Publisert på

Fire furrier fortel: «ARAKNE!» Ny produksjon!

Våren 2016 blei vi spurt om å fortelje på Bjørnsonfestivalen.Det blei oppstarten på forteljarfellesskapet ’Fire furier fortel’.

Forespørselen førte til ein times forteljarrforestilling, med innhald sett saman av eventyr og myter frå ulike verdsdelar, med kvinner som overskrift, hovedpersonar og arketyper: ’gudinner, trollkvinner, herskerinner, fristerinner’.

Vi fann samarbeidet særdeles inspirerande og er no godt i gang med neste produksjon.
Temaet for denne produksjonen er edderkoppen og edderkoppens nett som mytisk figur, magisk vesen, bestanddel i forteljingar, faktastoff, historier, eventyr, myter og legender over heile verda.
I research-prosessen har vi latt oss inspirere av mytologiske figurar som Arachne, Anansi, Tolkiens ’Hobbitten’ og visuelle kunstuttrykk, spesielt kunstnaren Gjertrud Hals sine nett-installasjonar og edderkoppar.
Vi fikk låne nokre av edderkoppane til fotografering.
Første forestilling blir i september i samband med Gjertrud Hals’ utstilling på Romsdalsmuséet.

Publisert på

Birgers odyssé – litt om ‘bakteppet’ for boka

Dette er eit prosjekt Tarjei Rypdal Eide og Olla Rypdal har samarbeida om ei tid, med idéen om at den eine kunstarten inspirerer den andre. Møtet mellom kunstartar er eit spennande ’rom’ å utforske, og kan føre til nye uttrykk.

Vi har samarbeida om ein verkstad i et par år, eit ’laug’ som er på turné for Kultursekken i fylket. Verkstaden er møtestaden mellom tekst og visuell kunst. Her utforskar elevane strukturane som ligg til grunn for å skape ei eiga, ny verd. Gjennom tekst / historieskaping og visuelle uttrykk skaper elevane ein ny møtestad for idéane dei utviklar undervegs i verkstaden.

Resultatet av verkstaden blir ei illustrert bok med historia og bilda elevane har laga.

Erfaringane frå verkstaden ‘Utanforverda’ viser korleis abstrakt, visuell kunst gir meining for elevane og kan føre fram mot til dømes tekst/ ei historie – og korleis teksten/historia inspirerer dei til eigne visuelle uttrykk.

Måten elevane skaper denne ‘nye verda’, bygg historiene og lagar bilda, er bakgrunn for ønsket om å dukke djupare i stoffet som kombinerer tekst og visuell kunst. Vi fekk napp på ein søknad til Møre og Romsdal fylkeskommune: ‘tilskot til profesjonell kunst- og kulturformidling’. Det har no resultert i bildeboka «Birgers odyssé» på Olla Forlag, og ei sceninsk formidling/utstilling til denne boka.

 

I boka møtest tekst og illustrasjonar til likeverdige uttrykk som utfyller kvarandre.

Sjølve historia handlar om Birger som får vere med foreldra sine på ein ekspedisjon til Antarktis. Birger er ein nysjerrig gut med mange interesser. Interessene hans blir også tematikk i boka:

«…..Finst det ukjende livsformer vi enno ikkje har oppdaga? Kva hender med dette livet når verdshava blir sure av forureining, når temperaturen på jorda stig og polisen smeltar?Birger leitar på internett og les: «Mysterium under isen» «Kva skjuler seg der nede under isen?» «Kor mykje har isen smelta?»

Birger veit at desse mysteria handlar mykje om mikrobar og algar, men Birger undrar også på andre mysterium: finst det sjømonster og fabeldyr i havet? I vulkanane? Tenk om det var fabeldyr som var slike ukjende livsformer langt inni isen?»

I boka undrar vi oss saman med Birger, men utan å legge fram svar og fasit på dei store spørsmåla.

Birger sin innfallsvinkel er dei gamle mytane og historiene menneska har skapt frå dei tidlegaste tider. Desse brukar han til å skape si eiga bok om si eiga reise i fantasien.

Som bakteppe ligg tippoldefar Oles dagbok frå den tida han var på kvalfangstskute i Sørishavet.

Tippoldefar Ole er forfattarens morfar og illustratørens oldefar – ein mann som hadde mykje kunnskap og mange interesser – og som visste korleis ein skulle fortelje ei historie.

 

 

 

 

 

 

Publisert på

Birgers odyssé

Birgers odyssé er no til trykking!

Lanseringa er søndag 27.mai kl 18.00 på Myra kulturbygg, Vestnes – i samarbeid med Vestnes folkebibliotek.

Boka er allereie lagt ut for salg her i nettbutikken, Den kan kjøpast no og blir sendt ut så snart bøkene kjem frå trykkeriet (i veke 21)

Bildeboka Birgers odyssé rettar seg mot barn ca 5-10 år, men kan lesast av alle.

 

Baksideteksten på boka:

 «Så høyrer han det. Den lyden han berre så vidt har ana, no høyrer han lyden tydeleg. Han kjem nærare og nærare. Det er nesten som ein slags pustelyd. Han kjenner kalde ilingar nedetter ryggrada. Birger fomlar etter lykta, skrur ho på og lyser rett mot noko som rører seg mellom stalaktittane!»

I Birgers odyssé møter vi Birger, ein gut med mange interesser. Han samlar på mykje: steinar, fossil, gamle bein – og historier.

Han undrar seg over kva som finst i havet, i lufta, på jorda, inni jorda, i isen, under isen….

Han undrar seg også over historiene som folk før oss fortalde for å forklare korleis alt hang saman. Spennande historier om fabeldyr og sjømonster. «Fins dei?» undrar Birger.

I denne boka er Birger på ei lang reise. Før han og foreldra reiser, finn han tippoldefar Ole si dagbok. Tippoldefaren var med på kvalfangst i Sørishavet.

Samtidig med at Birger opplever forskinga og vitskapen om jorda vår og isen i Antarktis på nært hald, og les om tippoldefar Oles opplevingar på kvalfangst, lagar han si eiga bok om sin eigen spennande odyssé i fantasien.

 

Publisert på

Framsida på bildeboka «Birgers odyssé» er klar. Boka kjem i mai!

«Så høyrer han det. Den lyden han berre så vidt har ana, no høyrer han lyden tydeleg. Han kjem nærare og nærare. Det er nesten som ein slags pustelyd. Han kjenner kalde ilingar nedetter ryggrada. Birger fomlar etter lykta, skrur ho på og lyser rett mot noko som rører seg mellom stalaktittane!»

I Birgers odyssé møter vi Birger, ein gut med mange interesser, som samlar på mykje: steinar, fossil, gamle bein – og historier.

Han undrar seg over kva som finst i havet, i lufta, på jorda, inni jorda, i isen, under isen….

Han undrar seg også over dei spennande historiene som folk før oss fortalde for å forklare korleis alt hang saman. Spennande historier om fabeldyr og sjømonster. «Fins dei?» undrar Birger.

I denne boka er Birger på ei lang reise. Før han og foreldra reiser, finn han tippoldefar Ole si dagbok. Tippoldefaren var med på kvalfangst i Sørishavet.

Samtidig med at Birger opplever forskinga og vitskapen om jorda vår og isen i Antarktis på nært hald, og les om tippoldefar Oles opplevingar på kvalfangst, lagar han si eiga bok om sin eigen spennande odyssé i fantasien.

 

 

Publisert på

Invitasjon til skriving!

I neste bok om Anna og Kaspar møter vi dei i ei borg ved Middelhavet.

I det gamle slottet på toppen av borga hender det mystiske ting. Anna og Kaspar er plutseleg midt oppi både eit nytt og eit gammalt mysterium….

 

I samband med lanseringa inviterer eg dei som er i målgruppa (ca 10-13 år, mellomtrinnet på skolen) til å skrive eit lite tilleggskapittel i boka (ca 1-2 A4-sider) – ein epilog om ein av bipersonane vi møter i boka. Alle som sender inn ein tekst får tilbakemelding frå meg. Enkelte innsendte tekster kan bli plukka ut og få tilbod om å bli lagt ut på heimesida mi www.olla.no – og eitt av dei innsendte bidraga kjem på trykk i boka «Det gamle slottet».

31. mai held eg i samarbeid med biblioteket eit skrivekurs for denne aldersgruppa på Vestnes Fokebibliotek. Her kan ein få tips til korleis ein skildrar hendingar, hovudpersonar, sjølve plottet og oppbygginga av ei historie.

Uansett om ein er med på kurs eller ikkje er alle i aldersgruppa velkomne til å sende meg tekster til boka «Det gamle slottet». Den som vil prøve seg som forfattar får tilsendt dei tre første kapitla i «Det gamle slottet» – og nokre tips om kva og korleis ein kan skrive.

Denne invitasjonen går via foreldre eller andre vaksne som kanskje kjenner nokon dette kan passe for. Send meg i så fall ein e-post, sms eller messengermelding – så skal eg sende dei første kapitla av boka til den som vil prøve seg!

 

Publisert på

Birgers odyssé

Ny visuell smakebit av illustratør Tarjei Rypdal Eide til bildeboka «Birgers odyssé».

Birger finn noko som er frose fast i isen. Han greier å grave gjenstanden fram. Det er ein kniv – knivskaftet er skore ut av kvaltann.  Kniven har tydelegvis har vore lenge, lenge i isen….