Publisert på

For ei helg dette har vore!

For ei helg dette har vore!

 

Gjennom bok, teater, formidling og diskusjon over to intense dagar, kjenner eg ei stor glede og takksemd over å kunne vere med på dette: fokus på forteljinga, delt frå hjarte til hjarte mellom formidlarar og deltakarar.

Tusen takk til alle de som kom og var saman med oss på desse arrangementa!

Fredag var det lansering av boka utandørs i nordvest. Det var ei god oppleving å få vise fram boka vår, dele litt frå prosessen med boka med eit interessert publikum – og ikkje minst med den gode stemninga gitarist og komponist Trond Salthammer var med på å lage med gitartonane sine.

Eg er rørt og glad over alle dei goda orda vi fekk om boka vår. Håpet er at de som les boka vil kjenne like stor glede over ho som vi som har arbeidd med boka i bortimot to år.

Tusen takk også til de som var med på formidlinga av Birgers odyssé og bokkaféen!

Marit Ellen Lund Salthammer framførte eit av Helga Misund sine dikt, tonesatt av Marit Ellen, Audbjørg Gjerde Lippert las frå boka si Kommer før lunsj, Vigdis Ødegård frå Vestnes folkebibliotek fortalte om det nye biblioteket som skal byggast. Vigdis var også med i eit diskusjonspanel saman med Elsa Rypdal og Falk Daniel Låmar Øveraas. Tema for diskusjonen var ”Treng vi framleis boka?” Spennande å høyre alle dei reflekterte tankane paneldeltakarane hadde rundt bok og formidling, og korleis dei såg på bokas framtid. Slike diskusjonar rundt tema freistar til gjentaking!

Vi merkar allereie stor etterspurnad etter boka utandørs i nordvest – og mange spør kor den er å få tak i. Den kan kjøpast på www.olla.no, i tillegg på dei fleste andre nettbokhandlarar – og på boldbooks.no.

Den kan også kjøpast på Notabene, Vestnes og på Bok & Papir i Brattvåg.

I tillegg vil Olla Forlag vere å finne på fleire messer framover:

Vatne, 3/11

Tomrefjord, 10/11

Brattvåg, 17/11

Finnøy Havstuer, 2/12

 

Bilda under er tatt av Liv Anne Øveraas, Olla Rypdal og Elsa Rypdal

 

Publisert på

Spennande samarbeid!

Det er endring i bokbransjen. Nokre få store aktørar står for den største prosenten av bøker som kjem ut på bokmarknaden kvart år. Men innimellom dette veks det fram en flora av indieforfattarar og indieforlag. Slike små aktørar er sjølvsagt ikkje like synlege i mediebildet og i butikkane som dei store aktørane. Dei økonomiske musklane til småforlaga kan ikkje måle seg med marknadsføringsapparatet dei store forlaga kan vere ein del av.

Men bøkene kan vere like gode i kvalitet, like hjarteleg fortalt til lesaren.

No har tre små aktørar slått seg saman om å presentere / formidle kvar vår bok på ein felles arena / evenement. Målet er å ha det klart i februar 2019. Når og kor det blir, kjem vi tilbake til.

Lin-Marita Sandvik, Elin Helland Johansen  og Olla Rypdal med forlaga Sandvikbok, Knasteriet og Olla har tatt utgangspunkt i det vi har felles: vi har alle gitt ut bildebok på nynorsk.

No lagar vi ein felles presentasjon / formidling av bøkene våre.

Første forfattar-/forlagstreff var i går – vi gler oss til vidare samarbeid og ønskjer også andre indieforfattarar velkomne til å bli med på laget!

 

Publisert på

Om barndom, bøker og leseglede

Lesekoden var knekt! Eg var særdeles stolt då eg same året fekk dei to aller første, heilt eigne bøkene i julegåve!

Det var nok morfaren min som hadde plukka dei ut, etter å ha snakka med dei som hadde greie på litteratur som høvde seg for barn – og leita dei fram i bokhandelen. Det var også morfar som hadde æra for at eg hadde lært å lese – vi hadde mykje tid saman, morfar og eg, og mesteparten av den tida handla om å fortelje historier – og altså å knekke lesekoden.

Som eg gledde meg til å sjølv kunne lese slike fantastiske historier som morfar kunne!

Den eine boka var Alf Prøysens Kjerringa som ble så lita som ei teskje. Med fare for å fornærme nokon på det grovaste: heile boka vart ei pest og plage. Lita skrift, merkeleg språk (i alle fall for ein liten romsdaling) – og dørgande kjedeleg.

Eg sleit meg gjennom. Endå hadde eg litt pågangsmot igjen til den neste boka: Kari, heitte ho. Forfattaren har eg visst gløymd kva heitte. Her var skrifta større – så alt starta bra. Men så blei det verre. Slik eg hugsar det, var dette eit stykke kvardagsrealisme, sikkert både oppbyggande og lærerikt – men altså: dørgande kjedeleg, den også.

Eg angra bittert heile lesekodeprosjektet. Kva var vitsen i å lære seg å lese når dette var det ein måtte slite seg igjennom? Var det slik livet som lesar skulle bli?

Morfar vart nok temmeleg skuffa over mismotet mitt, men ikkje så skuffa som eg. Heldigvis skjøna han kva det handla om. Han visste vel kva slags historier eg likte, det var han sjølv som hadde fortalt dei:  friske detaljar frå indianarlivet på prærien, opplevingar frå kvalfangarlivet, bjørnejegarane på Halåsen – og også dei store klassikarane: Odyssevs, Ibsens Terje Vigen, og all verdas mytologi. Han skulle vite betre enn å komme med kvardagsrealisme og teskjekjerringar.

Morfar tok tak i problemet. Han skaffa meg H.Rider Haggards Kong Salomon-minone!

Etterkvart som den unge lesaren vart meir og meir oppslukt, køyrde han på med meir spenningsstoff i ”lesekverna”: Coopers Veghittaren,  Kaptein Grants barn av Jules Verne – og alt han elles kunne finne av same forfattaren: Reisen til jordens indre, En verdensomseiling under havet, Den hemmelighetsfulle øya. Om det var noko eg ikkje forsto, var morfar der og forklarte.

Lesegleda var berga!

Som ein forstår er dette særdeles mange år sidan – litteraturtilfanget i dag kan ikkje samanliknast med det som fantes då. Tru heller ikkje at Kong Salomon-minone er ei bok eg vil anbefale. Ho var utgitt i 1949 og må lesast med historiske briller, utifrå den tida ho var skriven i. Menneskesynet som gjennomsyrer ho må sjåast i lys av kolonialismens ideal. Men boka gjorde susen for meg, spennande som ho var. Eg var særs nøgd med morfars innsats. Det hende det var så skummelt at eg knapt turte bla om i boka.

I ettertid har eg sjølvsagt lært å sette pris på både Prøysen og Teskjekjerringa – alt til si tid!

Oppfordringa mi er å gjere ein innsats for barns leseglede. Det kostar så lite å setje seg inn i kva som fins av litteratur – og som fengar nettopp det barnet du vil glede. Ikkje gå i den fella at du berre ”gulpar” opp med det du sjølv las som barn, eller dei same seriane som ruslar og går, generasjon etter generasjon. Sjå på alt som fins, gjer eigne vurderingar og plukk på øvste hylle! Barn fortener den innsatsen. Heldige barn som kan dukke ned  i bøkenes skattekiste!