Publisert på

Ny bok!

Denne hausten kjem Audbjørg Gjerde Lippert si bok «Kommer før lunsj» i papirutgåve på Olla Forlag.

Forfatteren skriv på baksida av boka:

«Kommer før lunsj» skrev Erlend til arbeidsgiveren sin en morgen. Det ble siste melding fra hans mobiltelefon.

Inga og Erlend er et ektepar i førtiårene. De lever intenst både når det gjelder jobb og fritid. Men en dag endres den travle hverdagen. Borte er det faste og trygge. Omgitt av indre og ytre kaos blir Inga tvunget til å finne en ny vei alene. Vi følger henne i tiden etter omveltningen og får innblikk i hvordan hun prøver å takle den nye fasen i livet sitt.

 

Publisert på

Er boka i ferd med å dø?

Avisoppslag i dag seier at salget av skjønnlitterære bøker har gått ned med 10% første halvdel av 2018.

Er det eit signal om at boklesing er på veg ut? Er vi prega  av vår flyktige tid der sosiale media og kjappe videosnuttar er det viktgaste? Treng vi ikkje bøker lenger? Orkar vi ikkje lese oss gjennom ei heil bok?

Eg trur ikkje boka er på veg ut. Men eg trur vi treng å verne om verdien i det å lese.

Møtet med bokverda er eit mentalt skattkammer! Lista på kor nyttig og viktig det er for eit barn å kunne lese er lang – både det å kunne lese generelt, og det å lese bøker spesielt.  Eit barn som blir lest høgt for som liten, vil sjølv lese bøker som vaksen. Verdien det inneber å vere i bokas imaginære verd er knapt målbar. Gode bøker har ein kunstnarisk nerve, ei estetisk kraft som rører ved kjensler og sansar. Det er nettopp opplevinga, denne fasinasjonskrafta som gir næring til barns eigne bilde, eigne fantasiar, evnen til å sjå utover sine eigne grenser – det er her skattkammeret ligg.

Ord rører ved lesaren, ord gir opplevingar – det er i den opplevinga vi kan lære om oss sjølve, lære om andre menneske, lære om korleis vi kan sette oss inn i andre menneske sine utfordringar. Den verdien er uerstatteleg.

Honnør til biblioteka som sikrar at alle har tilgang på bøker! Biblioteka arbeider systematisk og målretta for å styrke boka sin plass blant barn, unge og vaksne.

Vi treng også mangfaldet i litteraturtilfanget, utover marknadskreftene og store forlags dyrking av bestselgjande bøker.

Publisert på

Epilog til «Det gamle slottet»

 

Her er eit lite utrdrag frå epilogen til boka «Det gamle slottet». Det er Sofia og Karoline Nerås Eide  som har samarbeida om denne teksten.

Epilogen handlar om Mademoiselle Béatrice, ein av bipersonane i boka. Béatrice budde på slottet boka handlar om, då den franske revolusjonen starta.

 

«Béatrice stirer mot døra. Det er midt på natta, alt er stilt på slottet. Denne natta er det ikkje råd å sove, for Béatrice ventar på det som skal skje. Ho er redd. Redd for kva som kan hende med henne og familien hennar, redd for den lange reisa ho skal ut på, redd for framtida. Ho tenker på då ho møtte Bastien dagen før. Ho er sikker på at han vil gøyme dokumentet godt – og skatten hennar, den veit ho er trygg. Ingen vil kunne finne den på den hemmelege gøymestaden. Om alt går bra vil ho kunne hente den sjølv ein gong i framtida.

Det bankar forsiktig på døra, og Béatrice skundar seg å tørke bort tårene som renn nedover ansiktet hennar. No skal ho reise.

 Ein lyd får Béatrice til å vakne. Ho har slumra litt, byssa i søvn av ristinga frå vognhjula mot underlaget, og lyden frå hestehovane. Det er endå mørkt ute….»

 

Resten av denne teksten kjem i boka. Det er berre å gle seg på spennande lesing!

Publisert på

Sommardagar

Sommardagar,  i ei endelaus perlerekkje, fylt med sol og varme – akkurat slik eg hugsar det frå då eg var barn. Den gongen var det berre sola og den blå himmelen frå morgon til kveld. I alle fall slik det framstår i minnet.  Nordvestlending som eg er, blir eg straks bekymra: har vi snart ”brukt opp” fineveret? Skal det regne i samfulle seks månader etter dette? Kva med konsekvensar for jordbruket? Vi skulle faktisk gjerne hatt regnet.

Men feriedagane er gode: lange turar, bading, late morgontimar med kaffekopp og flytande tankerekkjer, gode besøk, prosjekt og vedlikehald i hage, hus, båt og hytte. Dei to kjekke prikkekarane mine, Frikk & Kaspar, nyt dei gode turane og nærværet til matmor si – aldri lenger enn eit steg unna.

Innimellom går tastaturet på den velbrukte maccen varmt: det er tid for skriving.

To særdeles hyggelege sommaroppdrag er gjennomført –  teaterdag med ferieklubben i Haram, og juryoppdrag på Gapskrattfestivalen i Tresfjord. Svært ulike oppdrag, med ein fellesnemnar: gode historier i godt fellesskap!

Minner om konkurransen om å vinne eit sjølvvalgt, forstørra bilde frå boka «utandørs i nordvest»! Fristen er 1.august – info finn de i tidlegare innlegg her på sida, eller på Facebooksida «utandørs i nordvest».

Komande søndag, 15.juli, er fristen for å sende inn tekstforslag for barn/ungdom til epilogen i «Det gamle slottet».

Kan hende neste innlegg her blir ein liten smakebit frå innsendte tekster?

Nyt sommardagane! 

 

Publisert på

GOD SOMMAR!

 

 

Haustens bøker er no i prosessane fram mot trykking. Innhaldet er stort sett ferdig. Dermed er eg allereie djupt inne i neste bok om Anna og Kaspar!

Mellom besøk og turar, sol og regn – det fins alltids ei tid for skriving.

 

Korleis kjem Anna borti ei eldgamal bok frå 1490-talet? Kva har Rex frå New York med dette å gjere? Og kva går føre seg i det gamle, forlatte kråkeslottet av eit hus i skogen?

www.olla.no kjem det med jamne mellomrom informasjon og små epistlar. Både om bøker som er under arbeid, arrangement og hendingar knytta til lesing, skriving og bøker – og spennande prosessar og resultat som kan oppstå i møtet mellom ulike kunst- og kulturuttrykk.

 

Under fana  «BILDER» finn de eit kommentarfelt om de skulle ønskje å kommentere noko av det som blir skrive. Om de ønskjer ein e-post med varsling når det kjem noko nytt på www.olla.no, kan de skrive inn adressa under kommentarfeltet.