Publisert på

«Utandørs i nordvest»

«Utandørs i nordvest» er i mål! Tolv månader, tolv turar med fine opplevingar, hyggelege møter, god mat. Konklusjonen er som vi trudde: Møre og Romsdal er eit fylke å vere ute i – uansett årstid, ver og føre!
Siste destinasjon var vakre Smøla i skiftande marsver: frå sol, via blygrå himmel og lysskimrande tåkeyr – til sidelengs sludd og frisk kuling. «Hot» fiskesuppe med chili gjorde susen for kalde skrottar!
Musikar og komponist Asgeir Gjøstøl var gjesten vår.
No gler vi oss til redigering og skrivearbeid, før vi endeleg kan vise fram ferdig bok i oktober. Som vi gler oss!
Her er nokre visuelle smakebitar frå dagen!

Publisert på

Birgers odyssé

På reisa si har Birger med seg tippoldefar Oles dagbok som han skreiv då han var på kvalfangst i Sørishavet. Tippoldefar Ole laga fine knivskaft og smykke av kvaltenner. I kista på loftet, der Birger fann dagboka, finn han både kvaltenner og ein spesiell stein. Desse skattane tar han med seg på reisa.

Birgers odyssé kjem i slutten av mai – forarbeidet og inspirasjonen til boka er i seg sjølv ei spennande reise. Her er ein liten research-«smakebit» !

Publisert på

«Birgers odyssé»

«Birgers odyssé»

Birger er glad i bøker. Han likar å «vere i» bøker som er fulle av spennande historier. Om reiser til framande, ukjende stader, om møte med fantastiske, underlege fabeldyr, om spennande utfordringar som må løysast…..
Det er som om sjølve boka blir magisk og lever sitt eige liv – og Birger er med på reisa!

Bildebok av Olla Rypdal og Tarjei Rypdal Eide
Lansering i mai 2018 på Olla Forlag
Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt tilskot til produksjon av bok og scenisk formidling.
Prosessbilde: Tarjei Rypdal Eide

Publisert på

Birgers odyssé

Birger er ein nysgjerrig kar med mange interesser. Han lurer på kva slags dyr som fantes på jorda før, kvifor fins dei ikkje lenger? Han undrar seg over kva som kan vere under den tjukke isen i Antarktis. Han undrar seg over dei eldgamle historiene om fabeldyra. Har dei aldri eksistert? Han samlar på steinar, spennande ting han grev fram frå jorda, avisutklipp om forskning i polområda, gamle,spennande bøker…. Og han samlar på fossilar.
Snart skal Birger ut på litt av ei reise….

Olla Rypdal og Tarjei Rypdal Eide:
«Birgers odyssé» bildebok (ca 5-10 år)
Lansering i mai 2018!

Publisert på

Verkstader på turné i Kultursekken skoleåret 2018/19

Allereie no kan skolane bestille verkstader til neste år gjennom Kultursekken i Møre og Romsdal.
Olla forlag/Olla teaterverkstad har desse tre på lista:
«Utanforverda» saman med Tarjei Rypdal Eide, «Forteljingar på F» og «Tor med hammaren». Sistenemde er ein forteljar- og teaterverkstad med høg energifaktor.
Dei to andre handlar om å skape historier.
I «Utanforverda» vil tekst/historieoppbygginga bli inspirert av det viselle kunstuttrykket – og motsatt.
Eg gler meg allereie til mange insprerande møte med barn og unge på skolane!