni sekken –  ho blir frakta av garde i stor fart.

 

Sivert blir meir og meir engsteleg. Då ser han endeleg Jenny sine spor i snøen i strålen frå lommelykta si. Men ikkje berre hennar spor – han kan tydeleg sjå to par spor til, store, djupe spor i snøen – med seks tær! Då forstår han kva som har hendt med Jenny.

«Kva skal eg gjere no?» tenker Sivert. Han veit det er trolla som har tatt med seg Jenny. «Korleis skal eg klare å hjelpe henne heilt åleine?» seier han høgt ut i lufta. Litt lenger borte ser han eit svakt lys i snøen. Han grev fram lommelykta til Jenny.

Plutseleg kjem han på julekorta! Kanskje julekorta kan gje eit råd denne gongen også? Han dreg korta fort opp av lomma si. Det første han ser er eit kort med bilde av fuglar som sit på snøkledde greiner! Dei liknar på den fuglen dei hadde funne utanfor hytteveggen, og som også dreg nissesleden! Men kva tyder den store nøkkelen som ligg i snøen under greinene?

 

 

 

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 10.desember

Eg er svak for mysterier, skjulte koder, spennande skatteleitingar, finurlege krumspring og kappløp med skumle kjeltringar – fram mot løysinga av gåta. Gjerne knytt til eldgamle mysterier.

Det fins en heil del slik litteratur, t.d. «Da Vinci-koden», for å berre nemne ei.

Ikkje alle bøker i denne sjangeren er like vellykka – men den eg dreg fram i dag, held seg bra fram til mål: «Den fjerde regelen» avIan Caldwell og Dustin Thomason.»

Det som gjer denne boka særleg spennande (etter mi meining) – er at handlinga er konstruert rundt ei verkeleg bok: «Hypnerotomachia Poliphili», der forfattarane  knyter uløyste koder og mysterier til denne vidgjetne boka.

Dette er henta frå Store norske leksikon:

«Hypnerotomachia Poliphili, berømt fantasi- og kjærlighetsroman fra renessansen skrevet av den italienske maken Francesco Colonna og trykket første gang 1499 i Venezia av den kjente boktrykkeren Aldus Manutius. 

Boka er en beretning om Polifilus, som i drømme kjemper for å vinne tilbake sin elskede Polia, og som møter motstand og mange prøvelser. På sin vei for å finne henne vandrer han gjennom landskaper hvor han ser bygninger og monumenter som han beskriver og kommenterer. Polifilus fremstår som humanist, og han sammenligner den arkitekturen han ser, med de klassiske idealene. Mange mener at boka kan leses som et slags arkitektonisk manifest, og at den beskriver en visjon om et Roma som på det tidspunktet ennå ikke var bygget. 

Hypnerotomachia Poliphili er av mange regnet som renessansens mest betydningsfulle og praktfulle bokverk og inneholder rundt 170 illustrasjoner utført i tresnitt. Typografien i boka er berømt for sin klare antikvaskrift.»

 

Eg siterer frå baksideteksten:

«To studenter ved det velrenommerte Princeton-universitetet kommer over en dagbok. Samme dag blir budbringereren myrdet. Dagboken gir spor som fører dem gjennom mysteriene i den hypnotiserende ’Hyperotomachia Poliphili’, en uløst gåte av en bok fra renessansen, med mye glemt lærdom. Men det er ikke bare renessansefyrstens hemmeligheter som avdekkes. Mye foregår i dag: En ond professor, hemmelige selskaper og mord. Hvor fører sporene? En hemmelig krypt kan romme svar.

De to stjernestudentene fra Princeton- og Harvarduniversitetene, Ian Caldwell og Dustin Thomason, har brukt mange år på å konstruere denne intrikate historien.»

 

Likar du koder, mysterier og spenning er dette boka!

 

 

Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 10

«Skal vi gå inn og ta med oss bjella?» spør Nisseguri. «Søv trolla godt nok, tru?» seier Nissetruls. Dei sit alle musestille på gøymestaden sin og lyttar. Akkurat i et same kjem det ein kjempesnork inne frå hola, så venene våre skvett til. «Det høyres ut som dei søv godt» seier Sivert. «Eg vil prøve», kviskrar Nisseguri. Før dei klarer å stoppe ho, er ho på veg inn i hola! Dei andre held pusten, der dei står gøymt ved inngangen. Nisseguri listar seg på lydlause steg innover i hola. Men ho ser ikkje så godt i mørkret. Ho ser ikkje kvisten som ligg på golvet. Plutseleg høyrest ein skarp smell  – det er den tørre kvisten som knekk då Nisseguri trakkar på han!

Trolla bråvaknar og sprett opp, men dei er endå i soveørska, så dei tomlar rund der inne i mørkret, dultar borti kvarandre, ramlar og snurrar rundt seg sjølv! Det er eit forferdeleg styr der inne! Heldigvis er Nissguri rask i vendinga, ho er ute av hola på ein blunk. Mens trolla surrar rundt og lurer på kva som vekte dei, er dei fem venene på veg nedover fjellsida så fort dei berre klarer. Nissetruls går bakerst og børstar bort fotspora deira i snøen, etterkvart som dei spring nedover. Trolla må ikkje vite at dei har vore der – eller at gøymestaden for julebjella er oppdaga!

Turen ned frå trollhola går mykje fortare enn opp, snart er dei ved steinen og spora dei hadde sett på julekortet. Der dei møtte katten, ser dei sine eigne spor i ring. Hadde det ikkje vore for katten, hadde dei aldri funne fram.

Resten av vegen er lett å finne. Det har ikkje snødd på ei stund, så dei ser sine eigne spor heile vegen tilbake til nissehuset. Men no er dei nøye med å skjule spora sine.

 

Dei kjem seg inn i nissestua, der nissane har fyrt på peisen og gjort så godt dei kunne for å rydde opp etter at trolla hadde vore der og øydelagt leikene. Men nissane er triste og mismodige. Det er ikkje mykje der som minner om den trivelege stunda då det var full juleaktivitet og nissefest.

No stimlar alle nissane seg saman rundt dei modige ekspedisjonsfararane. Dei er spente på kva dei har funne ut. Nissejens, Nissetruls, Nisseguri, Sivert og Jenny fortel i munnen på kvarandre. Nissane ser endå tristare ut no, etter å ha høyrt kva som har hendt med julebjella. Nisseauga lyser av skrekk då dei får høyre om at dei nesten vart oppdaga då modige Nisseguri sneik seg inn i hola.

«Men eg trur Sivert og Jenny har ein plan», seier Nissejens, og gløttar bort på barna. Dei nikkar ivrig.

«Ja, det har vi, Men vi treng litt utstyr!» seier Sivert. «Det må vel bli ei råd med det – få høyre» seier Nissejens.

Etterkvart som Sivert og Jenny fortel kva dei treng, spring nissane rundt og leiter. Dei finn alt som trengs.

«Så treng vi berre ei gryte og grautgryn til slutt», seier Jenny. Nissane ser forundra på henne, men spring og hentar gryte og gryn.

«Denne gongen trur eg vi må gå åleine», seier Sivert. «No kan vi vegen, det snør heller ikkje, så vi har god sikt, rett mot det høgaste fjellet, der hola er.» «Jo fleire vi er, desto lettare er det for trolla å oppdage oss», seier Jenny.

Nissejens ser tvilande på dei. Han skjøner dei har rett, og han veit at dei er smarte, desse to menneskebarna. Dei diskuterer litt fram og tilbake, til slutt går nissane med på at barna skal gå åleine.

Dermed går Sivert og Jenny endå ein gong ut i den mørke vinternatta.

Dei veit kva dei må gjere, men med det same dei står der åleine ute i den mørke natta, kjenner dei seg små og redde. Sivert tar seg saman: «Kom igjen, vi må gjere det som skal til!» «Du har rett, av garde med oss!» svarar Jenny.

For andre gong denne natta er dei på veg til trollhola. Det er eit stykke å gå, men no kan dei i alle fall vegen. Månen har titta fram mellom skyene, himmelen blenkjer med millionar av stjerner. Plutseleg stoppar Sivert. «Hysj, eg høyrde ein lyd», seier han. «Kva er det?» spør Jenny, men ho ventar ikkje på svar, for no har ho også høyrt lyden. Det er lyden av skritt som går i snøen! Lyden kjem borte frå nokre krokete furuer som står i ei klynge like ved. Sivert og Jenny er snare å dukke ned bak nokre små fjellbjørker som stikk opp av snøen.

«Kven kan det vere», kviskrar Jenny engsteleg. «Finn fram korta, Sivert, det kan hende det er eit bilde på kortet som kan fortelje oss noko!» Sivert stikk handa i lomma og dreg fram dei gamle postkorta. På kortet som no ligg øvst er det bilde av ei gammaldags tine.

«Ei slik ei var det inne hos nissane», seier Jenny, «akkurat lik denne!» «Var det ikkje den dei henta nistemat til oss frå?» undrar Sivert. «Men kva kan denne tina ha med desse lydane borte ved furuene å gjere?» kviskrar Jenny, og ser engsteleg bort mot der lydane kjem frå. Sivert står heilt i ro og stirer mot furuene. Brått lyser han med lommelykta rett mot det største treet, og der ser dei ei rask rørsle, det blinkar, som om lysande auge stirer rett mot dei mørkret. Så er alt stille, og ingen ting å sjå. Men både Sivert og Jenny rekk å sjå kva det er som gøymer seg i mørkret – og dermed skjønar dei også kva bildet på kortet tyder. Dei smiler til kvarandre, og Jenny opnar sekken sin.

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 9. desember

I 2002 kom boka «Pianostemmeren»av den amerikanske forfatteren Daniel Mason. Oversatt og gitt ut på norsk i 2003.

Dette er debutboka hans, og ho fekk stor merksemd.

Det er ikkje så rart, etter mitt skjønn, for dette er ei bok som har mange svært mange kvalitetar: god komposisjon, hypnotisk forteljing, elegant, spennande , mytisk, romantisk, lyrisk, sensuell, lidenskapeleg og velskreven. Det er berre å gje seg over.

Handlinga, slik vi ser frå baksida av den norske utgåva:

«I 1886 får pianostemmeren Edgar Drake en merkelig forespørsel fra de britiske krigsmyndigheter: Vil han forlate sin kone og sitt fredelige i London for å dra inn i jungelen  Burma? Der er det nemlig et sjeldent Erard-piano, og det trenger reparasjon.…

Edgars ferd går gjennom Europa, via Rødehavet, India og inn i Burmas jungel. Her møter han en verden som enda mer merkelig, mørk og farlig enn han kunne tenkt seg.»

 

Page-turner!

 

Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 9

Eit stykke oppetter det høgaste fjellet kan ein, om ein ser riktig godt etter, sjå ein mørk flekk i fjellsida, mest som ein sprekk. Det er akkurat det det er, og innanfor den sprekken er det ei hole. Det svært få veit, er at denne hola har vore heimen til troll gjennom mangfoldige hundre år – og er det endå! I trollhola denne natta er stemninga dårleg, slik den ofte er. No er vi i trollhola natta før dei fem venene våre er ute i snøvêret på leiting etter julebjella.

Det er ikkje lenge sidan Trollgufse og Trolltufsen var som snarast innom. Dei var uvanleg løyndomsfulle. Dei insisterte på å få med seg onkel Trollfjoms. Dei hadde noko veldig viktig å gjere, sa dei. Trollmor syntes det var mistenkjeleg.

«Støtt finn desse to karane på noko tull», mumlar ho for seg sjølv. Ho må som vanleg styre på frå morgon til kveld, aller helst når det er kveld og natt – for trolla søv mest om dagen. Trollhola er full av trollungar som finn på fantestreker, luggar, sparkar, slår og kranglar. Borti ein krok sit eldste trolldattera hennar, Trollhufsa, sur som ei eddikkrukke og glor ut i lufta. Trollmor rører i den store gryta med barkegraut. Spetakkelet frå trollungane aukar på.

«Kan du ikkje hjelpe meg med å få desse ungane til å slutte og bråke!» ropar Trollmor. Det kjem ikkje noko svar frå Trollhufsa. «Trollhufsa!» ropar Trollmor endå høgre.Trollhufsa reiser seg sakte opp. Ho stiller seg midt på golvet i hola og ropar: «STILLE!»

Straks er alt stille. Trollungane har respekt for storesøstera si. Alle ungane set seg ned og stirer på Trollmor. Men snart gneldrar dei munnen på kvarandre igjen: «Er det mat snart?» Har vi berre barkegraut i dag også?» «Eg er så lei av den dumme grauten!» «Kan du ikkje lage noko anna?»

Akkurat då høyrer dei pusting og stønning frå inngangen til hola. Alle snur seg for å sjå. Der kjem Trolltufsen, Trollgufse og onkel Trollfjoms baksande inn med noko stort mellom seg.

Alle troll, små og store stimlar saman rundt dei. Då dei tre pustande, pesande trolla set frå seg det dei ber mellom seg, og ryggar tilbake, høyres ein sus frå trollflokken.

Trollgufse kremtar høgtideleg: «Dette er sjølvaste julebjella! Det er ho som gjer at nissane alltid har det så kjekt i jula!» «Og alltid har god graut, kaker og julepynt» held Trolltufsen fram. No fortel dei om då dei spionerte på nissane, etter endeleg å ha funne ein av inngangane til nissestaden deira. Dei måtte ha med seg ein til for å hente bjella, og få den med seg oppetter den bratte fjellsida til trollhola – og dessutan finne på litt rampestreker for nissane, det var derfor dei hadde vore som snarast innom og henta onkel Trollfjoms. Trolla dansar av glede rundt julebjella til natta tar slutt, og morgonlyset er på veg. Då er det sovetid for troll.

 

Vi gjer eit hopp fram til neste natt, der dei fem venene er på leiting etter julebjella i snødrevet. Dei er temmeleg motlause der dei står i mørkret og ikkje finn eit einaste spor. Det er då Sivert hugsar korta han har i lomma.

«Kanskje korta kan hjelpe oss?» seier han, og finn dei fram frå lomma si. Jenny lyser med lommelykta på det øvste kortet. «Ein katt? Og spor i snøen?» seier ho forundra. Men dei ser ingen katt rundt seg, der dei står. «Eg trur vi må sjå etter den steinen» seier Sivert og peikar på kortet. «Sjå», seier Jenny, «det ser ut som det er spor som går rett bort til ei mørk hole, kanskje katten kan vise oss staden julebjella er gøymt?»

Dei lyser rundt seg der dei står, og skimtar noko som liknar på ein stein litt lenger borte. Det viser seg at det faktisk er ein stein, det er berre så vidt dei kan sjå han under all snøen. Då dei er nesten borte ved steinen høyrer dei ein lyd: «Mjauuu!» Dei ser på kvarandre, og går nærare steinen. Der kjem det fram ein liten katt som ser på dei med hovudet på skakke. Katten byksar med lange hopp i snøen – dei fem venene stampar i djupsnøen så fort dei klarer, men det er tungt å gå. Kvar gong dei trur dei har mista sporet, dukkar katten opp igjen. Det er heilt tydeleg at han viser dei vegen.

«Det ser ut til at vi må oppetter denne fjellsida!» seier Nissejens, som går fremst. «Eg kan sjå ein sprekk der oppe!» seier Jenny. Katten, som no er langt framom dei, hoppar oppetter fjellsida mot sprekken, men så er han vekk. Han er ikkje å sjå nokon stad.

«Eg trur det er dit vi skal», seier Nisseguri. Jenny og Sivert er slitne etter å ha gått så langt i den djupe snøen, men dei klarer å gå litt til. I alle fall etter at Nissetruls finn fram litt nistemat som dei kan styrke seg på. Dei går vidare oppetter fjellsida.

«Hysj, eg høyrer noko», kviskrar Nissejens. Dei stoppar, lyttar – og høyrer no tydeleg mumling og snakking inne frå hola. Dei nærmar seg forsiktig, gøymer seg tett ved holeinngangen, bak nokre steinar, og gløttar forsiktig inn i hola.

«Kvifor i all verda er det ikkje skikkeleg graut her no då?» brummar eit stort, rufsete troll. «Eit av dei andre trolla klør seg i hovudet: «Det tar vel litt tid før bjella virkar, kanskje.» Eit anna troll ropar:« Vi må pusse og gnikke på bjella! Det gjorde nissane!» Dermed er alle trolla i full sving med å pusse bjella med mosedottar. No blir den enda blankare. «Er det graut i gryta no då?» spør eit anna troll. Alle trolla stimlar saman rundt den store kopargryta som står over varmen.

Jenny og Sivert ser på kvarandre. «Det er akkurat den gryta vi såg på kortet», kviskrar Jenny, så stilt at Sivert så vidt kan høyre. Han nikkar.

«Æsj», kjem det frå eit av dei små trolla, «same, sure barkegrauten!»

«Vi skal nok få bjella til å virke», seier ei, som Jenny og Sivert skjønar må vere trollmora. «No kviler vi oss litt, så kjem vi sikkert på noko lurt. Klarar nissane å få bjella til å stelle  i stand til jul, skal vel vi klare det.»

«Vi må finne ein lur gøymestad for bjella», seier eit av trolla. «Tull og tøys, vi er no her alle og passar på» svarar eit anna. «Ein veit aldri kven som er ute og luskar», seier endå eit anna troll. «Eg veit det, eg veit det!» pip eit av dei minste trolla, «Vi gøymer ho i gryta!» Det ser ut til at trolla synes det er ein god idé. Bjella blir løfta opp i gryta. Trolla legg seg i krikar og krokar på golvet i hola, og snart snorkar dei.

Utanfor hola sit dei fem modige venene gøymt. Dei veit dei må få tak i bjella. «Dette klarer vi aldri!» kviskrar Nissejens. «Trolla er farlege!» «Ja, dei er sikkert farlege», seier Jenny, «men eg trur ikkje dei er så lure!» «Eg trur eg veit kva vi må gjere», seier Sivert.

 

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 8.desember

Vi skal innom bildebokas verd igjen. Igjen handlar det om eit eige forfattar/illustratørunivers.

Den australske forfattaren/illustratøren Shaun Tan har ei skaparkraft og ein detaljrikdom i illustrasjonane sine som overgår det meste. Tekstene er enkle og liketil, tilsynelatande utan den store tematikken. Men det er tilsynelatande. Gøymt mellom dei enkle orda i den sparsomme teksten – og dei kraftfulle detaljane i det fantasifulle universet hans, finn vi einsemd, det å ikkje høyre til –  frå dystert mørke til lysande håp. Den eine fabulerande, fantasifulle, absurde illustrasjonen etter den andre gjer bøkene hans til ei fantastisk reise. Kvar gong eg opnar ei av bøkene.

Shaun Tan blir rekna som en av verdas fremste barnebokforfattarar , og har fått ei rekke internasjonale prisar – men som med alle gode bøker – her handlar det ikkje om alder for å kunne nyte bøkene. Eg blar og blar i bøkene hans, oppdagar stadig nye detaljar. Dei to eg viser til i dag er «Det røde treet» og «Den bortkomne tingen».Sistnemnde har han laga ein kortfilm av, saman med Andrew Ruhemann. Kortfilmen har vunne ein Oscar for beste kortfilm.

Om «Den bortkomne tingen»: «dette er en humoristisk historie om en gutt som samler flaskekorker på en strand da han finner en mystisk skapning. Gutten er sikker på at tingen har gått seg bort og prøver å finne ut hvem som eier den, men det virker ikke som om andre verken ser eller bryr seg om skapningen.» (omtale Tanum)

Om «Det røde treet»: «Noen ganger begynner dagen uten noe å glede seg til …Slik begynner den lille, store boken Det røde treet. Shaun Tan bruker en kombinasjon av ord og bilde til å formidle en foruroligende, fantasieggende virkelighet som kan oppfattes på mange plan enten man er barn eller ennå har barnet inni seg. Dette er historien om den lille jenta som synes dagene kan være vanskelige og gå igjennom, men plutselig kan alt forandre seg hvis man er åpen for det.» (omtale Tanum)

 

 

 

Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 8

Foreldra til Jenny og Sivert hadde oppdaga at dei hadde gløymt både gåver og julepynt då dei skulle pynte til jul i hytta. Det var endå nokre dagar til jul, men på tide å finne fram det dei likte å pynte med heime hos seg sjølve. Dei visste kor viktig det var for barna at alt var på plass for å få ei fin julefeiring. Dei blei derfor ganske forundra då barna ikkje såg ut til å bry seg i deg heile tatt.

Denne dagen såg ut til å bli ein flott vinterdag på fjellet. Begge familiane pakka sekkane sine med nistemat, og etter at Jenny og Sivert hadde mata fuglane – den gamle, krokete fura var framleis full av kvitrande fuglar, og søskenbarna passa godt på at dei hadde mat nok – blei det ein lang, fin skitur.

«Fortel meir om tippoldefar Jakob», seier Sivert då dei sit ved bålet om kvelden. «Eg møtte han aldri», svarar far, «han døydde før vi var fødd» – han nikkar mot mor til Jenny. «Men bestemor brukte å fortelje oss historier om han. Han likte seg veldig godt her på fjellet, han kunne halde til her i vekesvis, særleg på sine eldre dagar.» Mor til Jenny held fram: «Han var visst veldig glad i dyr. Han visste alt om kor dei heldt til, og kva som skulle til for å hjelpe dyra, om det var lite mat, eller noko hadde skjedd. Folk lurte på kvifor han visste så mykje om dyra, men det var vel noko han lærte seg, sidan han var så mykje her oppe.»

Om kvelden sit Jenny og Sivert på hemsen. Dei opnar skapdøra der korta ligg. Øvst i bunken ligg det eit kort med bilde av ei stor kopargrytre. Oppi gryta står ein sopelime.

«Den gryta må vere diger», seier Sivert, «sidan det er ein kost og ikkje ei sleiv til å røre i maten med!»

«Eg lurer på kva som hender hos nissane» seier Jenny tankefull. Dette bildet av gryta må vere viktig! Fotspora på kortet i går, også. Eg trur nissane treng hjelpa vår!» Dei to barna ser på kvarandre, og begge veit at dei må klatre ut av vindauget denne natta også. Men dei kan ikkje gå ut så lenge foreldra er vakne. Dei bestemmer seg for å sove på skift til alt er stille i hytta, og dei vaksne søv.

Det er då det er Jenny sin tur til å vere vaken at ho høyrer eit dunk på vindauget. Alt er stille i hytta, så alle søv. På vindauget er det merke etter ein snøball!

«Kom igjen – eg trur vi blir henta» kviskrar Jenny, og ristar Sivert vaken. Han sprett opp, dei opnar vindauget, og klatrar ned taustigen som dei slepp ut gjennom vindauget. Jenny har rett, i snøen ved hytteveggen står sleden, berre Nissejens er oppi sleden denne gongen, og fuglane står klare til å lette. Nissejens ser bleik og bekymra ut.

«Har det skjedd noko?» spør Sivert.

«Ja, det skal vere visst!» svarar Nissejens. Det ser ut som han har tårer i auga. «Julebjella vår er sporlaust borte! Eg er redd ho er blitt stolen!» Jenny og Sivert stirer forskrekka på han. «Utan julebjella blir det ikkje jul – ikkje hos nissane – og ikkje hos menneska.» Nissejens ristar sørgmodig på hovudet. No er dei i lufta. Heller ikkje denne gongen blir det leik og moro på turen, fuglane flyg rett fram. Det tar ikkje lange stunda før dei landar ved nissedøra. Framfor ho står det to nissar på vakt.

«Kom, eg skal vise dykk noko», seier Nissejens. Inne hos nissane er det ei sørgeleg stemning. Alt er stille. Ingen spring glade rundt og styrer med juleførebuingar, slik dei hadde gjort sist Jenny og Sivert var her. Alle ser triste ut, gløttar berre så vidt opp på barna. Nissejens går framfor dei til nisseverkstaden. Han peikar på det som ligg strødd rundt på golvet. Det som sist hadde vore dei flottaste leiker av alle slag, er no knust og øydelagt. Bitar og deler av leikene ligg i haugar på golvet.

«Dette skjedde i går natt, etter at vi hadde køyrt dykk heim med sleden», seier Nissejens med gråt i stemma. «Det var då julebejella forsvann, også. Utan at vaktene utanfor såg noko, og alle vi andre nissane sov.»

No viser barna fram korta, både det med fotspora og det andre, med gryta.

«Mistanken vår stemmer nok», kviskrar Nissejens. Det er trolla som har vore på ferde. Berre troll har seks tær. Denne streken mellom fotspora er spor etter ein trollhale.»

«Dette må vi finne ut av!» seier Jenny. «Men det kan bli farleg, det må de vere klar over», seier Nissejens alvorleg.

Men Sivert og Jenny vil hjelpe. Dei vil då ikkje at jula skal bli øydelagt for både nissar og menneske.

«Vi må legge ein plan!» seier Sivert. Snart har dei funne ut kva som må gjerast. Saman med Nissejens, Sivert og Jenny, skal to av dei modigaste nissane gå på leiting etter julebjella. Dei to modigaste nissane er Nisseguri og Nissetruls. Det er faktisk berre dei to av alle nissane som ikkje dreg nissehuene nedover ansiktet, då Nissejens spør etter frivillige til å bli med på ekspedisjonen.

Dei tre nissane og dei to barna er ute i snøen. Først må dei finne fotspora det er bilde av på kortet. Dei skjøner at trolla ikkje kan ha gått inn hovudinngangen, gjennom døra. Men den kalde gufsen dei hadde kjent då det var nissefest, måtte likevel vere at trolla hadde opna hoveddøra på gløtt og spionert på nissane. Då hadde dei sjølvsagt fått med seg alt om den magiske julebjella. Det er to inngangar til nissane i tillegg til døra. Den eine er ved ein stor stein. Der finn dei ingen spor. Den andre er midt mellom fem furuer som står i ein ring. Der er det ein lem i bakken, som til ein jordkjellar. Der ser dei spor! Trolla har hatt det så travelt at dei ikkje har klart å koste bort alle spora etter seg, sjølv om dei hadde prøvd. Fem par skarpe auge leitar opp det eine sporet etter det andre. Innimellom skottar Nissejens litt engsteleg opp mot himmelen. Det er ei mørk natt. Månen og stjernene er skjult bak skyene. Plutseleg kjenner Sivert eit snøfnugg på nasen – og snart fleire!

«Det var det eg var redd for!» seier Nissejens. Snøen vil snart skjule spora heilt. Kva gjer vi no?»

Snøen lavar ned. Dei kan knapt sjå ei hand framfor seg, sjølv om nissane har parafinlykter, og Sivert og Jenny har med kvar si kraftige lommelykt. Spora kan dei berre gløyme å gå etter. Dei finn ikkje ein gong igjen sine eigne fotspor.

«No finn vi ikkje vegen tilbake, heller» seier Jenny engsteleg.

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 7.desember

I dag hadde eg tenkt å tipse om ei bestemt bok av forfatteren Gert Nygårdshaug. Men det viser seg uråd. Ved ettertanke har eg lese kvar einaste bok av denne forfattaren. Kvar gong eg høyrer at han har ei ny bok på gang, gler eg meg. Ikkje alle bøkene er like gode, sjølvsagt, det er nærast uråd i eit så omfattande forfattarskap. Men lesegleden ved mange av romanane hans er slik at det er nesten uråd for meg å plukke ut ein som den aller beste.

Heilt tilfeldig kom eg over boka «Prost Gotvins Geometri», for mange år sidan. Eg vart heilt oppslukt. Forteljarstilen hans er frodig, humoristisk, særdeles fantasifull – og djupt alvorleg.

Etter å ha lest den boka var eg «hekta».

Mengele Zoo (1989) er den første boka i ein trilogi.

Følgande omtale er henta frå Wikipedia:

«Historien handler om Mino Aquiles Portoguesa, som er født i en landsby i Latin-Amerikas regnskoger. Faren lærer ham å jakte på sommerfugler. En dag rammer katastrofen landsbyen, og Mino går ut i verden alene. Etter hvert blir han grunnlegger av «Mariposa-bevegelsen», oppkalt etter (den fiktive) sommerfugl-arten Mariposa mimosaMariposa er spansk for «sommerfugl».

Boken tar opp temaer som miljøvern,nord-sør-konflikt og imperialisme, og ikke minst hvordan man velger å prioritere sine verdier. Til tross for at Mengele Zoo beskriver verden sett fra en av Jordas mest ettersøkte terroristers øyne, er det lett for leseren å ta parti med Mino gjennom hele boken. Han dukker også opp i Nygårdshaugs senere romaner Himmelblomsttreets muligheterAfrodites basseng og Fortellernes marked

Nygårdshaug vegrar seg ikkje for å røre ved universets gåter – kunnskap og fantasi går hand i hand. Gjennom dristige tankar viser han oss viktige perspektiv på tilværelsen. Miljøengasjementet ligg langt framme i dei mange laga i romanane hans.

Kriminalromanane til Gert Nygårdshaug om gourmetkokken Drum og Kriposetterforskar Skarphedin er også med i favorittrekka mi frå denne forfattaren.

I skrivande stund er eg i gang med å lese årets roman frå Nygårdshaug: «Zoo Europa» – spent som alltid på det som kjem frå denne forfattaren.

 

Konkurranse!

7.desember:

Nemn minst ei av Jo Nesbøs bøker som er blitt filmatisert!

Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 7

 

Nissejens ser alvorleg på Sivert og Jenny.

«Det er noko som ikkje er som det skal», seier han. «Det kan vere fare på ferde. Eg trur det er best vi fraktar dykk trygt tilbake til hytta.»

Den kalde trekken dei hadde kjent for litt sidan er borte. No er det berre den lune peisvarmen og lukta av julekaker  dei kjenner igjen. Men dei to barna ser at nissane er urolege. Nissejens sender to nissar for å sjå om det er uvedkommande ved den skjulte inngangen. Dei kjem snart tilbake og seier at det ikkje er nokon der.

«Vi har andre inngangar også, men dei har ikkje vore i bruk på hundrevis av år. Dei vil ingen finne. Vi får halde vakt ved hovudinngangen!» seier Nissejens til dei andre nissane. «Kom igjen» ropar han til Sivert og Jenny, «opp i sleden!»

Heimturen i sleden blir utan krumspring og moro. Det verkar som dei har det travelt, for fuglane flyg strake vegen gjennom lufta. Ingen av nissane som er med hoiar og ler. Nissejens ser alvorleg ut. Sleden landar mjukt i snøen utanfor hytteveggen. Ingen ramlar ut.

«Skund dykk inn!» seier Nissejens. Jenny og Sivert gjer som han seier, og klatrar opp taustigen som framleis heng ut gjennom vindauget. Dei dreg opp stigen etter seg, og blir ståande ei stund og sjå etter fuglesleden og nissane, som snart forsvinn ut av syne i den mørke vinternatta.

«Kva kan ha hendt, trur du?» spør Sivert. «Eg veit ikkje, men nissane såg redde ut» svarar Jenny. «Skulle ønske vi ikkje blei sendt heim – vi kunne hjelpe nissane med å finne ut kva som går føre seg», seier Sivert. Før dei legg seg til å sove ser dei på julekorta.

«Tenk at desse korta har tippoldefar og gamlenissen sendt til kvarandre!» seier Jenny. «Og tenk at korta no fortel oss viktige ting!»seier Sivert. Dei ser på det kortet som no ligg på toppen av bunken. Det er bilde av eit fint vinterlandskap: snø, nokre tre og busker. «Kva i all verda kan dette vere?» undrar Sivert. Jenny ser nøye på bildet. «Det er noko her i snøen», seier ho, «ser du dei mørke flekkane?» Sivert lyser på bildet med lommelykta. Då ser dei kva det er: fotspor i snøen!

«Dei ser store ut», kviskrar Jenny. Ho kjenner som ei kald iling nedetter ryggen. «Det er noko underleg med desse spora» seier Sivert. «Sjå, det ser ut som det er seks tær – ikkje fem! Kven i all verda er det som har seks tær – og er stor?

«Kva kan denne streken mellom spora vere?» lurer Jenny på.

Dei blir liggjande lenge og kviskre saman. Dei lurer på korleis det går med nissane, kven sine spor dei ser på kortet. Dei håper det ikkje hender noko alvorleg.

 

Neste morgon vaknar dei to søskenbarna av klirring av koppar og fat – og skjønar dei vaksne har frukosten klar. Sivert og Jenny er ganske trøytte etter turen om natta, men dei vil ikkje fortelje noko om det dei har opplevd. Dei merkar fort at det er ei underleg stemning ved frukostbordet. Dei vaksne ser ut på kvarandre med triste auge.

«Kva er det med dykk?» spør Jenny. «Har det hendt noko?» held Sivert fram.

Då fortel foreldra deira: alle julegåvene er gløymt igjen heime!

«Det blir ei stusseleg jul her utan gåver!» seier far til Sivert. Dei fortel at dei hadde samla alle gåvene i ein sekk, og hadde tenkt å setje den inn i bilen til slutt, men gløymde det!

«Det same hende oss», seier Jennys mor. «Det var slikt stress for å komme seg av garde før det blei for seint – de veit, heim frå jobb, ete, pakke, gjere alt klart.»

«Som om ikkje det var nok har vi gløymt all julepynten også», held Siverts mor fram.

«Vi er veldig lei for det», seier far til Jenny. Barna ser på kvarandre. Dei har sjølvsagt gledd seg på julegåver. Men samtidig kjennes det ikkje så viktig ut, her dei er på fjellet, for hovuda deira er fylt med eventyret dei er midt oppi, som dei vaksne ikkje veit noko om. Som på eit signal seier dei to i munnen på kvarandre: «Det går bra, det gjer ikkje noko!» Fire par foreldreauge stirer forundra på barna.

 

Samtidig går det føre seg ein samtale mellom to langt ute fjellet.

«Tenk det, du – no veit vi kvifor nissane alltid har det så fint i jula! Kvifor dei har god graut, fin pynt, gode kaker, gåver, fest og moro – mens vi må ete sur barkegraut, kranglar og slost», seier den eine.

«Vi må skunde oss til dei andre. Her skal det leggjast ein plan!» kjem det frå den andre. Begge ler kort og hardt. Den latteren lovar ikkje godt.

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 6.desember

Vi skal halde oss til det våte element, havet, men utan sjømonstra frå går.

Boka i dag er «Fiskarkona og døtrene hennar» av Guri Aasen.

Guri Aasen er forteljar, og driv verksemda «Vestafor måne» der ho skaper framsyningar og verkstader i forteljarkunst. Denne boka tar utgangspunkt i det som opprinneleg var ei forteljarframsyning av same namn.

Henta frå baksideteksten: «Kven hadde ho vist seg å vere tru, skulptør Tore Bjørn Skjølsviks fiskarkonestatue på Vågsplassen i Fosnavåg, om ho kunne tre ned av sokkelen og fortelje oss om livet sitt?»

Dette er ei samling minneforteljingar frå tidsrommet 1860 – 1960. Vi møter ulike kvinneskikkelsar som har vore mottaksapparatet for havets grøde. I forordet til boka fortel Guri Aasen at ho i 2010 hadde samtaler med 32 kvinner og menn i alderen 48 – 104 år. Desse delte raust minnebilda sine med forfattaren. Desse minnebilda er rikt representert i persongalleriet og historiene i boka.

Teksten ber preg av Guris solide forteljarevner – og grip lesaren, får ein til å tenkje seg inn i desse kvinnenes liv.

Boka er også full av foto og illustrasjonar. Dette skulle vere obligatorisk lesnad for alle som bur på, eller har røtene sine frå kysten.

Forfattaren har sjølv utgitt boka – den kan skaffast ved å ta kontakt med Guri Aasen.

Konkurranse!

6.desember:

 Kva heiter tippoldefaren til Birger i boka «Birgers odyssé»?

 

 

 

 

 

 

Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 6

Ingen ting hender. Jenny og Sivert ser spørjande på kvarandre. Skapningen ved peisen rører seg ikkje. Sivert drar forsiktig fram dei gamle julekorta frå lomma si. På det øvste kortet er det bilde av ei julebjelle. Det ser ut som ei helt vanleg bjelle, slik ein pyntar med  i jula. «Kva kan det vere med denne?» undrar Jenny.

Plutseleg høyrest ein lyd frå peiskroken. Det er som ei knirking. Jenny og Sivert bøyer seg litt fram, og stirer. Ettersom auga innstiller seg på mørkret, ser dei betre: på ein liten krakk sit ein bitteliten, skrukkete, gammal nisse! Han er samankrøpen, innpakka i ein tjukk, raud ullgenser, grøn nissehue og rutete ullpledd rundt beina. Under hua stikk det fram lange, kvite hårtjafsar, skjegget er også drivande kvitt – og så langt at det når heilt ned til golvet. I ansiktet gneistrar det i to blå, smilande auge.

«Jaså», pip det frå den eldgamle nissen. «Så dette er altså tippoldebarna til min gode ven Jakob!» Siver og Jenny ser på kvarandre – og ser så spørjande på nissen.

«Ja, de lurer vel på korleis det kan ha seg», held gamlenissen fram. «De forstår, vi nissar kan bli verkeleg gamle! Eg for min del er no omtrent to hundre år gammal.»

Sivert og Jenny nikkar, no er dei spent på kva nissen vil fortelje – tenk, han var ven med tippoldefar!

«Det er ikkje vanleg at nissar og menneske kjenner kvarandre og blir vener, » knirkar gamlenissen vidare. «Det var litt vanlegare i gamle dagar, kanskje. Jakob og eg møttes heilt tilfeldig, eg fekk auge på han ein gong han var her på fjellet og ga mat til dei svoltne hjortane. Det hender vi nissar gjer eit og anna for å hjelpe menneska, og vi set stor pris på at menneska også gjer sitt for å hjelpe andre, både andre menneske, dyr – og naturen rundt oss. «No må gamlenissen hoste litt, det er visst ikkje kvar dag han snakkar så mykje.

«Etterkvart som åra gjekk, ga Jakob og eg kort til kvarandre for å gje beskjed om viktige ting vi kunne trenge hjelp til. Korta gøymde vi på hemmelege stader. Også den gongen var det folk som ikkje trudde på nissane, eller andre underjordiske, troll og slikt, så vi måtte vere forsiktige. Jakob hadde ikkje lyst til å bli kalla for ein tøvete tulling som trudde at eventyra var verkelege! Lenge, lenge har eg no gløymt desse korta, heilt til de plutseleg fann dei i det hemmelege skapet til Jakob. Og sanneleg, sidan de har oppdaga magien med korta, at dei faktisk kan vere til hjelp – ja, då skjøna vi nissane at de to, de er same sorten som tippoldefaren dykkar – ikkje redd for å bli med inn i eventyret!»

Jenny og Sivert er mållause! For ei utruleg historie! Og tenk, dei får vere med på dette eventyret!

Gamlenissen har hosta frå seg igjen:« Sidan de ga så god hjelp til fuglen vår, ville vi gje dykk ei lita oppleving her i vår vesle nisseverd. No vil først Nissejens vise dykk rundt her – og så skal de få vere med på sjølve høgdepunktet i juleførebuingane våre!» No hadde gamlenissen snakka lenger enn han sikkert hadde gjort på førti år, han sovna, rett og slett. Sivert og Jenny høyrde berre snorkelydar frå kroken der gamlenissen sat inntulla i pleddet.

Utan at dei har merka det, står Nissejens ved sidan av dei.

«Kom, bli med meg», seier han, «så skal de sjå på liv og røre!»

Liv og røre er det faktisk overalt. Nokre nissar snekrar, skrur, monterer og målar leiker. Det er dei finaste leiker ein kan tenke seg: bilar, dokker, gyngehestar, puslespel, trommer og feler…

«Tru det eller ei, det er faktisk vi nissar som framleis lagar leiker til julegåver. Ikkje alt mogeleg sjølvsagt – det er eit og anna av moderne elektronikk vi endå ikkje har sett oss heilt inn i. Men vi har visse planer om å sende nissar på kurs, på eit eller anna vis…» Nissejens blir ståande og sjå tankefullt ut i lufta. Nissane er så opptekne med sitt at dei først ikkje merkar at Sivert og Jenny står der storøygde og ser på dei. Då dei oppdagar barna blir dei vettskremte, og dreg nissehuene sine nedover hovudet for å gøyme seg. Men Nissejens fortel kven Sivert og Jenny er,  at dei er heilt ufarlege, og snart dukkar nissane fram frå huene sine igjen, smiler – og held fram med arbeidet sitt.

Ved eit langt bord er det baking. Alle slags julekakedeiger blir rørt i hop, kjevla, forma, steikt og pynta. Det luktar vidunderleg. Sivert og Jenny får smake – så gode kaker har dei aldri smakt før! Ved vedkomfyren står ei nissemor og ein nissefar og byter på å røre i nissegrauten. Rundt dei spring det små nisseungar i alle aldrar: dei tergar kvarandre, finn på fantestreker, og masar om å få graut. Jenny og Sivert må le når dei ser ein av nisseungane nappe i buksa til nissefar, så han snur seg bort frå grauten – og ein anna liten nisseunge skundar seg å drysse pepar i grauten! Nissemor har henta sukker i skapet, men vil smake på grauten før ho sukrar – og lagar ein kjempenys av peparen! Nisseungane ler så dei ramlar rundt på golvet, og både nissemor, nissefar, Nissejens, Jenny og Sivert må le med.

Plutseleg gjallar lyden av eit horn!

«Kom, kom!» ropar Nissejens. «Vi skal samlast!» Dei to søskenbarna blir dregne med av flokken med nissar som samlar seg midt på golvet. Ein gong til kjem lyden frå hornet: ein raudkjaka nisse med gul nissehue bles så kinna hans nesten sprekk! Fram kjem to nissar berande på ei raud silkepute. Oppå puta er det ei gullbjelle, stor og blank, men tydeleg gammal og velbrukt, for den har bulkar både her og der. Det går eit sukk gjennom forsamlinga av nissar. Nissejens reinskar halsen, og seier med høgtideleg stemme:

«Igjen hentar vi fram nissebjella vår – den magiske bjella som gjer at jula blir ei god tid for både nissar og folk, som gjer at førebuingane går av seg sjølv, at gåvene kjem på plass, at vi alle er gode mot kvarandre! Kom igjen, bjella skal pussast!» Dermed spring alle nissane fram og gnikkar og pussar bjella, så ho til slutt skin som det puraste gull!

Deretter blir det nissefest! Alle får graut, Jenny og Sivert også – tre nissar finn fram feler, det blir dansa og leika – Jenny og Sivert har aldri vore med på kjekkare fest.

Plutseleg bråstoppar nissedansen og felespelet. Alle stivnar. Jenny og Sivert kjenner ein kald gufs gå gjennom rommet.

«Kva er dette?» kviskrar Nissejens forferda. Han ser redd ut – og det gjer alle dei andre nissane også, for dei har alle dratt nissehuene sine nedover ansiktet.

«Er det nokon som har funne inngangen til nissestaden vår?»

 

 

 

 

 

Publisert på

Julekalender: 5.desember

 

«Monstrenes natur er å overskride grenser og kategorier, å skape ro og uhygge i systemer for så å forsvinne  mørket straks vi prøver å bunte dem fast. Likevel er det altså dette jeg vil gjøre» seier Erling Sandmo, som har skrive boka «Uhyrlig».

Historikar og professor Eling Sandmo fortel om sjømonster som er skildra i kart og litteratur  i tidsrommet 1491 – 1895. Kildene har han funne i Nasjonalbiblioteket, der han er forskar. Dette er stoff det er sus over!

Illustrasjonane er henta frå karta, og er rett og slett eventyrlege.

I dag er monstra enten borte eller gløymd – eller forvandla til velkjend fauna. Vitskapen har funne forklaringar på mangt, mens andre av monstra held fram som frodige element i kategorien røvarhistorier og myter.

Henta frå baksideteksten på boka:

«En gang var sjømonstrene en naturlig del av kart og naturhistoriske beretninger. Folk som dro til havs, kunne møte de mest marerittaktige uhyrer i bølgene. Det mangeøyde havsvinet spredte skrekk rundt Island, monstre med lysende øyne raste i bølgene ved Norskekysten, og utenfor Bergen risikerte man å bli angrepet av sjøormen, som spiste kalver og griser hele. Men monstrene kunne også være nyttige: Havmennesker kunne  sløyes og kokes til tran, hvalens ribbein var reisverk for hus, og en blekksprut kunne fylle opp tønnevis med blekk»

Det er ikkje berre I Homers tid det ble skapt gode historier om det som rørte seg i havet – historene frå vår eigen norskekyst er likeså frodige!

For dei som måtte vere interessert: Kristoffer Schau har ei rekke flotte podcastar, «Rekommandert», med spennande , underhaldande tema – og i ein av podcastane  er Erling Sandmo gjest og fortel om akkurat denne boka.

 

Konkurranse!

5.desember:

I Odysséen møter helten Odyssevs to havuhyre som held til på kvar si side av eit smalt sund. Kva heiter desse uhyra?

 

Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 5

Først høyrer dei berre denne lyden – som om det susar og sprakar i lufta. Så ser dei gneistrande lysglimt, og der er den: sleden! Det er sjølvsagt den som har laga spora i snøen!  Fremst i sleden sit nissen med den raude hua, og bak han sit det fleire nissar! Det er ikkje godt å sjå om dei sit oppi eller heng bakpå sleden – til det er avstanden endå for stor. Men gneistrar gjer det frå sleden, der den skjær seg gjennom lufta. Det aller merkelegaste er at sleden blir dregen av småfuglar! Nokre har raudt bryst, andre gult, andre igjen er grå. Akkurat som fuglane i den gamle, krokete furua. Fuglen som flyg fremst liknar akkurat på den vesle fuglen Sivert og Jenny hadde funne i snøen!

Fuglane og sleden med nissane nærmar seg fort og landar i snøen rett framfor Sivert og Jenny. Dei står der berre, ingen av dei har endå sagt eit ord, så forundra er dei.

«Hopp om bord!» ropar nissen med den raude hua. Alle de andre nissane hoppar ned frå sleden, kjem mot dei to søskenbarna og bukkar djupt. Før Sivert og Jenny har rukke å seie så mykje som eit pip, sit dei sleden, godt innpakka i skinnfellar, og kjenner at dei er på veg høgt opp i lufta! Det blir ei underleg reise. Nissane ler og hoiar, fuglane flyg opp og ned, hit og dit , med sleden dinglande etter seg – det kjennes ut akkurat som å sitje i ei  berg-og dalbane! Sivert er først litt redd, men etterkvart gløymer han redsla, for det er faktisk  mest moro! Når han tittar bort på Jenny, skjøner han at ho kjenner det på same måten. Jenny kjenner kor det kilar i magen når sleden fer opp og ned i full fart– dette må vere verdas beste karusell! Snart hoiar og ler dei, akkurat slik som nissane.

«Hald dykk fast!» ropar nissen med den rade hua. «Vi går inn for landing!» Dermed stuper fuglane, sleden, nissane og barna nedover i lufta i vill fart, før de rettar opp sleden og landar i snøen. Men farten er stor, så alle i sleden blir slengt hulter til bulter ut i ei snøfønn. Dei landar heldigvis mjukt.

«Hahaha!» ropar nissane, «Landingane blir stadig betre!» Dei børstar av seg snøen, mens dei ler og ropar. Nissen med den raude hua hjelper Jenny og Sivert fram frå snøfonna.

«Velkomen til vårt rike, menneskebarn!» seier han. «Vi vil seie takk for hjelpa!» Sivert og Jenny ser på kvarandre: «Kva meiner han?» kviskrar Jenny. Nissen har nok høyrt kva ho sa. «Det er takka vere hjelpa de ga den beste sledefuglen vår at de no er her! Kom, så skal de få bli med inn!» Nissen børstar bort snøen på bakken rett framfor seg, og ei grå dør kjem fram under snøen. Det ser ut som døra ligg rett ned på bakken. Nissen opnar døra, og med det same tomlar dei nedover i ein mørk tunell,  og landar på ein haug med skinnfellar. Det går heilt rundt  hovuda på Sivert og Jenny, både på grunn av den ville reisa, men også fordi det dei opplever ikkje er til å tru!

Dei blir ståande og sjå seg rundt. Dei er i eit lyst, stort rom, men det er lavt under taket, kanskje fordi alle desse nissane som aular rundt er like små som Jenny og Sivert, sjølv om mange av dei ser både vaksne og gamle ut.

«Eg heiter Nissejens» seier nissen med den raude hua. «De skal no få sjå noko svært få menneske veit om», seier han, mens han blinkar lurt til dei. «Men aller først skal de få helse på ein som har noko å fortelje!»

«Ehh, tusen takk», stotrar Jenny fram, ho veit ikkje kva anna ho kan seie.»

«De har vel med de gamle postkorta, kanskje?» spør Nissejens, mens han fører dei lenger inn i det store rommet.

«Ehh, ja…? no er det Sivert som ikkje veit kva anna han skal seie.

«Vær så god, sett dykk ned her», seier Nissejens og viser dei ein stor, staseleg benk, fylt med skinnfellar og puter. De to barna set seg opp  benken. Her inni kroken er det mørkare enn i resten av rommet. Det varmar godt frå den store peisen som det er fyrt opp i. Peiselden kastar underlege skuggar oppetter veggane. Der i mørkret ved sidan av peisen skimtar dei ein underleg skapning. Sivert og Jenny sit heilt stille og torer nesten ikkje puste av spenning. Kven er det, og kva skal skje no?

 

Publisert på

Julekalender: 4.desember

Bildeboka «En fisk til Luna», utgitt 2014, er dagens bok. Dette er ei poetisk og vakker bildebok av Lisa Aisato, kunstnaren som vi i dei siste åra har sett som både forfattar og illustratør av eigne bøker, og som illustartør saman med andre forfattarar.

Dette er ei bok så full av estetikk og poesi at den må kunne røre alle. Tematikken er velkjent i barnelitteraturen, og også i anna litteratur: einsemd og lengsel, om det å ikkje høyre til, om å vere utanfor – og om håp. Ei av dei finaste bildebøkene eg har lest.

Det er mykje rom for tolking i både bilda og i den enkle teksten, alt etter kven som les ho – og kva alder lesaren har. Hendingane er realistisk skildra, men med surrealistiske element. Boka handlar om at Luna får nattleg besøk av ein månefisk. Ho reiser ut saman med fisken for å hjelpe han til å finne ut kor han høyrer til.

Illustrasjonane fyller sidene – tar med seg lesaren på ei vakker, spennande reise – som i ein draum.

 

Konkurranse!

4. desember:

Kven fekk Nobels litteraturpris i 2018?

Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 4

Det er Sivert som skal vere vaken først. Jenny pakkar seg godt inn i dyna, men soving blir det ikkje noko av. Det kjennes ut som om magen er full av sprettballar, synest Jenny. Ho er så sikker på at noko skal hende at ho klarer ikkje sove for alt  verda. Sivert sit med kortbunken i handa. «Var det ikkje kortet med bildet av fuglane som låg øvst i sta?» spør han. Jenny sprett opp. «Sjå her kva som ligg øvst no» seier han, og held fram eit kort så Jenny får sjå.

Jenny stirer på kortet. Fire smilande nissar ser tilbake på Jenny frå kortet.

«Jenny», kviskrar Sivert, «sjå!» han stirer med vidopne, kulerunde auge mot vindauget. Jenny snur seg,  og ser rett på ein av dei nissane ho akkurat såg på kortet! Nissen med den rade hua er rett utanfor vindauget deira! Han vinkar til dei, som om han vil ha dei med ut! Sivert og Jenny ser på kvarandre. «Det var det eg visste – det ville hende noko! Eg trur det var han som var utanfor vindauget i går natt også!»

«Skal vi gå ut til han syns du?» spør Sivert, «Eg trur han vil vise oss noko!»

«Klart vi går!» seier Jenny, og er allereie på veg ned stigen frå hemsen. Sivert er ikkje sein om å klatre etter. Men i farta gløymer dei å ta med seg lommelykta, og nede på stua er det heilt mørkt. Jenny, som listar seg så stilt ho kan mot døra, ser ikkje sinkbøtta som står rett ved døra, den bøtta som alltid står der, og som dei brukar til å hente inn snø dei skal smelte til vatn. Jenny går rett på bøtta, bøtta velter, og Jenny ramlar på golvet. Sivert snublar i Jenny –  no ligg dei og baksar på golvet, begge to, med armar og føt til alle kantar, mens sinkbøtta rullar rundt mot stolar og bord. Det blir eit forferdeleg spetakkel! Straks går dørene til soveromma opp, og der spring fire forskrekka foreldre ut på stua. Dei har ikkje gøymt lommelyktene, og lyser rett på Sivert og Jenny som ligg og kavar på golvet.

«I all verda», seier mor til Jenny, «går de i søvne?»

«De har no vel ikkje tenkt å gå ut på fjellet midt på natta?» utbryt far til Jenny. Han har sjølvsagt sett at både Sivert og Jenny allereie har fått på seg huer og skjerf.

«Det er nok berre å komme seg i seng igjen», seier Siverts far, mora nikkar og er heilt einig. «Vi skal ikkje ha barn ute på nattevandring!» seier ho bestemt.

Sivert og Jenny ser på kvarandre og skjønar at her er det ingen veg utanom å gjere som dei får beskjed om. Dei vaksne er ganske strenge i stemmene. Slukøra tuslar dei opp stigen til hemsen igjen. Dei legg seg under dynene, og ligg lenge heilt stille. Men å sove er ikkje råd. Når dei har vore stille så lenge dei klarer, og er sikre på at dei vaksne har sovna, tittar dei forsiktig fram frå dynene, og ser ut av vindauget. No er det ingen nisse å sjå, sjølvsagt.

«Så dumt!» seier Sivert. «Kanskje nissen ville vise oss noko viktig!» «Så ergeleg at eg snubla i den dumme bøtta!» seier Jenny, mens ho klistrar nasen til vindauget for liksom å sjå betre ut i den mørke vinternatta.

Det var visst lurt å stire litt ekstra godt ut av vindauget, for no smiler Jenny lurt: «Vi skal nok få sjå kva nissen ville», seier ho, mens ho løfter forsiktig opp haspene på vindauget, og opnar det. Sivert ser ut, og no må han også smile. Festa til karmen heng ein taustige som går heilt ned til bakken! Dei er snare å få på seg skjerf og huer igjen, denne gongen gløymer dei ikkje lommelykt. Sivert kliv ut av vindauget og klatrar forsiktig ned taustigen. Jenny kjem rett bak.

I snøen ser dei slike spor dei hadde sett før. Fullt av fuglespor, strekar, og små fotspor som dei no er sikre på må vere nissens fotspor.

«Kva no?» seier Jenny. «Neimen om eg veit», svarar Sivert. «Kanskje dei gamle korta kan gje oss eit tips?» «Ja, det var ingen dum idé», seier Jenny. Korta har faktisk vist oss akkurat det som hender – sjølv om eg ikkje anar korleis det kan gå til!» Jenny held taustigen i ro, mens Sivert klatrar fort opp og inn gjennom vindauget. Snart er han ute igjen, og har kortbunken med seg. No lyser dei mot det kortet som ligg øvst i bunken – det er ikkje nissekortet lenger, men eit anna! Akkurat då høyrer dei en lyd rett over seg. Dei vender blikka oppover mot himmelen. «Desse korta, dei må vere magiske!» kviskrar Sivert, mens Jenny nesten gløymer å puste. Med store auge stirer dei opp mot det som nærmar seg.

 

 

 

Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 3

Dei listar seg så stilt dei kan, dei vil ikkje vekke dei vaksne. Då blir det berre spørsmål om kva dei skal ute å gjere, midt på natta. Sivert hugsa på å ta med lommelykta. Dei går forsiktig rundt hjørnet på hytta og ser seg rundt til alle kantar. Alt er stille rundt dei. Månen skin bleikt på himmelen, nordlyset dei såg tidlegare på kvelden er borte. Ei sky nærmar seg månen, som har ein kvit ring rundt seg. Bitte små snøfnugg dalar sakte ned på hovuda til Sivert og Jenny. Dei rundar forsiktig hjørnet på hytteveggen. Sivert lyser i snøen ved veggen der vindauget på hemsen er. Først ser dei ingen ting, men så kviskrar Jenny: «Sjå, rett der borte – der ligg det noko i snøen!»

Dei bøyer seg ned, og der, i lyset frå lommelykta ligg det ein liten fugl!

«Er han død?» spør Jenny. «Nei, men det kan det hende han blir om han ikkje får hjelp!» seier Sivert. Dei høyrer ein lyd, og kikar begge mot den gamle, krokute furua som står rett ved. I lyset frå lommelykta ser dei ein heil flokk med fuglar. Nokre er akkurat som fuglen på bakken, nokre har raudt bryst , andre gult, andre igjen er grå. Dei sit heilt roleg i treet.

«Så rart at dei ikkje er redde for oss», seier Jenny.«Var det kanskje desse fuglane du såg i vindauget?» spør Sivert. Men Jenny er heilt sikker på at det ikkje var fuglar ho hadde sett.

«Vi må hjelpe denne stakkars fuglen», seier Jenny. Borte ved bålplassen, som er heilt nedbrent, er det framleis litt varme igjen i steinane rundt bålet. Dei tar med eit par steinar bort til den gamle furua, passar godt på at det ikkje er glør med. I vedskjulet hentar dei vedkubbar som dei stablar opp til et lite hus. Inni huset legg dei steinane, og dekkjer dei med granbar. Sivert legg vottane sine oppå. Jenny løftar forsiktig den urørlege fuglen opp i hendene sine. Ho kan kjenne det vesle fuglehjartet banke. Så varleg ho kan legg ho fuglen inn i det vesle huset. Der får han litt varme og ly for snøen som  dalar ned rundt dei.

No listar dei seg inn i hytta igjen. I kjøkkenskapet finn dei knekkebrød. Etter litt romstering smiler Sivert nøgd, han har funne ein heil pose med solsikkefrø. Vel ute igjen børstar dei bort snøen som ligg inntil stammen på fura, og strør solsikkefrøa og  knekkebrødsmulane på bakken rundt trestammen.

«Eg trur vi må gå inn igjen, elles tør ikkje fuglane ta maten», seier Svert. Jenny er einig. Før dei går inn lyser dei på bakken der no eit nytt snøteppe er i ferd med å leggje seg over det gamle. Men endå kan dei sjå dei rare spora dei hadde sett før. No skjønar dei kva det er: det er tett i tett av fuglefotspor! Men innmellom ser det også ut som vanlege fotspor, nesten som små menneskespor. Dei kan også sjå lange strekar i snøen. «Kva er dette?» spør Sivert, «har det stått noko her i snøen? Noko som har laga desse lange strekane?»

«Kan det vere ein spark, eller kjelke, kanskje?» undrar Jenny.

Dei listar seg inn igjen. Sivert, som la vottene sine i det vesle vedkubbehuset frys på fingrane.

Oppe på hemsen igjen blir dei liggjande lenge og sjå ut av vindauget. Men ute ved furua er det mørkt og stille.

Sivert hentar dei gamle postkorta. Øvst i bunken ligg no eit kort med bilde av to fuglar.

«Det er ein slik fugl som låg i snøen», kviskrar Jenny. «Men kvifor ligg dette kortet øvst no  – er det nokon som vil fortelje oss noko?»

Om morgonen vaknar de to søskenbarna på hemsen samtidig. Utanfor hytteveggen er det eit lurveleven utan like! Dei kikar ut av vindauget, og ser fullt av fuglar i alle fargar som flaksar rundt, nappar i seg solsikkefrø og knekkebrødsmular – og innimellom munnfullane kvitrar, fløytar og syng dei av full hals!

I dag skal det hoggast ved, Sivert og Jennys jobb er å stable veden i vedskjulet. Dei vaksne må mange gonger stoppe opp i arbeidet og undre seg over den store fugleflokken som held til i den gamle furua, men dei to barna seier ingen ting. Innimellom er dei begge inne på kjøkkenet for å hente meir knekkebrød. Dei kikar inn  i det vesle vedkubbehuset under treet, men fuglen dei la inn der om natta er borte.

«Då har han klart seg», smiler Jenny. På greinene i den gamle furua kvitrar dei, fuglane, nøgde og mette.

Denne kvelden sit dei også rundt bålet. Far til Sivert fortel, og etterkvart er det som om mor til Jenny også hugsar dei gamle historiene dei høyrde som barn. Dei to er søsken, og var ofte på denne hytta då dei også var barn. Dei fortel om oldefaren sin, Jakob. Det var Jakob som i si tid bygde hytta. Gjennom åra har ho blitt bygd på med fleire rom, men den gamle delen, med stua, kjøkkenkroken og hemsen er akkurat som før. Sivert og Jenny visste ikkje at foreldra deira kunne så mange historier, historier dei aldri har høyrt før, om blåfolket, om nissane og trolla. Det er som om bålet og vinterkvelden og den gode stemninga får dei til å hugse. Barna har aldri møtt Jakob, tippoldefar sin. Det er mange år sidan han levde.

Oppe på hemsen finn Jenny og Sivert fram dei gamle postkorta igjen.

«Kanskje det er tippoldefar Jakob sine kort?» undrar Sivert. Også denne natta vil dei sove på skift. Dei er sikre på at noko vil hende denne natta også. Det skal vise seg at dei har rett.

 

 

Publisert på

Julekalender: 3.desember

Dagens bok er ei lita perle: «Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg» av Kjersti Annesdatter Skomsvold. Boka kom i 2009, og er forfattarens debutbok. Her er litt frå forlagets omtale (Oktober):

«Jeg ser ut av vinduet og inn i leiligheten i blokka overfor. Det er rart å tenke på hvor mange mennesker som bor der og lever sine liv og ingen ser inn til meg og Epsilon, og hva skal man da med gjenboere.» 

Mathea Martinsen har ikke hatt mye med andre mennesker å gjøre. Men noe har hun skjønt: De er ikke som henne. Nå, som gammel, rammes hun av en stor sorg, og hun blir redd for å dø før noen vet at hun har levd. Mathea finner fram brudekjolen igjen, baker pikekyss og går ut blant de andre.

Kjersti Annesdatter Skomsvolds debutroman er preget av humoristisk alvor og en usedvanlig språklig oppfinnsomhet.

Skomsvold mottok Tarjei Vesaas Debutantpris 2009 for romanen, som også ble nominert til Bokhandlerprisen og P2-lytternes romanpris samme år, samt kortlistet til International IMPAC Dublin Literary Award 2013.

Dette er ein «feelgood-roman» som rører ved alle kjensler. Boka er trist, rørande, underfundig, sorgmunter, humoristisk, tragisk, finurleg, hjartevarmande…

Om einsemd, tida og livet som gjekk – utan at noko hende.

 

Konkurranse!

3.desember:

Kva heiter Norges mestselgande forfattar?

 

 

Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 2

Jenny og Sivert hentar ved til bålet frå vedskjulet. Det har vore ein kjempefin dag, med ein lang skitur oppetter ei snødekt fjellside. Her hadde dei laga både skihopp, kular og staup og hadde styra på i fleire timar.

Det sprakar og gneistrar frå bålet. Jenny og Sivert sit godt innpakka i varme klede og pledd. Det er fint å sitte her ved bålet. Rundt dei mørknar det.

«Dette er blåtimen», fortel far til Sivert. I gamle dagar trudde dei at på akkurat denne tida kom dei fram, dei som høyrde til det «blå folket» – dei underjordiske. Han peikar mot eit dalsøkk mellom to fjell. «I den dalen er det ein haug, og der meinte dei at det heilt sikkert budde underjordiske. Ein måtte passe seg vel, så ein ikkje blei lokka inn i fjellet», fortel han vidare. «Det hende dei som gjekk forbi høyrde felespel inne frå haugen, haugfolket var gode spelemenn.»

Dei vaksne ler. «I gamle dagar trudde dei på så mangt, både på underjordiske, nissar og troll» seier far til Jenny.

Jenny ser fort bort på Sivert, ho ser at han også syns dette er spennande.  Begge tenker på at dei syntes dei såg nokon utanfor vindauget i går kveld, men dei seier ingen ting til de vaksne om det. Dei vil nok berre seie at dei såg syner. Dei seier heller ingen ting om dei underlege spora dei fann i snøen utanfor vindauget då de sto opp og gjekk ut om morgonen.

«Sjå!» kviskrar mor til Jenny, og alle vender blikket dit ho peikar, opp mot himmelen. Nordlyset flakkar over heile himmelen i nord, det forandrar seg heile tida. Jenny og Sivert har aldri sett nordlys før – det er så fint at dei nesten gløymer å puste.

«Ei legende fortel at nordlyset blir til av at dei arktiske ildrevane spring så fort over snødekte fjelltoppar at snøflak lausnar og blir fanga opp av månelyset», fortel mor til Sivert. Jenny og Sivert ser opp mot Kvitnykja – er det kanskje den fjelltoppen ildrevane spring over?

Dei sit lenge ved bålet denne kvelden og ser på nordlyset. Når dei endeleg går opp på hemsen, har Sivert og Jenny ein plan: dei skal bytte på å vere vakne, for dei er sikker på at dei ikkje såg syner natta før, det hadde verkeleg vore nokon utanfor vindauget.

Sivert skal sove først. Jenny er lys vaken, så det skal ikkje bli vanskeleg å halde vakt, tenker ho. Sivert sovnar fort, og Jenny ser på de gamle postkorta. Øvst i bunken ligg kortet med bildet av nordlyset. Bildet er akkurat slik himmelen hadde sett ut denne kvelden då dei sat ved bålet. Det er nesten som bildet er verkeleg, tenker Jenny.

Det er då ho ser det: det er noko som rører seg rett utanfor vindauget! Ho er heilt sikker. Ho ristar Sivert vaken, to par auge stirer ut i den mørke natta. Ingen er å sjå, men dei ser noko nede på bakken, i snøen. Noko som ikkje har vore der før.

«Kom», kviskrar Sivert, «vi må sjå kva det kan vere!»

Stilt finn de fram skjerf og huer og listar seg ned stigen frå hemsen. I hytta er det stilt og mørkt. Dei vaksne søv.

Jenny og Sivert går ut i den kalde vinternatta.

Publisert på

Julekalender: 2.desember

Frå då eg var lita, og morfaren min fortalde meg om all verdas myter, er historia om Odyssevs si lange reise heim frå krigen i Troja den historia som har gjort mest inntrykk. Homer, som ein meiner kan ha skrive denne historia, levde ca 700 år f.Kr.

Slik morfar fortalte om Odyssevs si reise, og alt som hende han, er denne historia for meg framleis ei av dei fremste av alle historier.

Til alle tider har forfattarar brukt referansar frå mytologien, desse referansane ligg der som eit felles litterært bakteppe for oss alle, kan hende fordi mytologien tar for seg den heilt grunnleggjande eksistensielle tematikken, som er felles tankegods for oss alle. Det blir sagt at all litteratur er ei reise, i så måte er den forteljinga ein klassikar.

I renessansen var det svært vanleg å hente fram tematikk og historier vi kjenner igjen frå mytologien, noko vi t.d. finn i mykje av i Shakespeare sine skodespel.

Homers «Odysséen» finn vi også igjen i t.d. «Sinbad Sjøfararen» i 1001 natt, i Dantes «Den guddommelige komedie», i James Joyse’s kjente roman «Ulysses».

I nyare tid finn vi fleire Odyssevstolkingar i romanform, t.d. «Penelope er syk» av Ole Robert Sunde og «En Odyssé» av Daniel Mendelsohn. Om vi leitar, finn vi igjen denne historia i utallige former og variasjoner, til og med i Donald-pocket! (Eg kunne heller ikkje sjølv dy meg for å bruke element frå denne historia i bildeboka eg laga saman med Tarjei Rypdal Eide: «Birgers odysse».)

Men den tolkinga som eg stadig vender tilbake til er «Strändernas svall»av den svenske forfattaren Eyvind Johnson.Eg trur ikkje denne boka er oversett til norsk, eg veit heller ikkje kor lett den er å få tak i, men igjen: prøv biblioteket!

Denne boka er eit oppkomme av forteljarglede, full av detaljar og stemningar – både melankolsk, munter og spennande. Boka rører ved det grunnleggjande i det å vere menneske – ei av dei bøkene ein gjer stadig nye oppdagingar om ein les ho fleire gonger.

 

Konkurranse!

2.desember:

Kva heiter den siste romanen til Gert Nygårdshaug?

Du kan svare under fana kontakt / følg her på heimesida til Olla Forlag – eller under forlagets Facebook – eller Instagramsider, og bli med på dagens trekning.

Bildet er frå boka «utandørs i nordvest»

Publisert på

1.desember og første kapittel i juleeventyret «Den magiske julebjella»

«Er det langt igjen?» spør Jenny. Ho har akkurat vakna. Landskapet ho ser gjennom bilvindauget er snødekte myrer, små fjellbjørker som stikk opp av snøen, og lenger borte store, kvitkledde fjelltoppar. Bilen køyrer sakte, vegen er smal og humpete.

«Berre nokre minutt!» svarar mor til Jenny frå framsetet.

Litt lenger framme på vegen ser ho dei raude baklyktene til bilen Sivert sit i. Sivert og Jenny er på veg til familiehytta på fjellet for å feire jul. Dei bur til vanleg i kvar sin by, desse to søskenbarna, og reiser i kvar sin bil saman med foreldra sine.

Dei har vore på hytta mange gonger, men har aldri feira jul der. Dei gler seg – det blir nesten som ei eventyrjul! Det kjem til å bli bål og lys i trea, gåver og god mat. Akkurat slik det skal vere i jula. Dei skal vere mykje ute – om berre vêret er bra. Det er endå  nokre dagar til jul, og det er bra, for mykje skal gjerast: vedhogst, rydding og vasking, turar – og mykje moro ute i snøen.

Sivert er spent. Han gler seg slik til jul! Tenk å feire jul på hytta! Det er ikkje mykje plass i dei ørsmå romma. Han og Jenny skal sove på hemsen, der er det berre plass til madrassene dei skal sove på. Det er ikkje innlagt straum, heller ikkje vatn. Derfor har dei med store dunkar med vatn. Om dei treng meir vatn, kan dei køyre ned i bygda og hente. Inne har dei parafinlamper, og også litt solcellestraum, nok til å få lys. Det er ute-do på hytta. Det er heilt greit når det er sommar og lyst om kvelden, men Sivert er ikkje så sikker på kor greit det er no når det er så mørkt. Uansett har dei med seg lommelykter.

Endeleg er dei framme. No blir det bæring av utstyr inn i hytta frå bilane. Alle må hjelpe til. Dei fyrer straks opp i vedomnen på det rommet som er både kjøkken og stue. Det tar ikkje lang tid før den lune varmen frå vedfyringa breier seg i den vesle hytta. På gassblusset putrar kveldsmaten.

Jenny og Sivert klatrar opp stigen til hemsen. Her er det to madrasser på golvet som dei legg sengkleda på. Gjennom den vesle vindauget kan dei sjå stjernehimmelen. Det er ikkje lys frå andre hytter rundt omkring, så det er nok berre dei som er på fjellet. Nede i stua høyrer dei at dei vaksne snakkar saman.

Det er ikkje lett å sove, det er mykje lettare å prate og le! Etter ei stund høyrer dei ei påminning nede frå stua: «No er det natt! Sov – så blir de opplagte til morgondagen!»

Men før det blir soving MÅ dei berre lage litt fleire rare skuggar med lommelykter og hender mot veggen der oppe på hemsen. Det er då dei lagar troll og spøkelse at Jenny ser sprekken i veggen.

«Sjå der!» seier ho, og kryp fram frå dyna.

«Kan det vere eit rom innanfor denne veggen?» undrar Sivert. Han finn fram kniven sin, skrapar forsiktig i sprekken, og ser at det er ei dør! Dei lirkar og skrapar, og så opnar døra seg. Dei lyser inn i eit lite skap innanfor.

«Sjå på dette!» utbryt Jenny, og drar fram det ho har funne. «Det ser ut til å vere eldgamle julehefter og julekort! Så spennande! Kven kan ha lagt dette her?»

Dei blar i korta og i juleheftene, nokre er over hundre år gamle. Eit av korta viser heile himmelen i grønt lys.

«Eg trur det må vere nordlyset», kviskrar Sivert. I det same dei snur seg for å sjå om det er nordlys ute denne kvelden, skimtar dei ei rask rørsle rett utanfor vindauget. Dei kikar ut begge to, men ingen ting er å sjå.

«Eg syntes så tydeleg eg såg nokon der ute», seier Jenny.

«Eg og», svarar Sivert. «Men korleis kunne nokon vere utanfor vindauget, det er langt ned til bakken?» Det kan ikkje Jenny svare på.

Etterkvart sovnar dei. Det dei ikkje veit er at dei snart skal vere med på eit eventyr dei knapt kunne drøymt om!

Publisert på

Julekalender: 1.desember

Velkommen til første dagen i julekalenderen! Kvar dag kjem det ein liten omtale av ei av bøkene i bokhylla mi – gode bokopplevingar eg gjerne vil dele.

Ein konkurranse høyrer med – sjå nedst i innlegget!

 

Den første boka ut i denne bok-kalenderen er ei barnebok – sjølv om både forfattaren og eg meiner at boka (og også dei andre bøkene av forfattaren) høver godt for alle aldrar.

«Jim Knapp og Lukas Lokomotivfører»er skriven av den tyske forfattaren Michael Ende(1929 – 1995).

Dette er debutboka til forfattaren (1960) – den første av ei rekke bøker som gjer Michael Ende til ein av dei største eventyrforteljarane i vår tid. Han har fått ei rekke prisar for både denne boka og dei andre bøkene sine, to av dei mest kjente er «Momo, eller kampen om tiden» og «Den uendelige historie». (Begge desse to er filmatiserte).

Frå baksideteksten til «Jim Knapp og Lukas lokomotivfører»:

«På den bitte lille øya Lummerland bor fire innbyggere og et lokomotiv. En dag kommer det en pakke til øya, og i den finner de vesle Jim Knapp. Alt hadde vært vel og bra om ikke Lummerland var et så ualminnelig lite land – og derfor blir det for trangt for fem innbyggere. Jim og Lukas bestemmer seg for å legge ut på en reise over havet – og nå skjer det spennende og merkelige ting…»

Ein sommar for mange år sidan var denne boka opplesingsserie i Barnetimen for dei minste på NRK radio. No avdøde skodespelar Lars Andreas Larssen las. Kombinasjonen av ein genial forfattar med ei altoppslukande historie, formidla av ein dyktig skodespelar, kan skildrast med eitt ord: magisk. Eg gjekk ikkje glipp av ein einaste episode den sommaren – heller ikkje dei rundt meg, som var meir i målgruppa for Barnetimen for dei minste enn eg! J

Boka ser ut til å vere utgått frå forlaget – men takk og pris: vi har biblioteket!

Michel Ende var teaterutdanna og arbeidde både som regissør, filmkritikar og tekstforfattar. Begge foreldra hans var kunstnarar, innanfor den surrealistiske sjangeren, av naziregimet stempla som «degenerert kunst». Denne oppveksten, og  opplevingar under naziregimet prega forfattaren og forfattarskapet hans. Han nytta alle høve til å kritisere alt nazismen sto for. I bøkene hans fins mange spark mot nazismens indoktrinering.

Forfattaren var sjølv ikkje komfortabel med å bli omtalt som barnebokforfattar, han meinte at han skreiv for alle. Bøkene omhandlar kompliserte og alvorlege tema, men skrive på ein forståeleg og likefram måte. Det er mange lag i bøkene hans, ein kan gjere stadig nye oppdagingar i tekstene når ein les bøkene om igjen.

For dei som vil vite meir om Michael Ende og bøkene hans fins det på www.sølvberget.no ein artikkel av Yngve Bergesen Anda (6.april 2017): «Michael Ende og Den uendelige historien. Da den humanistiske surrealismen møtte hockeysveisen».

 

Konkurranse!

 Som lova, her kjem første «boklege spørsmål» i denne daglege kalenderen fram mot jul:

 Kva heiter den norske barnebokforfattaren som fekk Brageprisen i 2017?